Viser arkivet for februar, 2010

Kald vinter på varm klode

Klimamøtet i København resulterte ikkje i ei bindande avtale, og skuffelsen var stor hos mange forskarar, politikarar og aktivistar som var til stades. Dei same personane hadde knapt nådd å reise heim før Noreg fraus til – og sidan har det vore kaldt. Tok dei feil?

Enkelte bloggarar og klimaskeptikarar hevdar det. Det er særs lite gjennomtenkt. Fyst og fremst må vi skilje mellom vær og klima. Ein kan ikkje spå lange trendar berre ut frå ein vinter. Og sjølv om den lokale oppvarminga ser ut til å ha tatt ei pause, fortsett den globale.

Denne vinteren var det varmare på Svalbard enn i Oslo. I Longyearbyen var middeltemperaturen over 8 grader høgare enn normalt. Det har vore temperaturar godt over normalen i Nord-Afrika og austlege delar av Middelhavsområdet. På verdsbasis var januar den varmaste sidan dei instrumentelle målingane starta på 1800-talet.

Vintre som den vi har hatt i Noreg i år, er utrydningstrua. Den globale oppvarminga er diverre ikkje avlyst. Arbeidet for å få ned CO2-utsleppa må fortsette.

Spare på skillingen og la klimaet gå?

Rapporten Klimakur 2020 vart presentert 17. februar, og fyste foredragshaldar nådde knapt ned frå talarstolen før dei første artiklane kom på nettavisene. Spørsmålet ”Vil DU betale 25 kr literen for bensin for å redde klimaet?” var eit gjennomgangstema, og fokus har langt på veg vore på kor mykje kuren vil koste for kvar av oss. Men klimakur var mykje meir enn det.

Fyst og fremst må det understrekast at Klimakur er ei samling virkemiddel vi politikare kan velje frå. Nokre vil bli gjennomført, og nokre kjem vi til å velje bort. Den solide rapporten viser kva dei ulike tiltaka vil koste. Det vi ikkje kjem utanom, er at vi må gjere det som trengs for å redde klimaet.

Prisen på klimakuren må setjast i perspektiv. SSB har rekna ut at tiltaka som trengs, vil koste rundt rekna tre kronar per nordmann per dag. Prisen på å la klimaendringane gå sin gang, er derimot særs vanskeleg å fastsetje. 3 kroner har vi vel gjerne råd til for å sikre etterkomarane våre dei same klimatiske levevilkåra som oss sjølve?

Til tross for ein kald og tørr vinter i år veit vi at prognosane framleis seier meir ekstrem nedbør, med påfølgande flaumfare og rasfare. Det kjem vi til å merke på forsikringsprisane. Vi veit at norske havområdar vert surare, men ikkje kor store problem det kan skape for til dømes fiskerinæringa. Vi veit og at havet kjem til å stige.

Prisen for å fortsette som vi gjer no er truleg svært høg. Å oppfylle Noregs klimaforpliktelser er tross alt mykje billigare. Om vi gjer det, kjem vi til å være like rike til påske 2020 som vi elles ville vært til jul 2019. Er du med på å bidra med 3 kroner per dag i klimadugnaden?