Viser arkivet for stikkord fornybar

Naivt frå Oddekalv

I VG 18. juli har Miljøvernforbundets leiar, Kurt Oddekalv, eit temmelig tendensiøst innlegg om kor meiningslaust og miljøskadeleg det er å produsere meir fornybar energi. Han hevdar at det er naivt å tru at fornybar elektrisitetsproduksjon kan erstatte olje, som til dømes brukas i 95 prosent av dagens transport.

Eg er djupt usamd med Oddekalv. Meiner han verkeleg at vi ikkje skal produsere fornybar kraft som kan erstatte den fossile energien som i dag brukas til dømes i transportsektoren? Meiner han at det er ok at vi skal basere oss på like stor grad av fossil energi også i framtida? Kor er viljen hans til å gjere noko for å vri forbruket frå fossil til fornybar energibruk?

Ingen er usamd i at ein bør energieffektivisere samfunnet, men det er naivt å tru at vi løyser den globale klimakrisa med straumsparing åleine. I Senterpartiet meiner vi tvert om at dei fornybare ressursane er ein nøkkel for å møte både klimautfordringane og det auka energibehovet.

Oddekalvs innlegg vitnar om spriket som er i den såkalla ”miljørørsla” i Noreg. Rørsla er splitta mellom dei som er mest opptekne av vern, og dei som er opptekne av å bruke naturen for å stogge det største trugsmålet som finst mot naturen – klimaendringane.

Verda treng energi. I Noreg kan vi produsere begge delar på miljøvennleg og berekraftig vis. Vi er rike på både naturressursar og kompetanse. Senterpartiet vil ha meir fornybar energi, som kan erstatte den fossile energien. Naturen og miljøet har ikkje råd til at vi lar vere.

Venstre i klima-spagat

Venstre kritiserar klimameldinga. Samstundes har dei opna dørane for regjeringssamarbeid med FrP. Det kan bli ei ytterst krevjande spagat.

Venstre kritiserar klimameldinga for å inneholde for lite. Dei håper på at forhandlingane i Stortinget gjer rom for forbetringar. FrP, på si side, meinar åpenbart at klimameldinga inneheld for mykje. Dei fryktar som vanleg for prisane på bilar.

Det er særs vanskeleg å sjå føre seg korleis Trine Skei Grande og resten av Venstre trur at flørtinga med FrP kan avle fram god klimapolitikk. Eg kan ikkje sjå korleis Venstre på den eine sida kan fortsette å smykke seg med grønfargen sin, og samstundes gjere vegen til makta kortare for det einaste partiet på Stortinget som er kritisk til om klimaendringane er menneskeskapte, og som har ytra rikeleg med kritikk mot FNs klimapanel. Korleis Venstre kan tru at klimapolitikken kan bli betre om dei får halde FrP i handa, er ei gåte.

Lista over miljø- og klimasaker som aldri kjem til å bli realisert om FrP får vilja si, er lang. To eksempler: FrP vil bore etter olje i Lofoten og Vesterålen. Venstre vil ikkje ha petroleumsverksemd i desse områda. Venstre, Senterpartiet og KrF gjekk av som regjeringsparti i år 2000, på grunn av krav til rensing av gasskraft. FrP ivrar for gasskraft utan rensing.

Venstre har vald å go’blunke til Stortingets klima-badboys. Det kan bli ei svært krevjande øving å få eit eventuelt framtidig ekteskap til å fungere, særleg om Venstre meinar alvor med klimapolitikken sin.

Det bør være skilnad på å forlove seg, og å love for mykje. Her har nok Venstre gjort begge delar. Det blir ikkje god klimapolitikk av å la FrP styre skuta.

Slepp opp klimabremsen, Haltbrekken!

Vindkraft og annan fornybarproduksjon er ein del av løysinga på klimakrisa. Difor må Haltbrekken slutte å protestere mot all fornybar energi – dersom han framleis vil utfordre regjering og Storting på klimahandling.

Det er skilnad på å være varsam når det skal byggast ut ny fornybar energi, og å vere motstandar på rein automatikk.

Det er klimaendringane som er det største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald. Berre ei temperaturauke på 2 gradar, som er det verda i beste fall blir samde om, vil føre til auka risiko for utrydding for meir enn 20% av verda sine kjende kjente artar. Om verda ikkje får til eit dramatisk kurs-skifte, blir temperaturauken langt høgare enn dette. Det vil få skremmande konsekvensar.

Noreg treng meir vindkraft for at vi skal nå klimamåla våre. Naturvernforbundet bremsar så godt dei kan. Dei har klaga på heile 8 av 10 vindkraftprosjekt som er omsøkt til NVE. Med andre ord: dei har klaga på heile 97,93 % av all konsesjonssøkt vindkraftproduksjon. Dette kjem i tillegg til at dei stod bak om lag halvparten av klagene på småkraftsaker i 2010 og 2011.

