Viser arkivet for stikkord bioenergi

Klima for grøne arbeidsplassar

Klimameldinga som vert presentert i dag, er godt nytt både for klimaet og for Noregs framtidige næringsliv.

For Senterpartiet er det heilt sentralt at norsk klimapolitikk ikkje handlar om å kjøpe seg ut av klimaproblema, men bruke pengar i Noreg for å styrke konkurransekrafta til framtidas grøne næringsliv. 25 nye milliardar i fondsmidlar gjev oss sjans til å ligge heilt i front internasjonalt. Vår kraftkrevande industri er den reinaste i verda – no legg vi til rette for ytterligare energieffektivisering og Co2-reduksjon, slik at den er verdsleiande også i framtida.

I Noreg har vi fantastiske naturressursar, som bidreg til produksjon, industri og kunnskap innan fornybar energi. I tillegg er vi rike på kapital. Meldinga varslar meir rein energi inn i transportsektor, petroleumssektor og byggsektor på bekostning av fossil energi.

Noreg har store uutnytta ressursar i skogen. Eg er glad for at Senterpartiet fekk gjennomslag for å omforme meir skog til bioenergi, grøne arbeidsplassar og Co2-lager.

Fokuset på teknologiutvikling er heilt sentralt for å lukkast i den framtidige konkurransen. Det tek tid å utvikle eit grønt næringsliv, og derfor er auka satsing på forsking og utvikling ein nøkkel.

Atomkraft? Nei takk!

Meir enn halvparten av nordmenn under 30 år ønskjer kjernekraft velkommen, om det førar til nedgang i utsleppa av CO2. Det hevdar ei undersøking utført av magasinet Hus & Bolig. Eg tvilar på at like mange hadde vore positive om kraftverka skulle byggast i deira eiga kommune.

Det er ikkje tvil om at energibehovet i verda kjem til å auke. Det er heller ikkje tvil om at energiproduksjonen i verda må aukast. Dersom heile denne auken kjem i form av fossil energibruk, kan det få katastrofale konsekvensar for klimaet på jorda. Det rokkar likevel ikkje ved Senterpartiet si grunnholdning. Vi er imot at Noreg skal produsere energi basert på kjernekraft. Vi meiner at forsking på kjernekraft ikkje skal vere ei prioritert oppgåve. Vi bør prioritere hovudinnsatsen vår på andre område.

Dei som ynskjer å satse på kjernekraft, gløymer den alvorlege historia utbygging av kjernekraft har hatt. Ei rekkje alvorlege ulykker på atomkraftverk på 1980-talet bremsa opp utviklinga, bl.a. Mills Island-ulykka i 1979. Vidare vil dei fleste av oss hugse Tsjernobyl-ulykka i 1986, som ikkje berre ramma nærområda i dagens Ukraina, men òg Europa og Noreg. Dei to siste åra har det òg vore det vi kan kalle alvorlege hendingar ved atomkraftverka.

Dei som er tilhengarar av kjernekraft, vil peike på at det ikkje er denne typen fyrste-, andre- og tredjegenerasjons kjernekraftverk vi skal satse på i framtida, og det har dei nok rett i. Teknologiske nyvinningar vil truleg sikre framtidige kjernekraftverk betre enn dagens. Det løyser likevel ikkje det grunnleggjande problemet knytt til avfall og sikkerheit. Det finst i dag ikkje nokon sikker måte å kvitte seg med brukt atomkjernebrensel på, og ingen metode for å ufarleggjere avfallet. Atomavfall kan berre lagrast, ikkje uskadeleggjerast. Nokre avfallrestar skal haldast vekke frå menneske og natur i oppimot ufattelege 100 000 år. Altså: Utfordringane blir leverte vidare til dei neste generasjonane, og menneske som enno ikkje er fødde, må bere byrda for det som er vår tids energiproduksjon. Dette står i direkte motstrid til Senterpartiet sin forvaltningstankegang.

Thorium har vore lansert som ei reinare løysing enn uran. Eg er ikkje overbevist. Sjølv om thoriumavfall skulle trenge kortare lagringstid enn avfall frå tradisjonell kjernekraft, vil det ganske sikkert krevje lagring i lang tid framover. Thorium inneheld bl.a. to typar langliva radionuklidar med ei halveringstid på høvesvis 32 000 og 7 340 år. Dermed krev dette veldig langvarig lagring. Ulykker eller det at avfall kjem på avvegar, kan få katastrofale konsekvensar. Eg trur ikkje mange av oss hadde takka ja til å ha eit avfallsdeponi som nabo.

Atomkraftproduksjon overfører store utfordringar til generasjonane som kjem etter oss. Dette strir mot Senterpartiet sin ideologi. Senterpartiet si hovudinnvending mot kjernekraft er at det ikkje er berekraftig. Derimot har Noreg store og gode ressursar når det gjeld energi som faktisk er berekraftig. Havenergi er ei av dei. I tillegg har vi store ressursar og mykje kunnskap om vasskraft og bioenergi og mange nye former for energiproduksjon.

Politikk handlar om å prioritere. Vi må bruke ressursane der vi verkeleg kan få utteljing og bli best. Det er ikkje på kjernekraft, men det er å hente ut det enorme potensialet vi har innanfor bio, vatn, vind og andre fornybare kjelder. Difor seier eg nei takk til atomkraft.