Viser arkivet for stikkord miljøvern

Naivt frå Oddekalv

I VG 18. juli har Miljøvernforbundets leiar, Kurt Oddekalv, eit temmelig tendensiøst innlegg om kor meiningslaust og miljøskadeleg det er å produsere meir fornybar energi. Han hevdar at det er naivt å tru at fornybar elektrisitetsproduksjon kan erstatte olje, som til dømes brukas i 95 prosent av dagens transport.

Eg er djupt usamd med Oddekalv. Meiner han verkeleg at vi ikkje skal produsere fornybar kraft som kan erstatte den fossile energien som i dag brukas til dømes i transportsektoren? Meiner han at det er ok at vi skal basere oss på like stor grad av fossil energi også i framtida? Kor er viljen hans til å gjere noko for å vri forbruket frå fossil til fornybar energibruk?

Ingen er usamd i at ein bør energieffektivisere samfunnet, men det er naivt å tru at vi løyser den globale klimakrisa med straumsparing åleine. I Senterpartiet meiner vi tvert om at dei fornybare ressursane er ein nøkkel for å møte både klimautfordringane og det auka energibehovet.

Oddekalvs innlegg vitnar om spriket som er i den såkalla ”miljørørsla” i Noreg. Rørsla er splitta mellom dei som er mest opptekne av vern, og dei som er opptekne av å bruke naturen for å stogge det største trugsmålet som finst mot naturen – klimaendringane.

Verda treng energi. I Noreg kan vi produsere begge delar på miljøvennleg og berekraftig vis. Vi er rike på både naturressursar og kompetanse. Senterpartiet vil ha meir fornybar energi, som kan erstatte den fossile energien. Naturen og miljøet har ikkje råd til at vi lar vere.