Viser arkivet for stikkord busetnad

Buplikta er ein viktig reidskap!

Ei bupliktsak i Stryn kommune har ført til ny debatt om buplikta generelt. Kvifor har vi eigentleg buplikt på gardsbruk?

Bu- og driveplikta på gardsbruk botnar i ein politisk målsetnad om å halde jord i hevd og produsere mat på gardsbruka i Norge. Sjølv om på langt nær alle gardsbruk i Norge vert drive aktivt, er bu- og driveplikta med å stimulere til at meir jord vert halde i hevd, mat produsert samt hindre gjengroing. Det synes klart at bebudde gardar i mindre grad er prega av forfall og gjengroing, enn dei gardane der det ikkje er fast busetnad. Norge har eit ansvar for å bidra til matproduksjonen i ei verd med nær ein milliard sveltande menneske.

Så vil mange påpeike at slett ikkje alle gardar vert drivne av dei som bur der, og at jorda kan haldast i hevd utan fast busetnad på garden. Men buplikta har fleire funksjonar. Den er med å sikre fast busetnad, og bidreg til å hindre at viktige ressursar ikkje forsvinn frå bygdene.

Buplikta er ein god reidskap for å sikre busetnad i bydene. Gardane er ofte mellom dei mest attraktive buplassane i lokalsamfunna. Sjølv veit eg fleire som stadig er på leit etter ein gard å kjøpe. Nokre kommunar har stor grad gjeve fritak frå buplikta, noko som resulterer i den paradoksale situasjon at gardar som folk ynskjer å flytte til – i fråflyttingsområder – vert omgjort til feriebustadar og kanskje berre nytta eit par veker i året. Nokre vert ikkje nytta i det heile. Samtidig kjempar ofte folket i dei same bygdene for å få ei positiv folketalsutvikling, noko som er viktig for at dei fastbuande kan ha det sørvis- og velferdstilbodet dei har idag; nærbutikk, skule, kollektivtilbod m.m.

Dei som angrip buplikta ved å hevde at den krenkar den private eigedomsretten gløymer det viktige prinsippet at med eigedomsrett, fylgjer også plikter. Ein eigedomsrett på gardar utan plikt vil bidra til å sentralisere mange av verdiane på bygdene. Viktige rettar som rett til jakt og fiske, mineraler, fallrettar til vasskraft og eigarskap av areal, vil då like gjerne kunne vere eigd frå Aker Brygge eller andre stadar i landet med mykje kapital. Dette er ettertrakta verdiar som buplikta idag bidreg til å sikre at er knytt til lokalsamfunna der ressursane er.