Viser arkivet for stikkord klimakrisen

Internasjonal skatt for klimakutt

Noreg bør lansere ein internasjonal Tobinskatt både som eit middel for å hindre framtidige finanskriser, og for å hjelpe verda ut av klimakrisa.

Nå går Gordon Brown, Angela Merkel og Nicholas Sarkozy i spissen for ei skatteleggjing av dei internasjonale finans- og valutamarknadene. Samstundes er ei finansiering av utsleppskutt i utviklingsland eit av dei viktigste hindra for ei klimaavtale i København. Tida er inne for å bruke inntektene av ein internasjonal Tobin skatt på valutahandel til å gjennomføre utsleppskutta i u-land.

For 31 år sidan kom den amerikanske økonomen og nobelprisvinnaren James Tobin med eit forslag om ei lita avgift på valutahandel. Den øydeleggjande finansspekulasjonen, som førte til valutakriser i Asia og fleire europeiske land, aktualiserte Tobins forslag på slutten av 1990-talet. Mellom anna for den globaliseringskritiske Attac-rørsla var kravet om Tobin-skatt ei hovudparole.

No, i 2009, har finanskrisa gjeve oss ei kraftig påminning om at finansmarknadene ikkje regulerar seg sjølve. Medan Attac-rørslas krav for nærare 10 år sidan vart harselert med som urealistisk, står forslaget om Tobin-skatt no høgt på den internasjonale saklista. G20-landa har no gjeve Det Internasjonale Pengefondet (IMF) i oppgåve å utgreie moglegheiter og ulike variantar for innføringa av ein Tobin-skatt.

Forslaga til korleis ein Tobin-skatt skal brukast og administrerast, er mange og ulike. Den britiske statsminister Gordon Brown har vore oppteken av at rekninga for finanskrisa ikkje skal gå til eigne skattebetalarar. Dei statlege redningspakkane har slanka statskassene etter finanskrisa. Browns tanke er å ha eit internasjonalt fond som kan vere ein «buffer» mot slike situasjonar.

Ein idé, meir i tråd med Tobins opphavelege forslag, ville vere å la pengane gå til eit FN-fond. Klimatingingane i København står i stampe. Mykje av utfordringa er å finansiere framtidige utsleppskutt i u-land. Kvifor ikkje gjere tiltak som gjer det dyrare å drive finansspekulasjon samstundes som vi finansierer utsleppskutt i u-land?

Noreg kan her spele ei nykjelrolle. Saman med Mexico har vi gått i bresjen for å finne ein modell for å finansiere klimatiltak i utviklingsland. Vi har allereie foreslått å opprette eit fond med ein storleik på om lag 10 milliardar dollar årleg i 2013, og utvidast til 30-40 milliardar dollar årleg i 2020. Pengane skal gå både til klimatilpassing og reduksjonar i utsleppa i u-land, mellom anna tiltak for å stogge avskoginga. Hovudinntekta til fondet skal kome frå auksjonering av utsleppsrettar. Den andre inntektskjelda er eit direkte bidrag frå dei rike i-landas statsbudsjett.

Det er likevel fleire grunner til at vi kanskje bør sjå på forslag for å gjere den norsk-meksikanske finansieringsmodellen meir robust. Til dømes er det ein god veg å gå før dei fleste rike landa vil akseptere å forplikte seg til summar i den storleiken Noreg og Mexico har gjort framlegg om. Stramme budsjett i åra som kjem vil gjere det enda vanskelegare. Langt større pengesummar er naudsynt, mellom anna meiner Verdsbanken at det kan være behov for opp mot 100 milliardar dollar årleg berre til klimatilpassing i u-land. Viss heile eller delar av ein internasjonal Tobin-skatt gjekk til klimafondet for u-land som Noreg og Mexico ynskjer, ville det ha gjeve langt større og langt meit stabile inntekter.

Det finst ei rekkje variantar av Tobin-skatt som IMF no skal utgreie. Alt frå ein skatt på alt frå 0,005 prosent til éin prosent av alle valutatransaksjonane. Diskusjonen mellom sentrale EU-land har og hatt eit anna perspektiv. Fleire land ynskjer ei utvida skattlegging av alle finanstransaksjonar, og ikkje berre valutahandelen. Ein austerrisk studie syner at ein skattesats på 0,01 prosent av alle finanstransaksjonar ville gjeve 287 milliardar euro i kassen årleg – nesten eit heilt norsk oljefond kvart år!

Ein Tobin-skatt vil vere eit fornuftig tiltak i kjølvatnet av finanskrisa. Spekulasjonen på den internasjonale valutamarknaden er ufatteleg stor – og potensielt særs skadeleg. Ein artikkel i respekterte Wall Street Journal 30. juli 2008, slo fast at berre vel tre prosent av årlege globale transaksjonar på valutamarknaden var knytt til handel med varer og tenester. Handelen i valutamarknaden er dimed meir enn 30 gongar høgare enn det volumet som hadde vore naudsynt for berre å skaffe nok valuta til å gjennomføre internasjonal handel.

Då Tobin-skatten fyrst vart lansert, var den populær i fleire politiske miljø her i Noreg, og da kanskje særlig i Senterpartiet. Også Ap var på banen: «Arbeiderpartiet vil ha internasjonal beskatning på valutaspekulasjon», het det i ei fråsegn frå landsmøtet i 2002. Frå SV året før var det sagt at «Norge må utrede innføringen av en Tobin-skatt på valutatransaksjoner.»

Sidan vart det stille frå den kanten. I partidebatten Attac arrangerte i september ynskja korkje Arbeidarpartiet, Venstre, Høyre eller Fremskrittspartiet ein slik skatt. SV var nokså halvhjerta, og som Attac skriver på sin heimeside: «Som enslig svale stod nå bare Sp, som fortsatte å støtte en Tobinskatt for regulering.»

Noreg, med ei raudgrøn regjering, bør gå i front med nye og framtidsretta idéar for å regulere finansmarknaden. Erik Solheim har samanlikna klimatoppmøtet i København med Bretton Woods etter den andre verdskrigen. Den internasjonale arkitekturen, institusjonane som skal styre verda i riktig retning blir fastlagt no. Noreg er i ein særs god posisjon til å lansere ein internasjonal Tobinskatt som eit klimatiltak. Eit slikt tiltak vil ha ein dobbeleffekt for verdas vel; både som eit middel for å hindre framtidige finanskriser, og for å hjelpe verda ut av klimakrisa.