Forum: Ope forum

Kamp mot firkanta miljøbyråkrati

(innlegg på Senterpartiets landsmøte, Loen 5. april 2013)

Som ny i energi- og miljøkomiteen i 2007, vart eg kjapt konfrontert med kritikk mot naturforvaltninga. Ofte er det lett å tenkje at kritikk mot byråkratiet er noko som alltid førekjem og at om ein berre går inn i sakene, har avgjerdene ofte ei logisk forklaring. Men slik er det ikkje alltid.

Eg har dei seinare åra sett på ei rekkje slike saker. Eg har møtt sauebønder som ikkje blir trudd når dei melder frå om rovdyrobservasjonar, og må vente til dei finn husdyra sine opprivne sommaren etter – før dei blir trudd. Eg har møtt den gamle mannen som har levd nær naturen i heile sitt liv – men som opplever at den erfaringsbaserte kunnskapen hans nær blir latterliggjort i møte med forvaltninga. Og det er mange fleire eksempler.

Ungdomar på eit øysamfunn som nærast blir utropt til naturfiendar fordi dei har plukka avfall i naturreservat, og som etter ei tid, seier den same naturforvaltninga at fuglelivet i reservatet er trua på grunn av avfallet som hopar seg opp i fjæra.

Bønder i Telemark som har grøfta for å sikre sæterhus og sætervoll – og som må møte staten i rettsvesenet fordi dei tek vare på verdiar og kulturarv.

Eg har snakka med folk i kommunar og fylke i Oppland og Hedmark som har jobba med forvaltningsplanarbeid i to år, og inviterte fylkesmannen til å delta. Fylkesmannen tok seg ikkje tida til det – men hadde rikeleg tid til å kome med innsigelser mot planane i etterkant.

Etter mitt syn er det i ferd med å bli eit klasseskilje, der ein avgrensa krets av byråkrater og enkelte naturvernorganisasjonar sit med definisjonsmakta – og dei som lever av og med norsk natur må finne seg i å få sin erfaringsbaserte kunnskap nedvurdert, sine observasjonar stilt i tvil, og sine meiningar latterliggjorde.

Sånn kan vi ikkje ha det. Det er på tide å finne frem Magnhild Meltveit Kleppa sine udødelege ord: “Me treng ei gjønågong”.

Dette må være ei prioritert sak for Soria Moria 3. Målet må vere ei naturforvaltning som:

- er nærare og meir demokratisk
- har sterkare folkeleg forankring
- respekterar den lokale og erfaringsbaserte kunnskapen.

Fredsprisen bør gå til Bialiatski

I dag har eg har nominert menneskerettsforkjempar Ales Bialiatski frå Kviterussland til Nobels Fredspris 2013. Bialiatski vil vere ein verdig vinnar av fredsprisen.

Politisk arbeid og arbeid for menneskerettane er risikosport i Kviterussland. Ales Bialiatski er ikkje skuggeredd. Med stor fare for eigen tryggleik har han via livet sitt til å gjere menneskeretts-situasjonen i Kviterussland betre. Han har vore arrestert ei rekkje gonger som følgje av sitt arbeid for menneskerettar og mot eit totalitært regime; fyste gong i 1988. Han stifta menneskerettsorganisasjonen Viasna i 1996, og under hans leiing har senteret hjulpet tusenvis av ofre for regimets undertrykking. Viasna samlar òg informasjon om menneskerettsbrot, arbeidar for å spreie kunnskap om menneskerettar, overvaker vala i landet – og spreier informasjon om det.

Det gjer ein ikkje ustraffa i Kviterussland. Styresmaktane har gjentekne gonger freista å vengeklippe både Bialiatski og organisasjonen Viasna. Bialiatski sjølv har vore fengsla sidan november 2011, då han – etter ei politisk motivert dom – vart idømd 4,5 års fengsel. I valet mellom eksil og fengselsstraff, valde han sistnemnde for å sette søkelys på menneskeretts-situasjonen i Hviterussland. Han sit no fengsla under kummerlege forhold.

Fredspris til Bialiatski vil sette søkjelyset på dei uverdige tilhøva for menneskerettane i Kviterussland og mot det som med rette kallas Europas siste diktatur.

