Internasjonal skatt for klimakutt

Noreg bør lansere ein internasjonal Tobinskatt både som eit middel for å hindre framtidige finanskriser, og for å hjelpe verda ut av klimakrisa.

Nå går Gordon Brown, Angela Merkel og Nicholas Sarkozy i spissen for ei skatteleggjing av dei internasjonale finans- og valutamarknadene. Samstundes er ei finansiering av utsleppskutt i utviklingsland eit av dei viktigste hindra for ei klimaavtale i København. Tida er inne for å bruke inntektene av ein internasjonal Tobin skatt på valutahandel til å gjennomføre utsleppskutta i u-land.

For 31 år sidan kom den amerikanske økonomen og nobelprisvinnaren James Tobin med eit forslag om ei lita avgift på valutahandel. Den øydeleggjande finansspekulasjonen, som førte til valutakriser i Asia og fleire europeiske land, aktualiserte Tobins forslag på slutten av 1990-talet. Mellom anna for den globaliseringskritiske Attac-rørsla var kravet om Tobin-skatt ei hovudparole.

No, i 2009, har finanskrisa gjeve oss ei kraftig påminning om at finansmarknadene ikkje regulerar seg sjølve. Medan Attac-rørslas krav for nærare 10 år sidan vart harselert med som urealistisk, står forslaget om Tobin-skatt no høgt på den internasjonale saklista. G20-landa har no gjeve Det Internasjonale Pengefondet (IMF) i oppgåve å utgreie moglegheiter og ulike variantar for innføringa av ein Tobin-skatt.

Forslaga til korleis ein Tobin-skatt skal brukast og administrerast, er mange og ulike. Den britiske statsminister Gordon Brown har vore oppteken av at rekninga for finanskrisa ikkje skal gå til eigne skattebetalarar. Dei statlege redningspakkane har slanka statskassene etter finanskrisa. Browns tanke er å ha eit internasjonalt fond som kan vere ein «buffer» mot slike situasjonar.

Ein idé, meir i tråd med Tobins opphavelege forslag, ville vere å la pengane gå til eit FN-fond. Klimatingingane i København står i stampe. Mykje av utfordringa er å finansiere framtidige utsleppskutt i u-land. Kvifor ikkje gjere tiltak som gjer det dyrare å drive finansspekulasjon samstundes som vi finansierer utsleppskutt i u-land?

Noreg kan her spele ei nykjelrolle. Saman med Mexico har vi gått i bresjen for å finne ein modell for å finansiere klimatiltak i utviklingsland. Vi har allereie foreslått å opprette eit fond med ein storleik på om lag 10 milliardar dollar årleg i 2013, og utvidast til 30-40 milliardar dollar årleg i 2020. Pengane skal gå både til klimatilpassing og reduksjonar i utsleppa i u-land, mellom anna tiltak for å stogge avskoginga. Hovudinntekta til fondet skal kome frå auksjonering av utsleppsrettar. Den andre inntektskjelda er eit direkte bidrag frå dei rike i-landas statsbudsjett.

Det er likevel fleire grunner til at vi kanskje bør sjå på forslag for å gjere den norsk-meksikanske finansieringsmodellen meir robust. Til dømes er det ein god veg å gå før dei fleste rike landa vil akseptere å forplikte seg til summar i den storleiken Noreg og Mexico har gjort framlegg om. Stramme budsjett i åra som kjem vil gjere det enda vanskelegare. Langt større pengesummar er naudsynt, mellom anna meiner Verdsbanken at det kan være behov for opp mot 100 milliardar dollar årleg berre til klimatilpassing i u-land. Viss heile eller delar av ein internasjonal Tobin-skatt gjekk til klimafondet for u-land som Noreg og Mexico ynskjer, ville det ha gjeve langt større og langt meit stabile inntekter.

Det finst ei rekkje variantar av Tobin-skatt som IMF no skal utgreie. Alt frå ein skatt på alt frå 0,005 prosent til éin prosent av alle valutatransaksjonane. Diskusjonen mellom sentrale EU-land har og hatt eit anna perspektiv. Fleire land ynskjer ei utvida skattlegging av alle finanstransaksjonar, og ikkje berre valutahandelen. Ein austerrisk studie syner at ein skattesats på 0,01 prosent av alle finanstransaksjonar ville gjeve 287 milliardar euro i kassen årleg – nesten eit heilt norsk oljefond kvart år!

Ein Tobin-skatt vil vere eit fornuftig tiltak i kjølvatnet av finanskrisa. Spekulasjonen på den internasjonale valutamarknaden er ufatteleg stor – og potensielt særs skadeleg. Ein artikkel i respekterte Wall Street Journal 30. juli 2008, slo fast at berre vel tre prosent av årlege globale transaksjonar på valutamarknaden var knytt til handel med varer og tenester. Handelen i valutamarknaden er dimed meir enn 30 gongar høgare enn det volumet som hadde vore naudsynt for berre å skaffe nok valuta til å gjennomføre internasjonal handel.

Då Tobin-skatten fyrst vart lansert, var den populær i fleire politiske miljø her i Noreg, og da kanskje særlig i Senterpartiet. Også Ap var på banen: «Arbeiderpartiet vil ha internasjonal beskatning på valutaspekulasjon», het det i ei fråsegn frå landsmøtet i 2002. Frå SV året før var det sagt at «Norge må utrede innføringen av en Tobin-skatt på valutatransaksjoner.»

Sidan vart det stille frå den kanten. I partidebatten Attac arrangerte i september ynskja korkje Arbeidarpartiet, Venstre, Høyre eller Fremskrittspartiet ein slik skatt. SV var nokså halvhjerta, og som Attac skriver på sin heimeside: «Som enslig svale stod nå bare Sp, som fortsatte å støtte en Tobinskatt for regulering.»

Noreg, med ei raudgrøn regjering, bør gå i front med nye og framtidsretta idéar for å regulere finansmarknaden. Erik Solheim har samanlikna klimatoppmøtet i København med Bretton Woods etter den andre verdskrigen. Den internasjonale arkitekturen, institusjonane som skal styre verda i riktig retning blir fastlagt no. Noreg er i ein særs god posisjon til å lansere ein internasjonal Tobinskatt som eit klimatiltak. Eit slikt tiltak vil ha ein dobbeleffekt for verdas vel; både som eit middel for å hindre framtidige finanskriser, og for å hjelpe verda ut av klimakrisa.