Om Haltbrekken og Naturvernforbundet får vilja si, ser det mørkt ut for Noreg sitt viktigaste bidrag til klimakrisa.

Slepp vindkrafta fri, Haltbrekken. Det er vår!

Vindkraftkommunane må få si del av kaka

Kommunar som produserar vasskraft, har ei sjølvsagt rett til å få sin del av verdiane som blir produsert. Det skulle berre mangle.

Vasskraftkommunane forsynar heile Noreg med rein og fornybar kraft. Vasskrafta har produsert rein elektrisitet i Noreg sidan 1800-talet. Vasskrafta la grunnlaget for norsk industri, og for verdiskaping i hele landet. Kraftkommunane får ei sjølvsagt takk for hjelpa, sidan dei bidreg både til dette, og til å løyse ei av verdas største utfordringar: klimakrisa. Dei fremmar eit felles gode, og får rettmessig kompensasjon for at storsamfunnet får dra nytte av naturressursane deira. Det er trass alt innbyggarane i desse kommunane som må forhalde seg til dei naturinngrepa som vert gjorde for å sikre landet rein energi.

Nettopp difor ser eg ingen grunn til at folk i vindkraftkommunane ikkje skal få si del av kaka.
Både vindkraft og vasskraft produserar elektrisitet til gode for langt fleire enn seg sjølve. Der vasskraftkommunane får naturressursskatt og konsesjonskraft som takk for at storsamfunnet får fornybar energi skapt av lokalsamfunnas ressursar, må vindkraftkommunane forhandle med utbyggar for å få ei akseptabel avtale om kompensasjon. I motsetning til vasskraftkommunane, har vindkraftkommunane ingen lovfesta rett til å få sin andel av verdiskapinga.

Ein naturressursskatt/konsesjonsavgift vil gjere det meir føreseieleg både for utbyggarar og kommunar. Det vil også stimulere til utbygging av dei beste prosjekta. Mulighet for lokal verdiskaping er også med å forme haldningane til vindkraft i kommunar der utbygging er aktuelt.

Noreg har sett seg høge krav til framtidig utbygging av fornybar energi. For å få det til, er vi avhengige av at kraftkommunane – både dei som har potensiale for vasskraft og for vindkraft – vil bidra. Naturressursane i Noreg er store, og potensialet for utbygging av rein kraft er stort.

Det er ingen prinsipiell skilnad mellom vasskraftkommunar og vindkraftkommunar. Nettopp difor meiner eg at vindkraftkommunane bør få si rettmessige del av verdiskapinga, på linje med vasskraftkommunane. Det er til gode for folket i ressurskommunane – og klimaet.

Miljøvennleg datalagring

Statseigde Entra eigedom lanserar ”verdas mest sikre og miljøvennlege datasenter”, etter eige utsegn. Der vil dei lagre store mengder data for framtida. Dei er opptekne av at lagringa skal være fysisk sikra, dei vil gjenvinne energi i form av varme, og vi ha eit betrakteleg lågare energiforbruk enn ordinære datasentre.

Eg er skeptisk.

Eg kan ikkje sjå anna enn at Entra lar beliggenhet overstyre både miljøvennlighet og sikkerhet. Dei vel ei løysing som verken er innovativ, eller god energipolitikk.

Eg begrip ikkje kvifor Entra vel ei løysing som konkurrerar med spennande prosjekt i distrikts-Noreg, der ein kan nytta naturressursar lokalt. Eit godt døme er Lefdal gruve i Sogn og Fjordane. Ved å bruke gruvegangar, kjølevatn frå fjorden og lokalkraft er dette prosjektet både mindre energikrevjande og langt mindre omfattande i landskapet enn prosjektet til Entra. I tillegg skapar det lokale arbeidsplassar og verdiskaping av lokale ressursar. Prosjektet blir ikkje dårlegare av at datalagring inne i fjellet gjer eit nærast atombombesikkert skal. Lignande gode prosjekt finn vi i Rogaland og Telemark.

Likevel vel Entra eigedom å satse på Austlandsområdet. Dette til tross for at dei ikkje ein gong har fått i oppdrag av Staten å bygge det. Dei har ikkje politisk forankring for valet.

Store mengder energi skal altså fraktast austover, med eit tap på kanskje 8-10 prosent av krafta på linja, til eit meir energikrevjande prosjekt i Osloregionen.

Det er vanskeleg å forstå at skattepengane skal brukast til dette.

Atomkraft? Nei takk!

Meir enn halvparten av nordmenn under 30 år ønskjer kjernekraft velkommen, om det førar til nedgang i utsleppa av CO2. Det hevdar ei undersøking utført av magasinet Hus & Bolig. Eg tvilar på at like mange hadde vore positive om kraftverka skulle byggast i deira eiga kommune.