Som valobservatør i Kviterussland i 2012, observerte eg kor sjangselause opposisjonskandidatane var, både til å køyre valkamp, og til å nå gjennom med sitt bodskap – om ein då ikkje allereie var hindra i å stille som kandidat. Eg såg sjølv korleis massivt valfusk effektiv var med å stenge døra for eit sete i parlamentet, for kandidatar som mot dårlege odds hadde klart å passere barrierane og fikk stille til val. Den massive internasjonale kritikken mot valet til nytt parlament i Kviterussland kom ikkje overraskande på nokon. Eg har vore valobservatør i fleire tidlegare sovjetrepublikkar, men tilhøva for dei demokratiske kreftene i Hviterussland er dei vanskelegaste eg har opplevd. Og framleis sit fleire regimekritikarar i fengsel etter presidentvalet i 2010.

Nobels fredspris 2013 bør gå til ein som har gjort ein særleg stor innsats for verdiar som vi tek som ei sjølvfølge. Slik er det ikkje i Bialiatskis heimland. Ei rekkje styresmakter, og internasjonale organisasjonar, peikar med rette på den nedslåande situasjonen for menneskerettar og demokrati i Kviterussland. Tortur er utbredt, og fengselstilhøva er særs kummerleg. Hviterussland er det einaste landet i Europa som både idømmer og gjennomførar dødsstraff. Ei rekke rapportar viser at kritiske journalistar, menneskeretts-aktivister og opposisjonspolitikarar er utsett for press, represaliar og truslar frå styresmaktene. Hviterussland har fleire politiske fangar. Opposisjonen har vanskelige kår, med overvaking, trakassering og arrestasjonar. Politiet går systematisk til verks for å slå ned på uavhengig politisk verksemd. Domstolane er ikkje uavhengige, og mange saker er politisk styrt. Det er høg grad av korrupsjon i landet. Mellom anna sonar ein journalist ein dom på fem år for å ha fornærma presidenten i ein artikkel. Det er vanskeleg å forstå og akseptere at dette skjer her i Europa i vår tid.

Eg meiner at Nobels fredspris bør bidra til å vende verda sine auge mot situasjonen i Kviterussland. Bialiatski har ofra mykje for det målet. Han har gjennom i rekkje år vist eit ekstraordinært mot, og ein overlegen viljestyrke, med eit mål for auge: betre menneskeretts-situasjonen i Hviterussland. Arbeidet har so langt gitt han ei rekkje internasjonale priser som anerkjenning av hans arbeid for fred og menneskerettar. Nobels fredspris 2013 bør bli den neste.

Nobels fredspris for 2013 bør gå til ein som verkeleg fortener han. Ales Bialitski er en særs verdig kandidat. Å gje Nobels fredspris til Ales Bialiatski, er i Alfred Nobels ånd.

Ufritt og urettferdig val i Hviterussland

Valet til nytt parlament i Hviterussland var allereie lenge før valdagen dømt til å få massiv kritikk. Fleire framståande representantar for opposisjonen fekk ikkje lov å stille til val. Framleis sit fleire regimekritikarar i fengsel etter presidentvalet i 2010. Opposisjonen fekk minimal representasjon i valkomiteane. Enkelte av dei opposisjonspolitikarane som stilte til val vart hindra eller sensurert i den tildelte sendetida i media. Uavhengige journalistar blir hindra i arbeidet sitt, det er også eksempel på arrestasjonar. Mellom anna sonar ein journalist ein dom på fem år for å ha fornærma presidenten i ein artikkel. Det er vanskeleg å forstå og akseptere at dette skjer her i Europa i vår tid.

OSSE si sterke kritikk av gjennomføringa av valet, kjem ikkje overraskande. Eg har vore valobservatør i fleire tidlegare sovjetrepublikkar, men tilhøva for dei demokratiske kreftene i Hviterussland er dei verste eg har opplevd.

OSSE kritiserar Hviterussland for ei rekke brot på god valgjennomføring. Matteo Mecacci, leiaren av OSSEs korttidsobservasjon, oppsummerte det klart: «Eit fritt val er avhengig av at folk har frihet til å snakke, til å organisere seg, og å stille til val. Dette så vi ikkje i denne kampanjen».

