Viser arkivet for stikkord fornybarenergi

Slå ring om avfallet

Avfall, søppel eller boss som vi kallar det på Vestlandet er, til tross for sitt noko frynsete rykte, ein stor ressurs. Likevel sender vi stadig meir av det over svenskegrensa. Ikkje fordi vi har lurt svenskane til å ta over det vi kastar her i landet, men fordi svenskane har vore hakket lurare enn oss, og gjer no gode pengar på vårt avfall. Varme og straum i svenska heimar kjem no direkte frå våre bananskal, tome chipsposar og gamle møblar.

Den raudgrøne regjeringa varslar no ein gjennomgang av rammevilkåra for norsk avfallsnæring, både når det gjeld miljø og samfunnsøkonomi. Gjennomgangen bør også vurdere avgiftsnivået opp mot nivået hos ”broderfolket”. Det er bra og på tide. Vi bør ha som mål å gjere eksporten av avfallet minst mogeleg. Dei siste åra har regjeringa satsa store pengar på oppbygging av fjernvarmeanlegg som skal gjere avfallsforbrenning til varme i dei tusen heimar. Det er på tide å stoppe trailerkolonnane til Sverige, og ta ansvar for vårt eige avfall.

Gjennom forbrenningsanlegg kan vi nytte avfallet til varmeproduksjon, ja til og med straumproduksjon i dei største anlegga. Men det bør vi berre gjere dersom det ikkje er betre måtar å utnytte dei ulike avfallsrestane på . Glas, metall, plast og papir bør i dei aller fleste tilfeller gjenvinnast slik at vi reduserer ressursbruken til ny produksjon.

Dermed er det ingen gode grunnar til å slutte å sortere avfallet i heimen. Vi bør sortere som aldri før – og vi må heller ikkje gløyme at det aller beste miljøtiltaket er å forbruke mindre!

Tapte klimaet valet?

”Klimaet havna i skuggen”, var Naturvernforbundets kommentar til valresultatet. ”Veljarane forstod ikkje alvoret i klimakrisa”, hevdar Haltbrekken. Det er ei alt for enkel analyse.

I ei undersøking gjort av Synovate, svarte 24% av veljarane at miljø var viktigast når dei skulle velje parti. Berre skule og utdanning var viktigare. Ikkje sidan 1989, tre år etter Tjernobyl-ulukka, har miljø vore like viktig.

Eg trur at veljarane forstår alvoret i klimakrisa godt – og at det var ein av grunnane til at fleirtalsregjeringa vart gjenvald. Det er 40 år sidan sist det har skjedd. Veljarane forstod at den største faren for klimaet, var ei blå regjering som i større grad hadde opna for innflytelse frå det partiet som ikkje trur på klimakrisa – Frp.

Jørgen Randers og Marit Sjøvåg Marino har analysert partias klimapolitikk i perioden 2005-2009, og konklusjonen er klar: regjeringssamarbeidet med SP og SV har gjort Aps program for 2009-2013 langt vektigare på klimapolitikk enn førre program. SP vert rangert som eit like godt klimaval som V og KrF. Hadde viljen til å satse på fornybar energi – som er høgt prioritert i Sp sitt program – blitt betre vektlagt, ja då hadde Sp vore eit fyrsteval for dei som er opptatt av klima.

Senterpartiet har varsla ei storstilt satsing på fornybar energi, grøne arbeidsplassar og grøn samferdsel. Klima blir eit viktig tema inn i den nye regjeringsplattforma. Klimaet tapte ikkje valet.

Vi treng IKKJE oljesand!

Helge Lund får meg til å tenke på Rock Hudson. Ikkje fordi dei både er høge og mørke, og har utsjånaden med seg – men fordi dei begge reklamerar for feil produkt.

I Aftenposten fredag 4. september, har Helge Lund eit flammande innlegg for oljesand. ”Vi trenger oljesand!”, skriv han, og grunngjev det med den forventa auken i verdas energi-etterspørsel. Han skriv riktig nok at oljesandprosjektet har betydelige utfordringar. Der kan han vanskeleg seiast imot. Om 10 år, vil prosjektet sleppe ut like mykje CO2 som heile den norske bilparken. I tillegg kjem ei rekke andre miljøproblem.

Helge Lund gjer seg sjølv til frontfigur for utvinning av oljesand. Rock Hudson var frontfigur for sigarett-røyking. ”Remember, you can smoke as many Camels as you want”, stod det i reklamen – og helse-effekta var god: ”Their costlier tobaccos never jangle your nerves”.

Mine nerver roar seg ikkje med tanken på at oljesand blir del av løysinga på energikrisa. Oljesand er like lite miljøvennlig som tobakk er helsefremjande. Vi må, på same måte som vi seier at oljefondet skal halde seg vekke frå enkelte typar investeringar som er miljøskadelege, ha slike reglar for det direkte statlege eigarskapet. Canada er sjølvsagt ansvarleg for eigne utslepp, men det er Stortingets ansvar korleis vi bruker fellesskapets kapital. Oljesand er åpenbart så forureinande at det neppe er i fellesskapets interesse.

Eg har snarare stor tru på morgondagens løysing: det grøne gullet. Senterpartiet vil løyve opp mot 8 milliardar årleg til produksjon av ny fornybar energi.

Er det mykje pengar? Ja, men det er likevel ikkje meir enn gevinsten frå 14 dagars oljeproduksjon.