Viser arkivet for stikkord lutelandet

Sterke senter med levande omland!

Venstrepolitikar Alfred Bjørlo går i eit lesarbrev i Firda til angrep på Liv Signe og Senterpartiet som han meiner ikkje tek debatten om folketalsutvikling på alvor. Det ville i så fall vore oppsiktsvekkande.

Senterpartiet har alltid vore opptatt av korleis folketalet utviklar seg og kjempa mot sentralisering av makt, kapital og buseting som i stadig større grad samlar seg i Oslogryta. Senterpartiet sin kritikk av Georg Arnestad er ikkje at den gamle arbeiderpartimannen før kvart val står fram og gjev Senterpartiet skulda for alt som er vondt og vanskeleg – men at han tek av seg arbeiderpartihatten/skribenthatten og uttalar seg som forskingsleiar når han gjer det.

For Arnestad har ikkje noko grunnlag for å hevde at det er dei senterpartistyrte kommunane i Sogn og Fjordane som har folketalsnedgong – tala viser nesten motsett tendens. Den delen av landet der folketalsnedgongen har vore sterkast er i Finnmark. Der er det Arnestad sitt eige parti, Arbeiderpartiet, som har site med makta – Senterpartiet har i liten grad hatt makt der.

I Sogn og Fjordane treng vi sterke senter og livskraftige omland. Skal vi få det må vi sikre sentra eigen vekstkraft. Førde bygger seg no ein posisjon som sterkt senter nettopp fordi det har eit levande omland – Folketalet aukar no i Førde, men også i Jølster, Naustdal og Gaular.

Kanskje er litt av grunnen at vi ikkje har flytta alle funksjonar i lokalsamfunna som skule, helsesenter og eldreinstitusjonar frå Skei, Naustdal, Vassenden og Sande inn til Førde. Det finnast framleis levande lokalsamfunn og bygder rundt Førde, der innbyggarane brukar Førde by som regionsenter.

Senterpartiet har vore med på å styrke Førde gjennom grep som er med å stimulere til vekst. Vi har satsa på kompetanse og statlege arbeidsplassar gjennom å opprette Lotteri- og Stiftelsetilsynet, som no får enno fleire oppgåver, vi har lagt delar av NVE sitt ansvar på skred til Førde og styrka oppgåvene til NVE sitt regionkontor her. Vi har jobba med gode samferdsleløysingar, som er viktig for ein stad i vekst, gjennom satsing på E 39 og gangvegen på Sunde. Og vi har bidrege til satsinga på kultur gjennom å vere med å sikre bygginga av nytt kunstmuseum i Førde sentrum. I tillegg har styrkinga av kommuneøkonomien vore med å mellom anna å styrke næringsarbeidet i kommunane. På same måte har vi styrka andre senter i fylket.

I Finnmark har sentra i langt større grad vakse på bekostning av omlandet sitt. Det kan fungere godt så lenge det er noko å vekse på – no opplever dei aller fleste ”sentra” i Finnmark stagnasjon og attendegong. Her i Sogn og Fjordane har vi framleis høve å bygge opp sterke senter saman med livskraftig omland. Då trur vi i Senterpartiet at oppskrifta er å stimulere til næringsutvikling og gründerverksemd, ha gode og sterke velferdstenester innan skule og omsorg, satse på kultur og frivillig arbeid, bygge på kompetanse og finne gode samferdsleløysingar.

Alfred Bjørlo og Arnestad er med å teikne eit altfor dystert bilde. Me må no fokusere på at det skjer fantastisk mykje spennande rundt om i fylket vårt – folketalsnedgangen har snudd til folketalsvekst, det er nye arbeidsplassar på gang i samband med petroleumsnæring i Florø og på Lutelandet. Satsinga på fornybar energi og aktivitet knytt til det er spennande – her skjer det ting i Måløy, på Eid, i Førde, Høyanger, Årdal og andre stader. Viss vi skal gå oss fast i svartsynet og ikkje sjå dei mange positive ting som skjer rundt oss – ja då blir det vanskeleg å få til positiv utvikling i fylket vårt. Vi må bli enno flinkare å fokusere på moglegheitene!

Nye arbeidsplassar til Lutelandet!

Fredag vart Lutelandet Offshore sine planar presentert. Dei er godt nytt, både for arbeidsplassar på kort sikt, og for næringsutvikling i framtida. Satsinga på Lutelandet kjem samstundes med fleire positive oppslag om satsingar i fylket vårt som gjev nye arbeidsplassar og auka kunnskapsmiljø.

I Flora har offshoreaktiviteten auka og i Måløy skjer det spennande ting innan fornybar energi. Eg kunne holde fram med å nemne mellom anna Svelgen, Høyanger, Årdal, Nordfjordeid, Førde og Stryn der det alle stader er nye spennande satsingar på gang innan dette feltet. Vonleg er dette med å styrke ein trend med positiv folketalsutvikling som vi no er inne i.

For at folk skal ha ei reell moglegheit til å velje kor dei vil bu, må dei ha ein jobb å gå til. Det har ikkje vore ein nok variert arbeidsmarknad i fylket vårt . Alt for mange har sedd seg tvungne til å flytte til dei større byane når dei er ferdige å studere.

Fylket treng slike satsingar som Lutelandet Offshore no bidreg med. Dei vil starte produksjonen om eit år – og om to år, reknar dei med å ha ansatt 40-60 personar. Sjølv synes eg at den planlagde aktiviteten deira i forhold til havvindmøller og hav-energi er særleg positiv.

Eg har stor tru på at hav-energi er ei viktig framtidig del av den nye, grøne energieventyret. At vi får til slik aktivitet på Lutelandet, er strålande nyhende for både Fjaler og heile fylket – både for oss som bur her no, og etterkomarane våre.