Slå ring om avfallet

Avfall, søppel eller boss som vi kallar det på Vestlandet er, til tross for sitt noko frynsete rykte, ein stor ressurs. Likevel sender vi stadig meir av det over svenskegrensa. Ikkje fordi vi har lurt svenskane til å ta over det vi kastar her i landet, men fordi svenskane har vore hakket lurare enn oss, og gjer no gode pengar på vårt avfall. Varme og straum i svenska heimar kjem no direkte frå våre bananskal, tome chipsposar og gamle møblar.

Den raudgrøne regjeringa varslar no ein gjennomgang av rammevilkåra for norsk avfallsnæring, både når det gjeld miljø og samfunnsøkonomi. Gjennomgangen bør også vurdere avgiftsnivået opp mot nivået hos ”broderfolket”. Det er bra og på tide. Vi bør ha som mål å gjere eksporten av avfallet minst mogeleg. Dei siste åra har regjeringa satsa store pengar på oppbygging av fjernvarmeanlegg som skal gjere avfallsforbrenning til varme i dei tusen heimar. Det er på tide å stoppe trailerkolonnane til Sverige, og ta ansvar for vårt eige avfall.

Gjennom forbrenningsanlegg kan vi nytte avfallet til varmeproduksjon, ja til og med straumproduksjon i dei største anlegga. Men det bør vi berre gjere dersom det ikkje er betre måtar å utnytte dei ulike avfallsrestane på . Glas, metall, plast og papir bør i dei aller fleste tilfeller gjenvinnast slik at vi reduserer ressursbruken til ny produksjon.

Dermed er det ingen gode grunnar til å slutte å sortere avfallet i heimen. Vi bør sortere som aldri før – og vi må heller ikkje gløyme at det aller beste miljøtiltaket er å forbruke mindre!

Vaksine mot overbefolkning?

Den store folkeveksten verda står ovanfor er eit av vår tids store utfordringar. Vi må rekne med ei auke i tal menneske på jorda med nær 50% dei komande tiåra. Alle desse skal i likskap med resten av oss ha mat og energi. Dei skal forbruke og dei skal forsøple, akkurat som vi andre og dette skal skje parallelt med at verda arbeider seg ut av finanskrisa – og med to langt meir alvorlege overliggande krisene – klimakrisa og matkrisa – som realitet. Ingen tvil om at utfordringane er formidable.

Metodar for å møte raskt aukane folketal varierer. Kinas 1-barnspolitikk har vore drastisk, og har hatt enorme kostnader for enkeltpersonar. På berre 22 år, fall fødselsraten i Iran frå 7 i 1984, til 1.9 i 2006. Utdanning av kvinner er ei stor del av forklaringa. I Mexico og Etiopia har uskuldige tiltak som påverknad gjennom såpeseriar vore effektive.

Dei store barnekulla særskilt på den sørlege halvkula stiller landa der ovanfor store utfordringar. I fleire av Afrikas fattigaste land, til dømes Mali og Malawi, er det spådd ei trippling av befolkninga innan seinast 2050. Mangel på kunnskap om prevensjon og lite fokus på familieplanlegging er sjølvsagt ein del av forklaringa på store barnekull. Men vi skal også hugse at stor barnedødelighet og manglande sosialt sikkerhetsnett er ein annan.

Vi skal ikkje langt tilbake i tid før det også i Norge var vesentleg større barnekull enn i dag. To av mine eigne besteforeldre hadde 10 syskjen. Ser vi attende gjennom historia var talet på fødslar i ein familie langt meir vanleg enn dagens syskenflokkar på to eller tre. Som i mange land utan ein utbygd velferdsstat var familien den fremste økonomiske tryggleiken for alderdomen også i vårt land tidlegare. At fleire born lever opp gjer til at ”alderdomen er sikra”, sjølv med færre born i kvar familie. I til dømes Norge reknar ein med at kvar kvinne i snitt må føde 2.1 barn for at folketalet skal halde seg stabilt. Det lave talet skuldast at barnedødeligheten er lav her. På verdsbasis er talet 2.33 barn pr kvinne – og i fattige land kan det vere over 3.

Det er ikkje anna enn forståeleg at folk i fattige land for mange born, for å skaffe seg eit sikkerhetsnett. Slik sett er kanskje den viktigaste bistanden Norge kan gje ovanfor u-land med stor folkevekst, bistand til vaksine og fokus på å hindre barnedød og mødrehelse. På sikt kan det å redde fleire born og mødre frå sjukdom og død, ikkje berre vere eit spørsmål om rett etikk, men eit avgjerande viktig bidrag til å dempe talet på barnefødslar – og dermed folkeveksten på kloden.

Voldtekt som våpen

- We need to take action, sa ein engasjert utanriksminister Hillary Clinton då sikkerhetsrådet onsdag vedtok ein ny resolusjon i kampen mot overgrep mot kvinner og born i krig og konflikt.

I ein krigssituasjon er det ofte dei som ikkje er direkte deltakande i krigshandlingane som betalar den høgaste prisen. Seksuelle overgrep mot kvinner og born i dei mange krigane og konfliktene vi har rundt i verda er tiltakande. Det er skremande nok ein aukande tendens til at det er systematiske overgrep. Voldtekt blir brukt som våpen for å bryte ned familiar og lokalsamfunn. Slike overgrep kan vanskeleggjere varig fredsbygging.

Ein treng ikkje å vite mykje om krig for å sjå at dette er eit effektivt våpen. Slike overgrep råkar ikkje berre enkeltpersonar – men vi kan sjølv tenkje oss kva konsekvensar dei får i dei familiane som vert ramma – og dei lokalsamfunn der slike hendingar har gått føre seg. Samfunnsstrukturane vert rivne ned. Tryggleiken forsvinn.