På tross av at det var venta at valgjennomføringa kom til å være nokså kritikkverdig, meiner eg at det er riktig at vi sender valobservatørar til landet. Eg er usamd med dei som hevdar at det kan bidra til å legitimere valet. Nøytrale auge inn i ein valprosess gjer merksemd rundt demokrati og menneskerettigheter. Det er viktig at vi bryr oss, og viser at vi er opptekne av kva som skjer i Hviterussland.

Eg håpar at den internasjonale interessa og engasjementet bidreg til demokrati og menneskerettar i Hviterussland på sikt.

Naivt frå Oddekalv

I VG 18. juli har Miljøvernforbundets leiar, Kurt Oddekalv, eit temmelig tendensiøst innlegg om kor meiningslaust og miljøskadeleg det er å produsere meir fornybar energi. Han hevdar at det er naivt å tru at fornybar elektrisitetsproduksjon kan erstatte olje, som til dømes brukas i 95 prosent av dagens transport.

Eg er djupt usamd med Oddekalv. Meiner han verkeleg at vi ikkje skal produsere fornybar kraft som kan erstatte den fossile energien som i dag brukas til dømes i transportsektoren? Meiner han at det er ok at vi skal basere oss på like stor grad av fossil energi også i framtida? Kor er viljen hans til å gjere noko for å vri forbruket frå fossil til fornybar energibruk?

Ingen er usamd i at ein bør energieffektivisere samfunnet, men det er naivt å tru at vi løyser den globale klimakrisa med straumsparing åleine. I Senterpartiet meiner vi tvert om at dei fornybare ressursane er ein nøkkel for å møte både klimautfordringane og det auka energibehovet.

Oddekalvs innlegg vitnar om spriket som er i den såkalla ”miljørørsla” i Noreg. Rørsla er splitta mellom dei som er mest opptekne av vern, og dei som er opptekne av å bruke naturen for å stogge det største trugsmålet som finst mot naturen – klimaendringane.

Verda treng energi. I Noreg kan vi produsere begge delar på miljøvennleg og berekraftig vis. Vi er rike på både naturressursar og kompetanse. Senterpartiet vil ha meir fornybar energi, som kan erstatte den fossile energien. Naturen og miljøet har ikkje råd til at vi lar vere.

Venstre i klima-spagat

Venstre kritiserar klimameldinga. Samstundes har dei opna dørane for regjeringssamarbeid med FrP. Det kan bli ei ytterst krevjande spagat.

Venstre kritiserar klimameldinga for å inneholde for lite. Dei håper på at forhandlingane i Stortinget gjer rom for forbetringar. FrP, på si side, meinar åpenbart at klimameldinga inneheld for mykje. Dei fryktar som vanleg for prisane på bilar.

Det er særs vanskeleg å sjå føre seg korleis Trine Skei Grande og resten av Venstre trur at flørtinga med FrP kan avle fram god klimapolitikk. Eg kan ikkje sjå korleis Venstre på den eine sida kan fortsette å smykke seg med grønfargen sin, og samstundes gjere vegen til makta kortare for det einaste partiet på Stortinget som er kritisk til om klimaendringane er menneskeskapte, og som har ytra rikeleg med kritikk mot FNs klimapanel. Korleis Venstre kan tru at klimapolitikken kan bli betre om dei får halde FrP i handa, er ei gåte.

Lista over miljø- og klimasaker som aldri kjem til å bli realisert om FrP får vilja si, er lang. To eksempler: FrP vil bore etter olje i Lofoten og Vesterålen. Venstre vil ikkje ha petroleumsverksemd i desse områda. Venstre, Senterpartiet og KrF gjekk av som regjeringsparti i år 2000, på grunn av krav til rensing av gasskraft. FrP ivrar for gasskraft utan rensing.

Venstre har vald å go’blunke til Stortingets klima-badboys. Det kan bli ei svært krevjande øving å få eit eventuelt framtidig ekteskap til å fungere, særleg om Venstre meinar alvor med klimapolitikken sin.

Det bør være skilnad på å forlove seg, og å love for mykje. Her har nok Venstre gjort begge delar. Det blir ikkje god klimapolitikk av å la FrP styre skuta.

Klima for grøne arbeidsplassar

Klimameldinga som vert presentert i dag, er godt nytt både for klimaet og for Noregs framtidige næringsliv.

