Viser arkivet for stikkord ahmedinejad

Should I stay or should I go?

“I thank the Almighty God for granting me, once more, this opportunity to adress this important international meeting…..” Irans leiar Mahmoud Ahmedinejad har entra talarstolen i generalforsamlinga i FN på slutten av den fyste dagen med generaldebatt.

Han brukar innlegget sitt på å snakke om korleis materielle verdiar har overteke for andelege verdiar og korleis viktige ideal som rettferd, ærlighet og nøysomhet er blitt mindre verdt. Innlegget liknar meir på ei preike enn eit politisk innlegg – men heilt utan politikk er det ikkje. Representantane for dei ulike landa fylgjer spent med på om han kjem til å gjenta benektelsar av Holocaust eller andre ekstremitetar. Det gjer han ikkje, likevel er det mange land som forlet salen under tala til den Iranske leiaren. Grunnen er til dels harde angrep på vesten og vesten sitt engasjement i andre delar av verda. Mykje av påstandane var tendensiøse og lett å vere usamde i, likevel vel den norske delegasjonen å bli sittande.

FN si rolle er mellom anna å vere ein møteplass for alle verda sine statsleiarar. Mange av innlegga vil det vere usemje om, men det er likevel ofte riktig å bli sittande. Usakelege angrep må møtast med sakelege argument og skulle innlegg ein var usamde i resultere i at ein forlet salen kvar gong, så ville ikkje FN kunne fungert som den møteplassen det er meint å vere.

Den beste grobotnen for hat, fordommar og mistru er mangel på møteplassar, debatt og dialog. FN er den møteplassen verda har oppretta nettopp for å forebygge konflikt gjennom dialog. Vi må sikre at vi nyttar denne debattarenaen til å møte argument med argument og ikkje gjennom å forlate dialogen og halde for øyra.