I det krigsramma landet Kongo er forholda så grufulle at det er vanskelig å beskrive. Kvar månad vert det rapportert inn meir enn 1100 valdtekter, og dei fleste blir nok ikkje rapportert inn. Dei seksuelle overgrepa er systematiske og dei kjenner ingen alder.

Den nye FN-resolusjonen fører til at både systematiske seksuelle overgrep og systematisk lemlestelse/drap av born i krigssituasjonar skal registrerast. Dei land eller opprørsgrupper som brukar slike handlingar skal konfronterast. Det same har vore gjort mot rekruttering av barnesoldata. Det har hatt ein god effekt. Omfanget av bruk av barnesoldatar er redusert, og barnesoldatar er henta ut av kampgruppene.

Det er ikkje sikkert at FN gjennom arbeidet sitt opp mot medlemsland og partar i krig klarar å hindre alle overgrep i framtida, men kanskje tok verda sine statar eit lite steg på onsdag. Eg håpar at det i framtida skånar fleire mot dei grusomheter som desverre hender altfor ofte i mot uskuldige kvinner og born i krigssituasjonar.

Ein forfallen helt

Det er onsdag føremiddag og det minkar på folk frå ulike nasjonalitetar som sit på plassane sine i FN si generalforsamling. Etter ei eiga magisk stemning i salen under Obama sitt innlegg, og – får ein seie – det litt meir ustrukturerte, betydelig lengre og ikkje fullt så magiske innlegget til Libya sin leiar Moammar Ghadaffi – har fleire av oss behov for å strekke litt på beina.

På veg ut passerer eg rett forbi Zimbabwe sine seter i forsamlinga, og der sit presidenten Robert Mugabe og skodar ned i nokre dokument. Heile dagen har vi synes det har vore artig å gå mellom så mange statsleiarar og kjende politikarar at ein nesten kjenner seg som statist i ei CNN-sending. Synest av den kjende presidenten i Zimbawe gjer meg berre trist.

Robert Mugabe var Zimbabwe og mange naboland sitt svar på Nelson Mandela. Ein fridomshelt som kjempa mot apartheid og undertrykkinga av Afrika si befolkning. Han var tiljubla av sine landsmenn – av folk i heile Afrika, og sett opp til av mange i vesten som var med i kampen mot apartheid regimet. Han tok over styringa i Zimbabwe og bygde infrastruktur og satsa på utdanning. Folk opplevde høgare levestandar og meir rettferd.

No, ein del år seinare, klamrar den gamle mannen seg til makta. Han leier eit land som tross sine store rikdommar ikkje klarar å fø eiga befolkning – økonomien er ute av styring – utdanningssystem og infrastruktur forvitrar og opposisjonen vert trakassert og mishandla.

Mon tru om korleis han sjølv ser landet sitt no, undrar eg i det eg går forbi. For mens Nelson Mandela la vekt på forsoning, rettferd og sameksistens – holdt Mugabe hatet oppe mot dei kvite i Zimbawe. Og brukte det til å halde lovlig opposisjon i Zimbabwe nede. Landet som hadde store muligheter til å blomstre og utvikle seg som eit fyrtårn i Afrika både demokratisk og velstandsmessig, er på konkursens rand. Og det som kunne ha vore ein helt og ein fridomsforkjempar kjem til å gå inn i historia – ikkje som det – men som ein mann som sette sitt eige maktbegjær framfor sitt folk ve og vel.

Mugabe ser opp og fram mot talarstolen – snart skal han halde innlegget sitt i den forsamlinga som samlar alle verda sine leiarar. Situasjonen for sitt eige folk, demokratiet og ytringsfridomen i Zimbabwe blir nok ikkje det store temaet.

Har vi plikt til å hjelpe?

Vi har alle gjennom livet opplevd å få hjelp til små eller store ting av personar som ikkje nødvendigvis hadde noko plikt eller utbytte av å hjelpe oss – men som gjorde det likevel. I nokre tilfeller har denne hjelpa vore særs viktig, i andre tilfeller har den gjort kvardagen litt enklare.

Nokon vel å vere svært aktive og vel å bruke mykje ressursar og tid i liva sine for å gjere noko godt for andre. Det er nestekjærleik i praksis, og det står respekt av det.

Men har vi òg som fellesskap og nasjon eit ansvar for å hjelpe?

Kvart einaste år brukar Norge store ressursar for å bistå folk i fattige land med mat, klede, husly og utdanning. Ofte handlar dette om å hjelpe folk å overleve til neste dag, veke eller år. Vi gjer det ikkje fordi vi må, men fordi eit politisk fleirtal har sagt at dette er riktig. Vi har eit ansvar for å hjelpe menneske rundt i verda som ikkje har det same utgangspunkt som oss sjølve. Kritikken framført av andre politikarar er at vi har så store utfordringar på heimebane at vi bør kutte bistanden.

Det er ikkje vanskeleg å vere enig i at vi framleis har utfordringar på heimebane. Likevel – vi må ikkje la dei fattigaste og svakaste i verda bli salderingspost for det.

Gjennom FN bistår Noreg får at vi skal nå tusenårsmåla. Norge er mellom anna tredje største gjevar i verda til det globale vaksineprogrammet. Gjennom dette har vi bidrege til å hindre 3,4 millionar dødsfall ved at born har fått vaksine. Nær 7 millionar foreldre, som hadde måtte gravlegge sine eigne born, får i staden vonleg sjå borna sine vekse opp.

Det er viktig at vi klarar å sjå lenger enn vår eigen dørstokk – og eg håpar vi også i framtida vil ta mål av oss til å vere ein stor bidragsytar internasjonalt. Ikkje fordi vi må – men fordi vi som medmennesker er samde om at det er riktig!

Should I stay or should I go?

“I thank the Almighty God for granting me, once more, this opportunity to adress this important international meeting…..” Irans leiar Mahmoud Ahmedinejad har entra talarstolen i generalforsamlinga i FN på slutten av den fyste dagen med generaldebatt.

