Viser arkivet for stikkord klimakur

Køyr på høgare gir!

Visste du at du berre ved å køyre på høgare gir, ta av skiboksen og ha riktig lufttrykk i bildekka kan redusere CO2-utsleppa frå bilen din?

Transportsektoren har dei raskast voksande utsleppa av alle sektorene i Noreg, og er også den sektoren som det er mest utfordrande å få redusert utsleppa frå. Men ikkje alle klimatiltak er dyre eller kompliserte. Klimakur har rekna ut at ved å endre måten vi køyrer på, til såkalla økokøyring, kan du kutte 10-20% av utsleppa frå bilen din. Samstundes skånar du lommeboka for 10-20% av utgiftene til drivstoff.

Klimakur rekna ut at enkle endringar i køyrestil og vanar kan gje ei reduksjon på 32 400 tonn CO2 på landsbasis innan 2020. Ei viktig oppgåve blir å syte for at flest mogleg av Noregs bilistar får vite korleis dei kan endre køyrestil.

Eit viktig verkemiddel er å gå på økokøyringskurs. Samstundes har eg stor tru på å gjere informasjonen mest mogleg tilgjengeleg. Alle norske bilførare er jevnleg innom ei bensinstasjon. Det gjer stasjonane til den viktigaste møteplassen for informasjon om økokøyring.

Difor har Senterpartiet og NAF gått saman om ei oppmoding til Norsk Petroleumsinstitutt om å auke innsatsen med å informere kundane om korleis dei kan køyre meir økonomisk – og dermed skåne klimaet og lommeboka på same tid.

Spare på skillingen og la klimaet gå?

Rapporten Klimakur 2020 vart presentert 17. februar, og fyste foredragshaldar nådde knapt ned frå talarstolen før dei første artiklane kom på nettavisene. Spørsmålet ”Vil DU betale 25 kr literen for bensin for å redde klimaet?” var eit gjennomgangstema, og fokus har langt på veg vore på kor mykje kuren vil koste for kvar av oss. Men klimakur var mykje meir enn det.

Fyst og fremst må det understrekast at Klimakur er ei samling virkemiddel vi politikare kan velje frå. Nokre vil bli gjennomført, og nokre kjem vi til å velje bort. Den solide rapporten viser kva dei ulike tiltaka vil koste. Det vi ikkje kjem utanom, er at vi må gjere det som trengs for å redde klimaet.

Prisen på klimakuren må setjast i perspektiv. SSB har rekna ut at tiltaka som trengs, vil koste rundt rekna tre kronar per nordmann per dag. Prisen på å la klimaendringane gå sin gang, er derimot særs vanskeleg å fastsetje. 3 kroner har vi vel gjerne råd til for å sikre etterkomarane våre dei same klimatiske levevilkåra som oss sjølve?

Til tross for ein kald og tørr vinter i år veit vi at prognosane framleis seier meir ekstrem nedbør, med påfølgande flaumfare og rasfare. Det kjem vi til å merke på forsikringsprisane. Vi veit at norske havområdar vert surare, men ikkje kor store problem det kan skape for til dømes fiskerinæringa. Vi veit og at havet kjem til å stige.

Prisen for å fortsette som vi gjer no er truleg svært høg. Å oppfylle Noregs klimaforpliktelser er tross alt mykje billigare. Om vi gjer det, kjem vi til å være like rike til påske 2020 som vi elles ville vært til jul 2019. Er du med på å bidra med 3 kroner per dag i klimadugnaden?