Viser arkivet for stikkord arbeidsplasser

Tapte klimaet valet?

”Klimaet havna i skuggen”, var Naturvernforbundets kommentar til valresultatet. ”Veljarane forstod ikkje alvoret i klimakrisa”, hevdar Haltbrekken. Det er ei alt for enkel analyse.

I ei undersøking gjort av Synovate, svarte 24% av veljarane at miljø var viktigast når dei skulle velje parti. Berre skule og utdanning var viktigare. Ikkje sidan 1989, tre år etter Tjernobyl-ulukka, har miljø vore like viktig.

Eg trur at veljarane forstår alvoret i klimakrisa godt – og at det var ein av grunnane til at fleirtalsregjeringa vart gjenvald. Det er 40 år sidan sist det har skjedd. Veljarane forstod at den største faren for klimaet, var ei blå regjering som i større grad hadde opna for innflytelse frå det partiet som ikkje trur på klimakrisa – Frp.

Jørgen Randers og Marit Sjøvåg Marino har analysert partias klimapolitikk i perioden 2005-2009, og konklusjonen er klar: regjeringssamarbeidet med SP og SV har gjort Aps program for 2009-2013 langt vektigare på klimapolitikk enn førre program. SP vert rangert som eit like godt klimaval som V og KrF. Hadde viljen til å satse på fornybar energi – som er høgt prioritert i Sp sitt program – blitt betre vektlagt, ja då hadde Sp vore eit fyrsteval for dei som er opptatt av klima.

Senterpartiet har varsla ei storstilt satsing på fornybar energi, grøne arbeidsplassar og grøn samferdsel. Klima blir eit viktig tema inn i den nye regjeringsplattforma. Klimaet tapte ikkje valet.

Nye arbeidsplassar til Lutelandet!

Fredag vart Lutelandet Offshore sine planar presentert. Dei er godt nytt, både for arbeidsplassar på kort sikt, og for næringsutvikling i framtida. Satsinga på Lutelandet kjem samstundes med fleire positive oppslag om satsingar i fylket vårt som gjev nye arbeidsplassar og auka kunnskapsmiljø.

I Flora har offshoreaktiviteten auka og i Måløy skjer det spennande ting innan fornybar energi. Eg kunne holde fram med å nemne mellom anna Svelgen, Høyanger, Årdal, Nordfjordeid, Førde og Stryn der det alle stader er nye spennande satsingar på gang innan dette feltet. Vonleg er dette med å styrke ein trend med positiv folketalsutvikling som vi no er inne i.

For at folk skal ha ei reell moglegheit til å velje kor dei vil bu, må dei ha ein jobb å gå til. Det har ikkje vore ein nok variert arbeidsmarknad i fylket vårt . Alt for mange har sedd seg tvungne til å flytte til dei større byane når dei er ferdige å studere.

Fylket treng slike satsingar som Lutelandet Offshore no bidreg med. Dei vil starte produksjonen om eit år – og om to år, reknar dei med å ha ansatt 40-60 personar. Sjølv synes eg at den planlagde aktiviteten deira i forhold til havvindmøller og hav-energi er særleg positiv.

Eg har stor tru på at hav-energi er ei viktig framtidig del av den nye, grøne energieventyret. At vi får til slik aktivitet på Lutelandet, er strålande nyhende for både Fjaler og heile fylket – både for oss som bur her no, og etterkomarane våre.