Han brukar innlegget sitt på å snakke om korleis materielle verdiar har overteke for andelege verdiar og korleis viktige ideal som rettferd, ærlighet og nøysomhet er blitt mindre verdt. Innlegget liknar meir på ei preike enn eit politisk innlegg – men heilt utan politikk er det ikkje. Representantane for dei ulike landa fylgjer spent med på om han kjem til å gjenta benektelsar av Holocaust eller andre ekstremitetar. Det gjer han ikkje, likevel er det mange land som forlet salen under tala til den Iranske leiaren. Grunnen er til dels harde angrep på vesten og vesten sitt engasjement i andre delar av verda. Mykje av påstandane var tendensiøse og lett å vere usamde i, likevel vel den norske delegasjonen å bli sittande.

FN si rolle er mellom anna å vere ein møteplass for alle verda sine statsleiarar. Mange av innlegga vil det vere usemje om, men det er likevel ofte riktig å bli sittande. Usakelege angrep må møtast med sakelege argument og skulle innlegg ein var usamde i resultere i at ein forlet salen kvar gong, så ville ikkje FN kunne fungert som den møteplassen det er meint å vere.

Den beste grobotnen for hat, fordommar og mistru er mangel på møteplassar, debatt og dialog. FN er den møteplassen verda har oppretta nettopp for å forebygge konflikt gjennom dialog. Vi må sikre at vi nyttar denne debattarenaen til å møte argument med argument og ikkje gjennom å forlate dialogen og halde for øyra.

Vil dei lukkast?

Tysdag samlast meir enn 100 av verdas statsleiarar i New York for å drøfte global oppvarming og klimaendringane verda står ovanfor. Blant dei som møter er den amerikanske presidenten Barack Obama, Kina sin statsleiar Hu Jintao, Japan sin nyvalde statsministerYukio Hatayama og vår eigen Jens Stoltenberg.

Etter ei heftig loddtrekning blant oss som er i den norske FN-delegasjonen, var det mellom anna FrP sitt medlem i delegasjonen som gjekk av med ein plass i møtet. Kanskje like greit. For det er eit paradoks at Norges nest største parti framleis vel å halde seg kritisk til FN sitt forskarpanel sine advarslar.

Medan statsleiarane for dei mektigaste nasjonane i verda samlast for å drøfte korleis ein kan avgrense auka i temperaturen til 2 grader, vel altså FrP framleis å bruke energien på å så tvil om konklusjonane.

Dei om det. For Senterpartiet handlar klimatrusselen om 2 av dei viktigaste prinsippa i vår politikk. Forvaltartanken og føre vàr-prinsippet. “Vi har ikkje arva kloden av forfedra våre, vi lånar den av etterkomerane våre” er ei god setning som minner oss om den viktige forvaltar-tanken.

Gjennom alle tider og generasjonar har folk vore opptatt av å sikre den neste generasjonen minst like gode livstilhøve som ein sjølv hadde. For vår generasjon handlar dette i høgste grad om miljø. Kombinert med prinsippet om å vere føre vàr, må dette resultere i at vi handlar på bakgrunn av dei alvorlege forskingsrapportane som no er framlagt, og går frå det fossile til det fornybare energisamfunnet.

Møtet på tirsdag kan bidra til at verdsleiarane kjem med nye ambisiøse posisjonar for å avgrense oppvarminga. Lukkast dei i det er vi kanskje endå nærare ei ny klimaavtale i København.

Det handlar om livsvilkåra til dei som skal etterfylgje oss på kloden. Verken meir eller mindre.

Tapte klimaet valet?

”Klimaet havna i skuggen”, var Naturvernforbundets kommentar til valresultatet. ”Veljarane forstod ikkje alvoret i klimakrisa”, hevdar Haltbrekken. Det er ei alt for enkel analyse.

I ei undersøking gjort av Synovate, svarte 24% av veljarane at miljø var viktigast når dei skulle velje parti. Berre skule og utdanning var viktigare. Ikkje sidan 1989, tre år etter Tjernobyl-ulukka, har miljø vore like viktig.

Eg trur at veljarane forstår alvoret i klimakrisa godt – og at det var ein av grunnane til at fleirtalsregjeringa vart gjenvald. Det er 40 år sidan sist det har skjedd. Veljarane forstod at den største faren for klimaet, var ei blå regjering som i større grad hadde opna for innflytelse frå det partiet som ikkje trur på klimakrisa – Frp.

Jørgen Randers og Marit Sjøvåg Marino har analysert partias klimapolitikk i perioden 2005-2009, og konklusjonen er klar: regjeringssamarbeidet med SP og SV har gjort Aps program for 2009-2013 langt vektigare på klimapolitikk enn førre program. SP vert rangert som eit like godt klimaval som V og KrF. Hadde viljen til å satse på fornybar energi – som er høgt prioritert i Sp sitt program – blitt betre vektlagt, ja då hadde Sp vore eit fyrsteval for dei som er opptatt av klima.

Senterpartiet har varsla ei storstilt satsing på fornybar energi, grøne arbeidsplassar og grøn samferdsel. Klima blir eit viktig tema inn i den nye regjeringsplattforma. Klimaet tapte ikkje valet.

Set du livet på spel for å røyste?

Under valet i Afghanistan intervjua Dagbladet ei vennegjeng som stod 50 meter unna vallokalet i Kabul. På spørsmål om kvifor dei stod så langt unna, svarte dei at dei fyst ville sjå om dei som stod fremst i køen fekk avgje stemma si trygt. ”Viss noko skjer med vallokalet, vil vi ikkje stå for nære”, sa dei.

Dei hadde grunner til å vere forsiktige. Avisene har strøymd over av rapportar om vallokalar som vart sett fyr på, menneskje som blei hengd berre fordi dei røysta, og folk som har fått både fingre, nase og øyre skorne av, berre fordi dei ville røyste. Mange afghanarar vart skremd frå å nytte røysteretten sin – men viktigast er det at mange ikkje let seg skremme.

Som valobservatør i mellom anna Georgia og Ukraina har eg lært at ein ikkje skal ta trygge val utan valfusk for gitt. For mange er det ikkje sjølvsagt at ein får vere med å bestemme korleis landet ein bur i skal styrast. Røysterett er ein fjern draum.