For Senterpartiet er det heilt sentralt at norsk klimapolitikk ikkje handlar om å kjøpe seg ut av klimaproblema, men bruke pengar i Noreg for å styrke konkurransekrafta til framtidas grøne næringsliv. 25 nye milliardar i fondsmidlar gjev oss sjans til å ligge heilt i front internasjonalt. Vår kraftkrevande industri er den reinaste i verda – no legg vi til rette for ytterligare energieffektivisering og Co2-reduksjon, slik at den er verdsleiande også i framtida.

I Noreg har vi fantastiske naturressursar, som bidreg til produksjon, industri og kunnskap innan fornybar energi. I tillegg er vi rike på kapital. Meldinga varslar meir rein energi inn i transportsektor, petroleumssektor og byggsektor på bekostning av fossil energi.

Noreg har store uutnytta ressursar i skogen. Eg er glad for at Senterpartiet fekk gjennomslag for å omforme meir skog til bioenergi, grøne arbeidsplassar og Co2-lager.

Fokuset på teknologiutvikling er heilt sentralt for å lukkast i den framtidige konkurransen. Det tek tid å utvikle eit grønt næringsliv, og derfor er auka satsing på forsking og utvikling ein nøkkel.

Slepp opp klimabremsen, Haltbrekken!

Vindkraft og annan fornybarproduksjon er ein del av løysinga på klimakrisa. Difor må Haltbrekken slutte å protestere mot all fornybar energi – dersom han framleis vil utfordre regjering og Storting på klimahandling.

Det er skilnad på å være varsam når det skal byggast ut ny fornybar energi, og å vere motstandar på rein automatikk.

Det er klimaendringane som er det største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald. Berre ei temperaturauke på 2 gradar, som er det verda i beste fall blir samde om, vil føre til auka risiko for utrydding for meir enn 20% av verda sine kjende kjente artar. Om verda ikkje får til eit dramatisk kurs-skifte, blir temperaturauken langt høgare enn dette. Det vil få skremmande konsekvensar.

Noreg treng meir vindkraft for at vi skal nå klimamåla våre. Naturvernforbundet bremsar så godt dei kan. Dei har klaga på heile 8 av 10 vindkraftprosjekt som er omsøkt til NVE. Med andre ord: dei har klaga på heile 97,93 % av all konsesjonssøkt vindkraftproduksjon. Dette kjem i tillegg til at dei stod bak om lag halvparten av klagene på småkraftsaker i 2010 og 2011.

Om Haltbrekken og Naturvernforbundet får vilja si, ser det mørkt ut for Noreg sitt viktigaste bidrag til klimakrisa.

Slepp vindkrafta fri, Haltbrekken. Det er vår!

Vindkraftkommunane må få si del av kaka

Kommunar som produserar vasskraft, har ei sjølvsagt rett til å få sin del av verdiane som blir produsert. Det skulle berre mangle.

Vasskraftkommunane forsynar heile Noreg med rein og fornybar kraft. Vasskrafta har produsert rein elektrisitet i Noreg sidan 1800-talet. Vasskrafta la grunnlaget for norsk industri, og for verdiskaping i hele landet. Kraftkommunane får ei sjølvsagt takk for hjelpa, sidan dei bidreg både til dette, og til å løyse ei av verdas største utfordringar: klimakrisa. Dei fremmar eit felles gode, og får rettmessig kompensasjon for at storsamfunnet får dra nytte av naturressursane deira. Det er trass alt innbyggarane i desse kommunane som må forhalde seg til dei naturinngrepa som vert gjorde for å sikre landet rein energi.

Nettopp difor ser eg ingen grunn til at folk i vindkraftkommunane ikkje skal få si del av kaka.
Både vindkraft og vasskraft produserar elektrisitet til gode for langt fleire enn seg sjølve. Der vasskraftkommunane får naturressursskatt og konsesjonskraft som takk for at storsamfunnet får fornybar energi skapt av lokalsamfunnas ressursar, må vindkraftkommunane forhandle med utbyggar for å få ei akseptabel avtale om kompensasjon. I motsetning til vasskraftkommunane, har vindkraftkommunane ingen lovfesta rett til å få sin andel av verdiskapinga.

