Viser arkivet for april, 2013

Kamp mot firkanta miljøbyråkrati

(innlegg på Senterpartiets landsmøte, Loen 5. april 2013)

Som ny i energi- og miljøkomiteen i 2007, vart eg kjapt konfrontert med kritikk mot naturforvaltninga. Ofte er det lett å tenkje at kritikk mot byråkratiet er noko som alltid førekjem og at om ein berre går inn i sakene, har avgjerdene ofte ei logisk forklaring. Men slik er det ikkje alltid.

Eg har dei seinare åra sett på ei rekkje slike saker. Eg har møtt sauebønder som ikkje blir trudd når dei melder frå om rovdyrobservasjonar, og må vente til dei finn husdyra sine opprivne sommaren etter – før dei blir trudd. Eg har møtt den gamle mannen som har levd nær naturen i heile sitt liv – men som opplever at den erfaringsbaserte kunnskapen hans nær blir latterliggjort i møte med forvaltninga. Og det er mange fleire eksempler.

Ungdomar på eit øysamfunn som nærast blir utropt til naturfiendar fordi dei har plukka avfall i naturreservat, og som etter ei tid, seier den same naturforvaltninga at fuglelivet i reservatet er trua på grunn av avfallet som hopar seg opp i fjæra.

Bønder i Telemark som har grøfta for å sikre sæterhus og sætervoll – og som må møte staten i rettsvesenet fordi dei tek vare på verdiar og kulturarv.

Eg har snakka med folk i kommunar og fylke i Oppland og Hedmark som har jobba med forvaltningsplanarbeid i to år, og inviterte fylkesmannen til å delta. Fylkesmannen tok seg ikkje tida til det – men hadde rikeleg tid til å kome med innsigelser mot planane i etterkant.

Etter mitt syn er det i ferd med å bli eit klasseskilje, der ein avgrensa krets av byråkrater og enkelte naturvernorganisasjonar sit med definisjonsmakta – og dei som lever av og med norsk natur må finne seg i å få sin erfaringsbaserte kunnskap nedvurdert, sine observasjonar stilt i tvil, og sine meiningar latterliggjorde.

Sånn kan vi ikkje ha det. Det er på tide å finne frem Magnhild Meltveit Kleppa sine udødelege ord: “Me treng ei gjønågong”.

Dette må være ei prioritert sak for Soria Moria 3. Målet må vere ei naturforvaltning som:

- er nærare og meir demokratisk
- har sterkare folkeleg forankring
- respekterar den lokale og erfaringsbaserte kunnskapen.