Viser arkivet for stikkord homofile

The only gay in the village?

Dagbladet hadde forrige fredag ein artikkel på temaet korleis det er å være den einaste homofile i bygda. Eg veit ikkje om det er grunn til å hevde at det er verre å leve som homofil i distrikta enn i byane – men det er eit faktum at mange homofile vel å flytte til byen. Noko av grunnen er vel sjansen for å finne andre i same situasjon.

Det mest alvorlege artikkelen tok opp er kor vanleg det er med truslar og vald mot homofile.

Ein skulle tru at det er meir eller mindre problemfritt å leve som homofil, bifil eller lesbisk i eit land kor lovverket har tatt inn over seg at kjærleik mellom to menneske har like stor verdi, uavhengig av kjønn og legning.

Slik er det ikkje. Dei som er intervjua i artikkelen, fortel om utfrysning og fysisk vald. Dei fortel om kameratar som på spørsmål om korleis dei ville reagert om nokon dei kjende stod frem som homofil, svarte: ”Eg ville drept han”.

Slike haldningar kan vi ikkje akseptere i samfunnet vårt og vi har alle ansvar for å konfrontere dei. Vi framleis ei lang veg å gå.

For Senterpartiet er det viktig at folk skal kunne velje å bu der dei vil, og føle at dei kan vere seg sjølve der dei bur. Det er trist når folk føler at dei nærast må flykte til byane for å kunne være seg sjølv.

Samstundes er det ikkje slik at livet som homofil eller bifil alltid er rosenrødt i byane heller. Ei undersøking gjort blant lesbiske, homofile og bifile tenåringar i Oslo, synar at ei av tjue lesbiske/bifile jenter og ei av fem homofile/bifile gutar har vært utsett for dagleg mobbing. Det er fire gonger fleire homofile ungdommar enn heterofile som det siste året har vorte utsett for vald som har kravd legebehandling.

Dette kan ikkje aksepterast, og må takast på alvor. Vi må halde fram med systematisk haldningsarbeid, i skulen, på arbeidsplassar og i organisasjonar.

Hugs at vi er alle med å skape rådande haldningar.