For oss i Noreg, er valdeltaking utruleg lett, og heilt trygt. Likevel utgjer sofa-veljarane ei stadig større gruppe – særskilt blant dei yngre. Stadig færre er medlem i eit politisk parti. Eg er redd for ei utvekling der vi ser reell røysterett som ei sjølvsagt rettighet. Det er eit trugsmål mot demokratiet.

Eg håper på stor valdeltaking på mandag. Vi står overfor mange og store utfordringar i tida som kjem. Klimakrisa er den største, og dei komande åra blir avgjerande for om vi klarar å unngå farlege klimaendringar. Både kloden og Noreg treng at folk engasjerar seg.

The only gay in the village?

Dagbladet hadde forrige fredag ein artikkel på temaet korleis det er å være den einaste homofile i bygda. Eg veit ikkje om det er grunn til å hevde at det er verre å leve som homofil i distrikta enn i byane – men det er eit faktum at mange homofile vel å flytte til byen. Noko av grunnen er vel sjansen for å finne andre i same situasjon.

Det mest alvorlege artikkelen tok opp er kor vanleg det er med truslar og vald mot homofile.

Ein skulle tru at det er meir eller mindre problemfritt å leve som homofil, bifil eller lesbisk i eit land kor lovverket har tatt inn over seg at kjærleik mellom to menneske har like stor verdi, uavhengig av kjønn og legning.

Slik er det ikkje. Dei som er intervjua i artikkelen, fortel om utfrysning og fysisk vald. Dei fortel om kameratar som på spørsmål om korleis dei ville reagert om nokon dei kjende stod frem som homofil, svarte: ”Eg ville drept han”.

Slike haldningar kan vi ikkje akseptere i samfunnet vårt og vi har alle ansvar for å konfrontere dei. Vi framleis ei lang veg å gå.

For Senterpartiet er det viktig at folk skal kunne velje å bu der dei vil, og føle at dei kan vere seg sjølve der dei bur. Det er trist når folk føler at dei nærast må flykte til byane for å kunne være seg sjølv.

Samstundes er det ikkje slik at livet som homofil eller bifil alltid er rosenrødt i byane heller. Ei undersøking gjort blant lesbiske, homofile og bifile tenåringar i Oslo, synar at ei av tjue lesbiske/bifile jenter og ei av fem homofile/bifile gutar har vært utsett for dagleg mobbing. Det er fire gonger fleire homofile ungdommar enn heterofile som det siste året har vorte utsett for vald som har kravd legebehandling.

Dette kan ikkje aksepterast, og må takast på alvor. Vi må halde fram med systematisk haldningsarbeid, i skulen, på arbeidsplassar og i organisasjonar.

Hugs at vi er alle med å skape rådande haldningar.

Vi treng IKKJE oljesand!

Helge Lund får meg til å tenke på Rock Hudson. Ikkje fordi dei både er høge og mørke, og har utsjånaden med seg – men fordi dei begge reklamerar for feil produkt.

I Aftenposten fredag 4. september, har Helge Lund eit flammande innlegg for oljesand. ”Vi trenger oljesand!”, skriv han, og grunngjev det med den forventa auken i verdas energi-etterspørsel. Han skriv riktig nok at oljesandprosjektet har betydelige utfordringar. Der kan han vanskeleg seiast imot. Om 10 år, vil prosjektet sleppe ut like mykje CO2 som heile den norske bilparken. I tillegg kjem ei rekke andre miljøproblem.

Helge Lund gjer seg sjølv til frontfigur for utvinning av oljesand. Rock Hudson var frontfigur for sigarett-røyking. ”Remember, you can smoke as many Camels as you want”, stod det i reklamen – og helse-effekta var god: ”Their costlier tobaccos never jangle your nerves”.

Mine nerver roar seg ikkje med tanken på at oljesand blir del av løysinga på energikrisa. Oljesand er like lite miljøvennlig som tobakk er helsefremjande. Vi må, på same måte som vi seier at oljefondet skal halde seg vekke frå enkelte typar investeringar som er miljøskadelege, ha slike reglar for det direkte statlege eigarskapet. Canada er sjølvsagt ansvarleg for eigne utslepp, men det er Stortingets ansvar korleis vi bruker fellesskapets kapital. Oljesand er åpenbart så forureinande at det neppe er i fellesskapets interesse.

Eg har snarare stor tru på morgondagens løysing: det grøne gullet. Senterpartiet vil løyve opp mot 8 milliardar årleg til produksjon av ny fornybar energi.

Er det mykje pengar? Ja, men det er likevel ikkje meir enn gevinsten frå 14 dagars oljeproduksjon.

Peak oil og grøn energi

Dagbladet og Dagens Næringsliv har advart mot ein komande oljekrise. ”Om åtte år er det slutt på olja”, skreiv Dagbladet, mens DN varsla ei omfattande oljekrise.

At olja kjem til å ta slutt, er det ingen tvil om. Om det skjer om 8, 20 eller 30 år, endrar likevel ikkje det faktum at vi må ut av den fossile tidsalder – og det må skje fort.

Senterpartiet meiner at utvinningstakta for olje må dempast, og nye fornybare energikjelder må på plass. Verda står overfor ei energikrise, ei klimakrise, ei matkrise og ei finanskrise. Disse heng saman. Vi har travelt med å snu spiralane i positiv retning.

Vi står fast på at utvinningstakta må reduserast. Vi vil ikkje ha oljeboring i Vesterålen, Lofoten og Møreblokkene. Steinalderen tok ikkje slutt av mangel på stein, men av di nye og betre løysingar vart tilgjengelig. Difor vil vi fokusere sterkt på utbygging av ny fornybar energi, som saman med sterkt fokus på energieffektivisering, kan syte for ei gradvis utfasing av den fossile energien.

Noreg – og verda – treng ei overgang til grøn industri. Vi har unike moglegheiter til å produsere alt frå bioenergi og vindkraft, til aluminium og anna til bruk i vindmøller og solcellepanel. Rapporten ”Slipp energien løs” har vist at for investeringar på 8,6 mrd årleg, kan vi utløyse heile 44 Twh ny fornybar energi.

