Viser arkivet for mars, 2010

Køyr på høgare gir!

Visste du at du berre ved å køyre på høgare gir, ta av skiboksen og ha riktig lufttrykk i bildekka kan redusere CO2-utsleppa frå bilen din?

Transportsektoren har dei raskast voksande utsleppa av alle sektorene i Noreg, og er også den sektoren som det er mest utfordrande å få redusert utsleppa frå. Men ikkje alle klimatiltak er dyre eller kompliserte. Klimakur har rekna ut at ved å endre måten vi køyrer på, til såkalla økokøyring, kan du kutte 10-20% av utsleppa frå bilen din. Samstundes skånar du lommeboka for 10-20% av utgiftene til drivstoff.

Klimakur rekna ut at enkle endringar i køyrestil og vanar kan gje ei reduksjon på 32 400 tonn CO2 på landsbasis innan 2020. Ei viktig oppgåve blir å syte for at flest mogleg av Noregs bilistar får vite korleis dei kan endre køyrestil.

Eit viktig verkemiddel er å gå på økokøyringskurs. Samstundes har eg stor tru på å gjere informasjonen mest mogleg tilgjengeleg. Alle norske bilførare er jevnleg innom ei bensinstasjon. Det gjer stasjonane til den viktigaste møteplassen for informasjon om økokøyring.

Difor har Senterpartiet og NAF gått saman om ei oppmoding til Norsk Petroleumsinstitutt om å auke innsatsen med å informere kundane om korleis dei kan køyre meir økonomisk – og dermed skåne klimaet og lommeboka på same tid.

Vatn er liv

Kvar einaste dag døyr om lag 6000 born under 5 år, av vassrelaterte årsaker. Svimlande 1,2 milliardar menneskje manglar reint vann. 2,6 milliardar manglar grunnleggande sanitærforhold. Måndag markerte vi verda sin vassdag – temaet er vasskvalitet.

”Vassmangel trugar Bergen – kommunen held krisemøte”, alarmerte avisene tidlegare denne månaden. ”No treng du ikkje lenger koke vatnet”, sa ei letta Vann- og avløpsetat i Oslo i februar. ”Opptil 6000 menneskje vart sjuke av Giardia, men epidemien kunne vore unngått”, stadfesta ei uavhengig gransking av utbrotet i Bergen.

Grunna ein kald og tørr vinter, er vassmagasina nærast tømd i deler av Hordaland. Etne kommune ber folk om å ikkje vaske bilen, og å ikkje la vatnet renne i springen. Dei vestre delane av Bergen må koke vatnet og bilvask er forbode. For nokre av dei som vart råka av giardia-parasitten, vart dei helsemessige plagene alvorlege. I Noreg har vi likevel berre fått ei lita smakebit av kor store konsekvensar vassmangel og dårleg vasskvalitet kan gje. Folk enkelte andre stader i verda opplever ein konstant mangel på reint vatn.

Verda sin vassdag vart oppretta av FN i 1992, for å setje fokus på i kor stor grad vassressursar medverkar til økonomisk vekst og sosialt velvære. FNs tusenårsmål forpliktar medlemslanda å halvere talet på menneskje som ikkje har tilgang til reint vann og gode sanitærforhold.

Den store folkeveksten verda står ovanfor er eit av vår tids store utfordringar. Vi må rekne med ei auke i tal menneske på jorda med nær 50% dei komande tiåra. Alle desse har i likskap med resten av oss rett til mat og vatn. Anslaga for verda sin tilgang på reint vatn varierar, men det er ikkje tvil om i kva retning det går. Dei som har lite nedbør, kjem til å få mindre. Dei som har mykje, kjem til å få meir. Elvane som forsyner store delar av verda med ferskvatn har krympa dramatisk dei siste 50 åra grunna både nedbørsendringar og at vatnet vert leda bort til jordbruksformål, og utviklinga kjem til å fortsette.

Situasjonen krev eit større fokus på vatn i åra som kjem. Vatn må brukast meir effektivt, til dømes ved resirkulering og mindre behov for vatning innan jordbruk. Det kan byggast reservoar, plantast arter som er mindre følsame for tørke, og overførast vatn frå område med rikelig med nedbør. Ny teknologi vil bære med seg nye viktige løysingar. Men oppgåva er massiv, og dei landa som vert hardast råka, har sjeldan midlar til å gjere noko med det sjølv. Vi har òg eit ansvar for å hjelpe dei som råkast av den aukande vassmangelen på kloden. Årets slagord er ”Reint vatn for ei frisk verd”. Noreg må gjere sitt for å oppfylle slagordet i vårt internasjonale arbeid