Viser arkivet for stikkord varmeproduksjon

Slå ring om avfallet

Avfall, søppel eller boss som vi kallar det på Vestlandet er, til tross for sitt noko frynsete rykte, ein stor ressurs. Likevel sender vi stadig meir av det over svenskegrensa. Ikkje fordi vi har lurt svenskane til å ta over det vi kastar her i landet, men fordi svenskane har vore hakket lurare enn oss, og gjer no gode pengar på vårt avfall. Varme og straum i svenska heimar kjem no direkte frå våre bananskal, tome chipsposar og gamle møblar.

Den raudgrøne regjeringa varslar no ein gjennomgang av rammevilkåra for norsk avfallsnæring, både når det gjeld miljø og samfunnsøkonomi. Gjennomgangen bør også vurdere avgiftsnivået opp mot nivået hos ”broderfolket”. Det er bra og på tide. Vi bør ha som mål å gjere eksporten av avfallet minst mogeleg. Dei siste åra har regjeringa satsa store pengar på oppbygging av fjernvarmeanlegg som skal gjere avfallsforbrenning til varme i dei tusen heimar. Det er på tide å stoppe trailerkolonnane til Sverige, og ta ansvar for vårt eige avfall.

Gjennom forbrenningsanlegg kan vi nytte avfallet til varmeproduksjon, ja til og med straumproduksjon i dei største anlegga. Men det bør vi berre gjere dersom det ikkje er betre måtar å utnytte dei ulike avfallsrestane på . Glas, metall, plast og papir bør i dei aller fleste tilfeller gjenvinnast slik at vi reduserer ressursbruken til ny produksjon.

Dermed er det ingen gode grunnar til å slutte å sortere avfallet i heimen. Vi bør sortere som aldri før – og vi må heller ikkje gløyme at det aller beste miljøtiltaket er å forbruke mindre!