Viser arkivet for stikkord rovdyr

Retten til naudverge blir styrka

I Senterpartiet meiner vi at rovdyrpolitikken ikkje skal hindre bulyst og aktivitet i heile landet, eller forringe livskvaliteten til innbyggjarane. Bruk av utmarka er ei miljøvennleg form for verdiskaping, som òg er viktig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet. Noreg treng aktive utmarksnæringar, både for å ha eit landbruk i heile landet, for å ta vare på kulturlandskapet og for å utvikle reiselivet som ei viktig næring i distrikts-Noreg.

For mange i landet vårt er rovdyrpolitikken blodig alvor. Folk opplever å finne husdyr sundrivne eller med så store skadar at dei må avlivast. Særleg etter bjørneangrep finn ein ofte sau der juret og andre kjøtfulle delar av kroppen er rivne av, samtidig som skadane ikkje er så store at dyret døyr av det. Ein treng ikkje vere veterinær for å forstå kva lidingar dyret er påført etter eit slikt angrep. Ein treng heller ikkje å vere psykolog for å forstå at dette gjer eit sterkt inntrykk på dei som eig dyra, og som sjølvsagt er glade i dyra sine. Vidare er det lett å forstå at foreldre blir utrygge når dei må sleppe barn ut på ein skuleveg der det i periodar dagleg blir observert bjørn.

Eg har stor respekt for folks ynske om å beskytte både seg sjølve og husdyra sine. Ein effektiv naudverjerett er heilt avgjerande for at rovdyrforvaltinga skal ha legitimitet blant lokalbefolkninga i område der det er både folk, beitedyr og rovvilt. Derfor har Senterpartiet vore pådrivar for at naudverjelovgjevinga skal liberaliserast i forhold til det som er dagens lovverk. Det oppnådde vi då Stortinget førre veke vedtok ein utvida naudvergerett.

Ta vare på kulturlandskapet!

Nær ein tredjedel av alle raudlisteartane har heimen sin i kulturlandskapet vårt. Kulturlandskapet er forma gjennom at mange generasjonar, og det ligg mykje svette og hardt arbeid bak delar av den fantastiske variasjonen vi har i landskapstypar i landet vårt. Kulturlandskapet har ikkje vorte til gjennom passivt vern, men gjennom bærekraftig bruk. Og dette arbeidet har altså ikkje berre sikra mat og overleving – men har lagt til rette for eit fantastisk mangfald av artar i norsk flora og fauna.

No er landskapet trua og dermed dei som lever av og i det. Talet på mål jord og beite som gror att kvart år er skræmande høgt i delar av landet vårt. Kvifor er det ikkje fleire som ropar varsku? Artane som lever i kulturlandskapet er ikkje store lubne rovpelsdyr eller sympatiske kvalar som er lett å gå i demonstrasjonstog for. Dei er små og stilleteiande artar som ikkje gjer så mykje ut av seg, men er dei mindre verdt av den grunn?

No må denne artsdiskrimineringa stoppe opp. Eg heiser herved fana for alle dei små og stille artane i kulturlandskapet landet over som er lei av at alle berre er opptatt av store og lodne rovdyr. Alle som er opptekne av det biologiske mangfaldet bør også gå på barrikadane for kulturlandskapet. Kulturlandskap handlar ikkje berre om matproduksjon, open og reiselivsvenleg natur og butrivsel – sjølv om alt dette er viktig. Kulturlandskapet handlar i høgste grad om biologisk mangfald og framtida for dei som har heimane sine rundt tuene i beitet, nede ved grastustane på enga og i den opne skråninga ned mot elva.