Viser arkivet for stikkord utsleppskutt

Smartare vekst er grønare vekst

I går vart NHOs årskonferanse gjennomført – med tittelen ”Smartere vekst”. Utfordringane står i kø: vi treng ei kur mot alt frå finanskrise, til aukande sjukefråvær og klimakrise.

Eg tvilar ikkje på NHOs ynskje om å få økonomien tilbake på føtene. Eg trur derimot ikkje dei skal få ansvaret for å få ned jorda sin feber.

Under klimatoppmøtet la NHO fram klimameldinga si. Som febernedsettande middel fungerer ho dårleg. Skal vi følgje resepten deira, dempar vi ambisjonane som Stortinget trass alt har vedteke. Rapporten var lite ambisiøs. Likevel skal NHO ha ros for initiativet. Få andre tilsvarande organisasjonar internasjonalt har gjort tilsvarande.

Eg skulle ynskje at NHO skreiv ut langt bitrare medisin. Deira rolle burde vere å stille tøffe krav til oss politikare. Dei burde vere pådrivare for større utsleppskutt, betre rammevilkår, og høgare energieffektiviseringskrav.

Sterkare medisin smakar nok ikkje like godt – men det virker. Næringslivet har eit stort ansvar i klimadugnaden. Smart vekst er å sjå ”sjukdomane” i samanheng.

Eg er overtydd om at smart vekst er grøn vekst. Noreg har unike naturressursar, god kompetanse på grøn energi, og eit unikt potensiale for grøne arbeidsplassar. Vi treng NHO på laget for å få opp nye forretningsidear, industrielle nyvinningar, fleire grøne arbeidsplassar – og dermed også høgare forteneste for næringslivet.