Noreg er eit utruleg privilegert land. Ca 60% av vårt energiforbruk er frå rein energi – langt på veg vasskraft. Dette er bra, men ikkje nok. Vi trur at vindkraft og andre kjelder kan gi kraft til elektrifisering av biltransport og sokkelen. På sikt kan rein energi også være Noregs nye eksportvare.

Senterpartiet vil arbeide for at Noreg fortsatt er ei energinasjon, sjølv når oljen tar slutt.

Grøne sertifikat gir grøne arbeidsplassar

Den norske kraftproduksjonen er rein. Ca 60% av energien vi brukar, kjem frå utsleppsfri kraft – i hovudsak vasskraft. Det er bra, men ikkje bra nok. Vi treng ny fornybar kraft til å erstatte fossilt drivstoff på bilar, og til å kunne elektrifisere sokkelen. Det vil gje kutt i klimagass-utsleppa som verkeleg monnar.

Vi treng meir grøn kraft. Avtalen om grøne sertifikat er først og fremst godt nytt for klimaet. Målet er at avtalen skal syte for utbygging av 12-13 Twh fornybar el-kraft i Noreg i perioden 2010-2020. Det svarer til forbruket i 600 000 – 650 000 husstandar i Noreg.

Avtalen er også godt nytt for arbeidsmarknaden. Potensialet for fornybar kraftproduksjon er stort. Mange prosjekt som tidligare ikkje har vert sett i gang, blir no lønnsame å byggje ut. Det vil gi både inntekter og arbeidsplassar.

Sterke senter med levande omland!

Venstrepolitikar Alfred Bjørlo går i eit lesarbrev i Firda til angrep på Liv Signe og Senterpartiet som han meiner ikkje tek debatten om folketalsutvikling på alvor. Det ville i så fall vore oppsiktsvekkande.

Senterpartiet har alltid vore opptatt av korleis folketalet utviklar seg og kjempa mot sentralisering av makt, kapital og buseting som i stadig større grad samlar seg i Oslogryta. Senterpartiet sin kritikk av Georg Arnestad er ikkje at den gamle arbeiderpartimannen før kvart val står fram og gjev Senterpartiet skulda for alt som er vondt og vanskeleg – men at han tek av seg arbeiderpartihatten/skribenthatten og uttalar seg som forskingsleiar når han gjer det.

For Arnestad har ikkje noko grunnlag for å hevde at det er dei senterpartistyrte kommunane i Sogn og Fjordane som har folketalsnedgong – tala viser nesten motsett tendens. Den delen av landet der folketalsnedgongen har vore sterkast er i Finnmark. Der er det Arnestad sitt eige parti, Arbeiderpartiet, som har site med makta – Senterpartiet har i liten grad hatt makt der.

I Sogn og Fjordane treng vi sterke senter og livskraftige omland. Skal vi få det må vi sikre sentra eigen vekstkraft. Førde bygger seg no ein posisjon som sterkt senter nettopp fordi det har eit levande omland – Folketalet aukar no i Førde, men også i Jølster, Naustdal og Gaular.

Kanskje er litt av grunnen at vi ikkje har flytta alle funksjonar i lokalsamfunna som skule, helsesenter og eldreinstitusjonar frå Skei, Naustdal, Vassenden og Sande inn til Førde. Det finnast framleis levande lokalsamfunn og bygder rundt Førde, der innbyggarane brukar Førde by som regionsenter.

Senterpartiet har vore med på å styrke Førde gjennom grep som er med å stimulere til vekst. Vi har satsa på kompetanse og statlege arbeidsplassar gjennom å opprette Lotteri- og Stiftelsetilsynet, som no får enno fleire oppgåver, vi har lagt delar av NVE sitt ansvar på skred til Førde og styrka oppgåvene til NVE sitt regionkontor her. Vi har jobba med gode samferdsleløysingar, som er viktig for ein stad i vekst, gjennom satsing på E 39 og gangvegen på Sunde. Og vi har bidrege til satsinga på kultur gjennom å vere med å sikre bygginga av nytt kunstmuseum i Førde sentrum. I tillegg har styrkinga av kommuneøkonomien vore med å mellom anna å styrke næringsarbeidet i kommunane. På same måte har vi styrka andre senter i fylket.

I Finnmark har sentra i langt større grad vakse på bekostning av omlandet sitt. Det kan fungere godt så lenge det er noko å vekse på – no opplever dei aller fleste ”sentra” i Finnmark stagnasjon og attendegong. Her i Sogn og Fjordane har vi framleis høve å bygge opp sterke senter saman med livskraftig omland. Då trur vi i Senterpartiet at oppskrifta er å stimulere til næringsutvikling og gründerverksemd, ha gode og sterke velferdstenester innan skule og omsorg, satse på kultur og frivillig arbeid, bygge på kompetanse og finne gode samferdsleløysingar.

Alfred Bjørlo og Arnestad er med å teikne eit altfor dystert bilde. Me må no fokusere på at det skjer fantastisk mykje spennande rundt om i fylket vårt – folketalsnedgangen har snudd til folketalsvekst, det er nye arbeidsplassar på gang i samband med petroleumsnæring i Florø og på Lutelandet. Satsinga på fornybar energi og aktivitet knytt til det er spennande – her skjer det ting i Måløy, på Eid, i Førde, Høyanger, Årdal og andre stader. Viss vi skal gå oss fast i svartsynet og ikkje sjå dei mange positive ting som skjer rundt oss – ja då blir det vanskeleg å få til positiv utvikling i fylket vårt. Vi må bli enno flinkare å fokusere på moglegheitene!

Nye arbeidsplassar til Lutelandet!

Fredag vart Lutelandet Offshore sine planar presentert. Dei er godt nytt, både for arbeidsplassar på kort sikt, og for næringsutvikling i framtida. Satsinga på Lutelandet kjem samstundes med fleire positive oppslag om satsingar i fylket vårt som gjev nye arbeidsplassar og auka kunnskapsmiljø.

I Flora har offshoreaktiviteten auka og i Måløy skjer det spennande ting innan fornybar energi. Eg kunne holde fram med å nemne mellom anna Svelgen, Høyanger, Årdal, Nordfjordeid, Førde og Stryn der det alle stader er nye spennande satsingar på gang innan dette feltet. Vonleg er dette med å styrke ein trend med positiv folketalsutvikling som vi no er inne i.

