Viser arkivet for stikkord gavi

Har vi plikt til å hjelpe?

Vi har alle gjennom livet opplevd å få hjelp til små eller store ting av personar som ikkje nødvendigvis hadde noko plikt eller utbytte av å hjelpe oss – men som gjorde det likevel. I nokre tilfeller har denne hjelpa vore særs viktig, i andre tilfeller har den gjort kvardagen litt enklare.

Nokon vel å vere svært aktive og vel å bruke mykje ressursar og tid i liva sine for å gjere noko godt for andre. Det er nestekjærleik i praksis, og det står respekt av det.

Men har vi òg som fellesskap og nasjon eit ansvar for å hjelpe?

Kvart einaste år brukar Norge store ressursar for å bistå folk i fattige land med mat, klede, husly og utdanning. Ofte handlar dette om å hjelpe folk å overleve til neste dag, veke eller år. Vi gjer det ikkje fordi vi må, men fordi eit politisk fleirtal har sagt at dette er riktig. Vi har eit ansvar for å hjelpe menneske rundt i verda som ikkje har det same utgangspunkt som oss sjølve. Kritikken framført av andre politikarar er at vi har så store utfordringar på heimebane at vi bør kutte bistanden.

Det er ikkje vanskeleg å vere enig i at vi framleis har utfordringar på heimebane. Likevel – vi må ikkje la dei fattigaste og svakaste i verda bli salderingspost for det.

Gjennom FN bistår Noreg får at vi skal nå tusenårsmåla. Norge er mellom anna tredje største gjevar i verda til det globale vaksineprogrammet. Gjennom dette har vi bidrege til å hindre 3,4 millionar dødsfall ved at born har fått vaksine. Nær 7 millionar foreldre, som hadde måtte gravlegge sine eigne born, får i staden vonleg sjå borna sine vekse opp.

Det er viktig at vi klarar å sjå lenger enn vår eigen dørstokk – og eg håpar vi også i framtida vil ta mål av oss til å vere ein stor bidragsytar internasjonalt. Ikkje fordi vi må – men fordi vi som medmennesker er samde om at det er riktig!