Ein naturressursskatt/konsesjonsavgift vil gjere det meir føreseieleg både for utbyggarar og kommunar. Det vil også stimulere til utbygging av dei beste prosjekta. Mulighet for lokal verdiskaping er også med å forme haldningane til vindkraft i kommunar der utbygging er aktuelt.

Noreg har sett seg høge krav til framtidig utbygging av fornybar energi. For å få det til, er vi avhengige av at kraftkommunane – både dei som har potensiale for vasskraft og for vindkraft – vil bidra. Naturressursane i Noreg er store, og potensialet for utbygging av rein kraft er stort.

Det er ingen prinsipiell skilnad mellom vasskraftkommunar og vindkraftkommunar. Nettopp difor meiner eg at vindkraftkommunane bør få si rettmessige del av verdiskapinga, på linje med vasskraftkommunane. Det er til gode for folket i ressurskommunane – og klimaet.

Statoil si oljesandsatsing stoppar Canada sine klimamål

Energi- og miljøkomiteen har vore på studietur til Canada, for mellom anna å sjå på oljesandproduksjon. Eg skal innrømme at eg var skeptisk til oljesandutvinninga før eg reiste, men eg har lytta og sett med opne sansar og ope sinn.

Konklusjonen min er klar: Statoil bør selge seg ut av oljesandprosjektet sitt i Canada.
Oljesand er blant dei mest klimafiendtlege måtene å utvinne fossil energi på. Co2 utsleppa frå oljesand er opp til 13 gongar høgare enn dei som kjem frå plattformene i nordsjøen. Sjølv om Statoil håpar å redusere utsleppa etter kvart, vil dei likevel halde fram med å vere skyhøgt over det vi har på norsk sokkel og som er blant dei største utfordringane her i landet. Og det er eit paradoks at medan regjeringa no diskuterer ulike tiltak for utsleppskutt her heime ned til storleikar på under 100 000 tonn, så brukar vi det norske fellesskap sine midlar til investeringar i ein bransje som i løpet av dei 10 åra auke med mange 10tals millionar tonn.

Sjølv om det nok er riktig at klima-resultata av Statoils oljesandsproduksjon er noke mindre ille enn ved bruk av metodane til andre selskap, er det langt frå det same som å heve at det er bra. Klimamessig er det fortsatt ille. Produksjon av oljesand står i vegen for ei ny internasjonal klimaavtale, uansett kven som utvinn oljen.

Ser ein på totale utslepp ein vil få frå dei forskjellige oljesandprosjekta i Canada, vil dei bidra til større utslepp enn den globale maksgrensa for togradersmålet. Det er djupt urovekkande. Og det er også grunnen til at Canada har trukke seg frå Kyoto samarbeidet og ligg milevis frå å nå sine klimamål.
Kapitalforvaltaren Ecclestical Investment har seld seg ut av Statoil i protest mot oljesandutvinninga. Dei er bekymra for oljeselskapas manglande konsekvenstenking rundt oljesand.

Vi burde være like bekymra. Statoil bør ikkje være involvert i oljesandprosjekt. Våre felles verdiar burde ikkje investerast i aktivitet som står i direkte motstrid til Norge sitt arbeid for og mål om ei ny internasjonal klimaavtale.

Miljøvennleg datalagring

Statseigde Entra eigedom lanserar ”verdas mest sikre og miljøvennlege datasenter”, etter eige utsegn. Der vil dei lagre store mengder data for framtida. Dei er opptekne av at lagringa skal være fysisk sikra, dei vil gjenvinne energi i form av varme, og vi ha eit betrakteleg lågare energiforbruk enn ordinære datasentre.

Eg er skeptisk.

Eg kan ikkje sjå anna enn at Entra lar beliggenhet overstyre både miljøvennlighet og sikkerhet. Dei vel ei løysing som verken er innovativ, eller god energipolitikk.