For at folk skal ha ei reell moglegheit til å velje kor dei vil bu, må dei ha ein jobb å gå til. Det har ikkje vore ein nok variert arbeidsmarknad i fylket vårt . Alt for mange har sedd seg tvungne til å flytte til dei større byane når dei er ferdige å studere.

Fylket treng slike satsingar som Lutelandet Offshore no bidreg med. Dei vil starte produksjonen om eit år – og om to år, reknar dei med å ha ansatt 40-60 personar. Sjølv synes eg at den planlagde aktiviteten deira i forhold til havvindmøller og hav-energi er særleg positiv.

Eg har stor tru på at hav-energi er ei viktig framtidig del av den nye, grøne energieventyret. At vi får til slik aktivitet på Lutelandet, er strålande nyhende for både Fjaler og heile fylket – både for oss som bur her no, og etterkomarane våre.

Djerve mål og utfordrande tiltak

I dag inviterte Bellona, i samarbeid med Senterpartiet, til høyring på Stortinget. Temaet var Bellonas klimaplan for Noreg, og kva posisjonar Noreg skal ha i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Sidan FNs klimapanel la fram si rapport, har det knapt kome ei einaste positiv klimanyhende. Snarare tvert om. Isen smeltar fortare enn dei mest alvorlege anslaga. Havet kjem til å stige endå meir enn vi trudde for kort tid sidan. Jorda tek ikkje opp like mykje CO2 lengre som vi hadde rekna med. Det einaste positive i eit temmelig dystert bilete, er at det er mogleg å gjere noko med det.

Det er lettare å sette seg djerve mål, enn å finne dei gode tiltaka. Bellona utfordrar oss med rette, og rapporten deira inneheld mange gode tiltaksforslag. Vi kan ikkje rekne med at løysinga kjem heilt kostnadsfritt. Vi er nøydd til å akseptere nokre naturinngrep for å få produsert ny fornybar energi. Vi kjem ikkje utanom kostnader til fangst og lagring av CO2, utbygging av ny fornybar energi, og liknande.

Sjølv er eg langt meir bekymra for kostnadene ved å ikkje gjere noko for å stoppe klimaendringane. Å reparere skadane – i den grad det overhovudet let seg gjere – er mykje dyrare.

Når Senterpartiet til dømes vil bruke 6-8 milliardar årleg på å få til ny fornybar energi, er ikkje dette å kaste pengar ut vindauget. Vi må skilje mellom kostnad og investering. Vi er overbevist om at Noreg fortsatt skal vere ei energistormakt. Det er ei investering for framtida å snu fokus frå sort til grønt gull.

Starten på oljeeventyret kosta nok og nokre kroner før det ga gevinst.

Næringspolitikk sett frå Aker Brygge

-“Borgerlige” partier er mest næringsvennlige, seier NHO i partibarometeret dei har laga til stortingsvalet. For å kome til den konklusjonen, må ein sjå verda gjennom Aker Brygge-briller med sterk styrke.

NHO etterlysar eit klima for verdiskaping. Eit av standpunkta Senterpartiet får kritikk for, er at vi ikkje ønskjer oljeboring i Lofoten, Vesterålen og på Møreblokkene. Motsatt får til dømes Høgre skryt for å ville opne for oljeverksemd i alle lovande område utanfor Nord-Noreg. Slikt blir det verken godt klima eller god verdiskaping i fiskerinæringa av.

NHO har vurdert kva effekt partia sine program for komande stortingsperiode vil ha på vekst, verdiskaping og arbeidsplassar i næringslivet, og om politikken fremmer ei langsiktig, omstillingsdyktig og verdiskapande utvikling for Noreg. Eg merkar meg at ordet bærekraftig ikkje er utheva, men fyrst nemnt i kapittelet ”En bærekraftig energi- og miljøpolitikk” – der fritt fram for oljeboring vert premiert.

Senterpartiet går inn for ei massiv satsing på ny fornybar energi, og på nye, grøne arbeidsplassar over heile landet. Av omsyn til både framtidig verdiskaping og miljøet vil vi over i den fornybare tidsalder. Fornybar energi er den nye oljen. Senterpartiet vil arbeide for at Noreg og i framtida skal vere ein miljønasjon.

Sjølv Aker Brygge-brillane har ikkje klart å skugge for det faktum at Senterpartiet har ei god politikk for små og mellomstore bedrifter: vi scorar høgt på innovasjon og nyskaping, samferdsle, arveavgift og formueskatt på arbeidande kapital. I motsetning til NHO, har vi ikkje trua på å gi frå oss styringa på statlege selskap som StatoilHydro og Statkraft. Vi har heller ikkje trua på å gi frå oss styringa til Brussel. Dette resulterer i nye minus frå NHO

Eg oppmodar folk og særskilt folk som er opptatt av næringspolitikk til å lese undersøkinga sjølv. Mange vil finne at Senterpartiet sin næringspolitikk høver godt og at satsing på fornybar energi kan vere vel så framtidsretta som petroleumsaktivitetar i Lofoten og Vesterålen.

Statlege arbeidsplassar til Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane eit flott fylke å flytte til, eller flytte tilbake til. Tendensen har vore at ungdom reiser til andre fylker for å studere, og mange flyttar aldri attende. Dette til tross for at ei undersøking gjort for Framtidsfylket AS viser at 80 % av Sogn og Fjordingar som ikkje er busette i fylket, kan tenkje seg å flytte tilbake. Fylket har store moglegheiter – med fantastisk natur, gode lokalsamfunn og tilveksande byar. Det er fleire fylker som er i same situasjon. Og som har same utfordringa – folketalet flatar ut, eller går til og med attende nokon stader.

Ein treng ikkje vere statsvitar for å finne grunnaer til denne tendensen. Eg trur at ein av hovudgrunnane til denne utviklinga er for lite kunnskap blant unge om kva utval av arbeidsplassar som fins i fylket, og kanskje: for liten variasjon i arbeidstilbodet samanlikna med andre fylker. Jobb er grunnleggande viktig – ein jobb som ein kan trivast i og som gir utfordringar. Utan jobb er det heller ikkje aktuelt eller interesse for å ta med flyttelasset sitt tilbake til heimstaden.

