Viser arkivet for stikkord atomkraft

Atomtrugsmål mot Noreg?

Nyleg var eg på reise i Finnmark, og møtte Cecilie Hansen, SPar og ordførar i Sør-Varanger kommune. Ho ga meg ei klar oppmoding: ta tak i atomtrugsmålet frå Russland.

Hendingane i Japan viste tydeleg at atomkraft kan ha store negative konsekvensar, også i fredstid. I Noreg er vi framleis påverka av Tjernobyl-ulukka. Til dømes må sau frå dei hardast råka områda framleis nedforas før slakt, for å få radioaktiviteten ut av kroppen. Mattilsynes gjer fortsatt kosthaldsråd til dei som haustar kjøt, sopp og bær frå områda som fekk mest radioaktivt nedbør. Om vi blir råka av ei atomulukke igjen, kan det gå mykje verre. Eit utslepp frå Sellafield-anlegget i Storbritannia kan gje sju gonger meir forureining enn det som råka Austlandet etter Tjernobyl-ulukka.

Riktignok er kjernekrafta blitt sikrare no enn for 20-30 år sidan, men det er langt frå heilt sikkert. Nils Bøhmer i Bellona reknar det som mest sannsynlig at den neste kjernekraftulukka skjer i Russland. Også atomreaktorar i skip kan være eit trugsmål. Vi fikk ei påminning om det i juli, då atom-ubåten ”Jekaterinburg” brann ved Murmansk Oblast.

Atomsikkerhets-samarbeidet i nordområda blir stadig betre. I perioden 1995-2010 er det løyva om lag 1,5 milliardar kroner til dette arbeidet. Fem atom-ubåtar er hugga opp. 250 atomdrevne fyrlyktar er skifta ut. Kola kjernekraftverk er sikrare.

Eg forstår likevel godt at ordføraren og befolkninga vart urolege då atom-ubåten brann like ved stovedøra deira. Difor må vi fortsatt arbeide forebyggande, og vi må være forberedt. Når eg tek med meg Energi- og miljøkomiteen til Kirkenes og Murmansk i haust, blir dette viktige tema å ta opp.

Så lenge verda har kjernekraft, kan ulukker skje.

Atomkraft? Nei takk!

Meir enn halvparten av nordmenn under 30 år ønskjer kjernekraft velkommen, om det førar til nedgang i utsleppa av CO2. Det hevdar ei undersøking utført av magasinet Hus & Bolig. Eg tvilar på at like mange hadde vore positive om kraftverka skulle byggast i deira eiga kommune.

Det er ikkje tvil om at energibehovet i verda kjem til å auke. Det er heller ikkje tvil om at energiproduksjonen i verda må aukast. Dersom heile denne auken kjem i form av fossil energibruk, kan det få katastrofale konsekvensar for klimaet på jorda. Det rokkar likevel ikkje ved Senterpartiet si grunnholdning. Vi er imot at Noreg skal produsere energi basert på kjernekraft. Vi meiner at forsking på kjernekraft ikkje skal vere ei prioritert oppgåve. Vi bør prioritere hovudinnsatsen vår på andre område.

Dei som ynskjer å satse på kjernekraft, gløymer den alvorlege historia utbygging av kjernekraft har hatt. Ei rekkje alvorlege ulykker på atomkraftverk på 1980-talet bremsa opp utviklinga, bl.a. Mills Island-ulykka i 1979. Vidare vil dei fleste av oss hugse Tsjernobyl-ulykka i 1986, som ikkje berre ramma nærområda i dagens Ukraina, men òg Europa og Noreg. Dei to siste åra har det òg vore det vi kan kalle alvorlege hendingar ved atomkraftverka.

Dei som er tilhengarar av kjernekraft, vil peike på at det ikkje er denne typen fyrste-, andre- og tredjegenerasjons kjernekraftverk vi skal satse på i framtida, og det har dei nok rett i. Teknologiske nyvinningar vil truleg sikre framtidige kjernekraftverk betre enn dagens. Det løyser likevel ikkje det grunnleggjande problemet knytt til avfall og sikkerheit. Det finst i dag ikkje nokon sikker måte å kvitte seg med brukt atomkjernebrensel på, og ingen metode for å ufarleggjere avfallet. Atomavfall kan berre lagrast, ikkje uskadeleggjerast. Nokre avfallrestar skal haldast vekke frå menneske og natur i oppimot ufattelege 100 000 år. Altså: Utfordringane blir leverte vidare til dei neste generasjonane, og menneske som enno ikkje er fødde, må bere byrda for det som er vår tids energiproduksjon. Dette står i direkte motstrid til Senterpartiet sin forvaltningstankegang.

Thorium har vore lansert som ei reinare løysing enn uran. Eg er ikkje overbevist. Sjølv om thoriumavfall skulle trenge kortare lagringstid enn avfall frå tradisjonell kjernekraft, vil det ganske sikkert krevje lagring i lang tid framover. Thorium inneheld bl.a. to typar langliva radionuklidar med ei halveringstid på høvesvis 32 000 og 7 340 år. Dermed krev dette veldig langvarig lagring. Ulykker eller det at avfall kjem på avvegar, kan få katastrofale konsekvensar. Eg trur ikkje mange av oss hadde takka ja til å ha eit avfallsdeponi som nabo.

Atomkraftproduksjon overfører store utfordringar til generasjonane som kjem etter oss. Dette strir mot Senterpartiet sin ideologi. Senterpartiet si hovudinnvending mot kjernekraft er at det ikkje er berekraftig. Derimot har Noreg store og gode ressursar når det gjeld energi som faktisk er berekraftig. Havenergi er ei av dei. I tillegg har vi store ressursar og mykje kunnskap om vasskraft og bioenergi og mange nye former for energiproduksjon.

Politikk handlar om å prioritere. Vi må bruke ressursane der vi verkeleg kan få utteljing og bli best. Det er ikkje på kjernekraft, men det er å hente ut det enorme potensialet vi har innanfor bio, vatn, vind og andre fornybare kjelder. Difor seier eg nei takk til atomkraft.