Det er ikkje tvil om at energibehovet i verda kjem til å auke. Det er heller ikkje tvil om at energiproduksjonen i verda må aukast. Dersom heile denne auken kjem i form av fossil energibruk, kan det få katastrofale konsekvensar for klimaet på jorda. Det rokkar likevel ikkje ved Senterpartiet si grunnholdning. Vi er imot at Noreg skal produsere energi basert på kjernekraft. Vi meiner at forsking på kjernekraft ikkje skal vere ei prioritert oppgåve. Vi bør prioritere hovudinnsatsen vår på andre område.

Dei som ynskjer å satse på kjernekraft, gløymer den alvorlege historia utbygging av kjernekraft har hatt. Ei rekkje alvorlege ulykker på atomkraftverk på 1980-talet bremsa opp utviklinga, bl.a. Mills Island-ulykka i 1979. Vidare vil dei fleste av oss hugse Tsjernobyl-ulykka i 1986, som ikkje berre ramma nærområda i dagens Ukraina, men òg Europa og Noreg. Dei to siste åra har det òg vore det vi kan kalle alvorlege hendingar ved atomkraftverka.

Dei som er tilhengarar av kjernekraft, vil peike på at det ikkje er denne typen fyrste-, andre- og tredjegenerasjons kjernekraftverk vi skal satse på i framtida, og det har dei nok rett i. Teknologiske nyvinningar vil truleg sikre framtidige kjernekraftverk betre enn dagens. Det løyser likevel ikkje det grunnleggjande problemet knytt til avfall og sikkerheit. Det finst i dag ikkje nokon sikker måte å kvitte seg med brukt atomkjernebrensel på, og ingen metode for å ufarleggjere avfallet. Atomavfall kan berre lagrast, ikkje uskadeleggjerast. Nokre avfallrestar skal haldast vekke frå menneske og natur i oppimot ufattelege 100 000 år. Altså: Utfordringane blir leverte vidare til dei neste generasjonane, og menneske som enno ikkje er fødde, må bere byrda for det som er vår tids energiproduksjon. Dette står i direkte motstrid til Senterpartiet sin forvaltningstankegang.

Thorium har vore lansert som ei reinare løysing enn uran. Eg er ikkje overbevist. Sjølv om thoriumavfall skulle trenge kortare lagringstid enn avfall frå tradisjonell kjernekraft, vil det ganske sikkert krevje lagring i lang tid framover. Thorium inneheld bl.a. to typar langliva radionuklidar med ei halveringstid på høvesvis 32 000 og 7 340 år. Dermed krev dette veldig langvarig lagring. Ulykker eller det at avfall kjem på avvegar, kan få katastrofale konsekvensar. Eg trur ikkje mange av oss hadde takka ja til å ha eit avfallsdeponi som nabo.

Atomkraftproduksjon overfører store utfordringar til generasjonane som kjem etter oss. Dette strir mot Senterpartiet sin ideologi. Senterpartiet si hovudinnvending mot kjernekraft er at det ikkje er berekraftig. Derimot har Noreg store og gode ressursar når det gjeld energi som faktisk er berekraftig. Havenergi er ei av dei. I tillegg har vi store ressursar og mykje kunnskap om vasskraft og bioenergi og mange nye former for energiproduksjon.

Politikk handlar om å prioritere. Vi må bruke ressursane der vi verkeleg kan få utteljing og bli best. Det er ikkje på kjernekraft, men det er å hente ut det enorme potensialet vi har innanfor bio, vatn, vind og andre fornybare kjelder. Difor seier eg nei takk til atomkraft.

Grøne sertifikat gir grøne arbeidsplassar

Den norske kraftproduksjonen er rein. Ca 60% av energien vi brukar, kjem frå utsleppsfri kraft – i hovudsak vasskraft. Det er bra, men ikkje bra nok. Vi treng ny fornybar kraft til å erstatte fossilt drivstoff på bilar, og til å kunne elektrifisere sokkelen. Det vil gje kutt i klimagass-utsleppa som verkeleg monnar.

Vi treng meir grøn kraft. Avtalen om grøne sertifikat er først og fremst godt nytt for klimaet. Målet er at avtalen skal syte for utbygging av 12-13 Twh fornybar el-kraft i Noreg i perioden 2010-2020. Det svarer til forbruket i 600 000 – 650 000 husstandar i Noreg.

Avtalen er også godt nytt for arbeidsmarknaden. Potensialet for fornybar kraftproduksjon er stort. Mange prosjekt som tidligare ikkje har vert sett i gang, blir no lønnsame å byggje ut. Det vil gi både inntekter og arbeidsplassar.