Det er fleire måtar ein kan stimulere til meir variert og spennande arbeidsliv på: legge til rette for grunderar, satse på kunnskap og forsking, vidareutvikle dagens arbeidsplassar både i offentleg og privar sektor, og, til dømes, desentralisere statlege arbeidsplassar og funksjonar.

I Senterpartiet er vi opptatt av å legge arbeidsplassane ut til folket. Det finst ingen faglege grunnar til at størstedelen av statlege arbeidsplassar er lokalisert til hovudstaden! Tvert i mot er det ein stor fordel å legge arbeidsplassane ut frå Oslo for å ha eit breitt spekter av kunnskap og innsikt i statsforvaltninga. Ved å desentralisere statlege arbeidsplassar vil ein kunne skape utvikling i heile landet med dei ringverknadane som nye arbeidsplassar og verksemder gir.

Ein reell valfridom med tanke på kvar ein vil bu i dette landet avheng av at det er tilgjengelege arbeidsplassar i heile landet – eller høve til å skape ein eigen arbeidsplass. Senterpartiet vil at heile landet skal takast i bruk – og til det treng vi fleire arbeidsplassar rundt om i landet!

Biltrafikken går ned

I går kunne TV2 melda at vi kjører mindre bil. Dette er fyste gong dei siste 18 åra at vi har ein nedgong i biltrafikken, og nedgongen er størst på austlandet . Samstundes melder Ruter om rekordauke i kollektivtrafikken i hovudstaden, med heile 13% auke i årets fyrste fire månader.

Eg er ikkje i tvil om at den sterke satsinga på kollektivtrafikk i Oslo er med på å forklare auken. I Oslo er det no etterkvart ”rullande fortau” i sentrumsområda, og trikk som går kvart femte minutt i bykjerna.

Nokre stader i landet er bilen heilt nødvendig, andre stader kan eit godt kollektivtilbod gje eit godt nok transporttilbod for mange. Eit godt kollektivtilbod er difor ein føresetnad for å redusere unødvendig bilkøyring.

Arbeidet mot stadig aukande bilisme må halde fram. Nedgongen i vegtrafikken er størst for tunge kjørety – og minimal for lette kjørety. Det tyder nok på at finanskrisa langt på veg har ”æra”.

Tala understrekar likevel at det er gode grunner til å fokusera på kollektivtrafikken – men ikkje berre i dei store byane. I mitt eige heimfylka, Sogn og Fjordane, er vegtrafikken aukande. Det same gjeld Finnmark. Dette understrekar at også kollektivtilbodet i distrikta må styrkast – og at vi fortsatt må ha full trøkk på arbeidet med å erstatte dagens bilar med nullutsleppskjørety. For bilar kjem vi til å ha i landet vårt i uoverskueleg framtid, og då er det viktig at desse ureinar så lite som mulig.

Svolten?

Klokka er i skrivande stund 1142 og det er føremiddag og lysta på lunsj er sigande. Når vi er svoltne èt vi. Dei aller fleste i vårt samfunn har tilgang på mat til ein overkomeleg pris – vi kan dermed dekke det mest elementære behovet vi har i tillegg til vatn.

Ufattelege 920 millionar menneske på jorda svelt dagleg – det høgaste talet nokon sinne. Samtidig veks folketalet på jorda med stor fart.

Det har lenge vore “politisk korrekt” å hevde at berre dei fattige landa får eksportere mat – så oppnår dei vekst og velstand.

Men marknaden skiljer ikkje mellom land som har overskot av mat – og land der folk ikkje har råd å kjøpe den maten som vert produsert. Ein slik logikk er råd å forstå når det gjeld forbruksvarer som bilar og støvsugarar – det er ikkje rett å behandle mat på same måten. Det er eit stort paradoks at fleirtalet av dei sveltande bur i land som eksporterer mat.

Markedsliberalistane vil kjempe for ein marknad der det er balanse mellom produksjon og etterspørsel, også når det gjeld mat – dette vil få dramatiske konsekvensar for mange hundre millionar menneske som ikkje har kjøpekraft til å delta i denne marknaden – dei vil det ikkje vere mat til.

Forsyningar av mat er avgjerande og mange land sikrar seg no matjord i andre land. Investorar frå Saudi-Arabia leiger jord i Etiopia for å produsere ris og korn. Heile denne produksjonen vert eksportert til Saudi Arabia. Samtidig får Etiopia matvarebistand frå Verdens matvareprogram. Sør-Korea og dei Forente Arabiske emiratane har gjort store oppkjøp i Sudan. Mange døyr av svolt i landa dei skal hente maten sin frå.

Når vi påpeikar at det er vanskeleg at vi som rike land skal basere vår matforsyning på import frå land der folk svelt, så får vi høyre at vi kun er opptatt av å trygge norsk landbruk. Men dette handlar om noko mykje meir enn det.

Oppretthalding av nasjonal matproduksjon; plikt og rett til å sikre mat til eiga befolkning er ikkje i hovudsak eit spørsmål om ve og vel for norske bønder. Men eit spørsmål om å sikre menneska i alle land det mest elementære av alt, nemlig tilgang på mat og mulighet til å ete seg mette.

Sp vil ha lik nettleie for alle

Stortinget har nå vedtatt at det skal utredes lik nettleie for hele landet. Erling Sande, som er energipolitisk talsmann i Sp, ser dette som en seier. Vedtaket ble gjort i forbindelse med behandlingen av ny energilov. I dag kan strømmen faktisk være dyrere der den produseres.

Se VIDEO med Erling

Vi gir deg 40.000 kr i vrakpant

For å få flere til å kjøpe miljøvennlige biler, vil Senterpartiet gi 40.000 kroner til alle som leverer en bensin- eller dieselbil til opphogging.

Dette under forutsetning av at pengene går til kjøp av el-bil eller hybrid-bil. Vi greier oss ikke uten bil, men de bør gå på fornybar energi som strøm. Støtt miljøkampen, ved å gi Sp en stemme.

Se Erling Sandes VIDEO om vrakpant