Viser arkivet for stikkord klimaendringar

Vil dei lukkast?

Tysdag samlast meir enn 100 av verdas statsleiarar i New York for å drøfte global oppvarming og klimaendringane verda står ovanfor. Blant dei som møter er den amerikanske presidenten Barack Obama, Kina sin statsleiar Hu Jintao, Japan sin nyvalde statsministerYukio Hatayama og vår eigen Jens Stoltenberg.

Etter ei heftig loddtrekning blant oss som er i den norske FN-delegasjonen, var det mellom anna FrP sitt medlem i delegasjonen som gjekk av med ein plass i møtet. Kanskje like greit. For det er eit paradoks at Norges nest største parti framleis vel å halde seg kritisk til FN sitt forskarpanel sine advarslar.

Medan statsleiarane for dei mektigaste nasjonane i verda samlast for å drøfte korleis ein kan avgrense auka i temperaturen til 2 grader, vel altså FrP framleis å bruke energien på å så tvil om konklusjonane.

Dei om det. For Senterpartiet handlar klimatrusselen om 2 av dei viktigaste prinsippa i vår politikk. Forvaltartanken og føre vàr-prinsippet. “Vi har ikkje arva kloden av forfedra våre, vi lånar den av etterkomerane våre” er ei god setning som minner oss om den viktige forvaltar-tanken.

Gjennom alle tider og generasjonar har folk vore opptatt av å sikre den neste generasjonen minst like gode livstilhøve som ein sjølv hadde. For vår generasjon handlar dette i høgste grad om miljø. Kombinert med prinsippet om å vere føre vàr, må dette resultere i at vi handlar på bakgrunn av dei alvorlege forskingsrapportane som no er framlagt, og går frå det fossile til det fornybare energisamfunnet.

Møtet på tirsdag kan bidra til at verdsleiarane kjem med nye ambisiøse posisjonar for å avgrense oppvarminga. Lukkast dei i det er vi kanskje endå nærare ei ny klimaavtale i København.

Det handlar om livsvilkåra til dei som skal etterfylgje oss på kloden. Verken meir eller mindre.