Viser arkivet for stikkord mangfald

Ta vare på kulturlandskapet!

Nær ein tredjedel av alle raudlisteartane har heimen sin i kulturlandskapet vårt. Kulturlandskapet er forma gjennom at mange generasjonar, og det ligg mykje svette og hardt arbeid bak delar av den fantastiske variasjonen vi har i landskapstypar i landet vårt. Kulturlandskapet har ikkje vorte til gjennom passivt vern, men gjennom bærekraftig bruk. Og dette arbeidet har altså ikkje berre sikra mat og overleving – men har lagt til rette for eit fantastisk mangfald av artar i norsk flora og fauna.

No er landskapet trua og dermed dei som lever av og i det. Talet på mål jord og beite som gror att kvart år er skræmande høgt i delar av landet vårt. Kvifor er det ikkje fleire som ropar varsku? Artane som lever i kulturlandskapet er ikkje store lubne rovpelsdyr eller sympatiske kvalar som er lett å gå i demonstrasjonstog for. Dei er små og stilleteiande artar som ikkje gjer så mykje ut av seg, men er dei mindre verdt av den grunn?

No må denne artsdiskrimineringa stoppe opp. Eg heiser herved fana for alle dei små og stille artane i kulturlandskapet landet over som er lei av at alle berre er opptatt av store og lodne rovdyr. Alle som er opptekne av det biologiske mangfaldet bør også gå på barrikadane for kulturlandskapet. Kulturlandskap handlar ikkje berre om matproduksjon, open og reiselivsvenleg natur og butrivsel – sjølv om alt dette er viktig. Kulturlandskapet handlar i høgste grad om biologisk mangfald og framtida for dei som har heimane sine rundt tuene i beitet, nede ved grastustane på enga og i den opne skråninga ned mot elva.