Eg begrip ikkje kvifor Entra vel ei løysing som konkurrerar med spennande prosjekt i distrikts-Noreg, der ein kan nytta naturressursar lokalt. Eit godt døme er Lefdal gruve i Sogn og Fjordane. Ved å bruke gruvegangar, kjølevatn frå fjorden og lokalkraft er dette prosjektet både mindre energikrevjande og langt mindre omfattande i landskapet enn prosjektet til Entra. I tillegg skapar det lokale arbeidsplassar og verdiskaping av lokale ressursar. Prosjektet blir ikkje dårlegare av at datalagring inne i fjellet gjer eit nærast atombombesikkert skal. Lignande gode prosjekt finn vi i Rogaland og Telemark.

Likevel vel Entra eigedom å satse på Austlandsområdet. Dette til tross for at dei ikkje ein gong har fått i oppdrag av Staten å bygge det. Dei har ikkje politisk forankring for valet.

Store mengder energi skal altså fraktast austover, med eit tap på kanskje 8-10 prosent av krafta på linja, til eit meir energikrevjande prosjekt i Osloregionen.

Det er vanskeleg å forstå at skattepengane skal brukast til dette.

Atomtrugsmål mot Noreg?

Nyleg var eg på reise i Finnmark, og møtte Cecilie Hansen, SPar og ordførar i Sør-Varanger kommune. Ho ga meg ei klar oppmoding: ta tak i atomtrugsmålet frå Russland.

Hendingane i Japan viste tydeleg at atomkraft kan ha store negative konsekvensar, også i fredstid. I Noreg er vi framleis påverka av Tjernobyl-ulukka. Til dømes må sau frå dei hardast råka områda framleis nedforas før slakt, for å få radioaktiviteten ut av kroppen. Mattilsynes gjer fortsatt kosthaldsråd til dei som haustar kjøt, sopp og bær frå områda som fekk mest radioaktivt nedbør. Om vi blir råka av ei atomulukke igjen, kan det gå mykje verre. Eit utslepp frå Sellafield-anlegget i Storbritannia kan gje sju gonger meir forureining enn det som råka Austlandet etter Tjernobyl-ulukka.

Riktignok er kjernekrafta blitt sikrare no enn for 20-30 år sidan, men det er langt frå heilt sikkert. Nils Bøhmer i Bellona reknar det som mest sannsynlig at den neste kjernekraftulukka skjer i Russland. Også atomreaktorar i skip kan være eit trugsmål. Vi fikk ei påminning om det i juli, då atom-ubåten ”Jekaterinburg” brann ved Murmansk Oblast.

Atomsikkerhets-samarbeidet i nordområda blir stadig betre. I perioden 1995-2010 er det løyva om lag 1,5 milliardar kroner til dette arbeidet. Fem atom-ubåtar er hugga opp. 250 atomdrevne fyrlyktar er skifta ut. Kola kjernekraftverk er sikrare.

Eg forstår likevel godt at ordføraren og befolkninga vart urolege då atom-ubåten brann like ved stovedøra deira. Difor må vi fortsatt arbeide forebyggande, og vi må være forberedt. Når eg tek med meg Energi- og miljøkomiteen til Kirkenes og Murmansk i haust, blir dette viktige tema å ta opp.

Så lenge verda har kjernekraft, kan ulukker skje.

Meir lokaldemokrati og sunt folkevett!

Innlegg holdt under trontaledebatten 4/10-11:

Vi likar å framheve at dei demokratiske verdiane er trygt fundamentert i det norske samfunnet og den styringsmodellen vi har. Og det er grunn til å framheve det, og vi skal vere stolte av det.

Ikkje desto mindre er det difor grunn til å hegne om og vidareutvikle ein styringsmodell som tek folk på alvor, som sikrar medverknad og deltaking og som presenterer løysingar som treff folk der dei bur. Ein styringsmodell som må evne å justere seg dersom det må til for å sikre legitimiteten.

Vi må difor ikkje late auga att for at det er mange menneske rundt om i landet vårt som opplever at avstanden mellom dei styrande og dei som skal forholda seg til vedtak som vert gjort aukar. I energi- og miljøkomiteen får vi mange tilbakemeldingar på områder som arealforvaltning, rovdyr og vern. Mange føler seg makteslause i møte med ei forvaltning som i for liten grad gjev rom for fornuftig og berekraftig bruk, men vurderer små og store tiltak under same rigide regelverk.

Nokre kjenner seg framandgjorde i møte med språk og omgrep ein ikkje er kjende med og med juridiske formuleringar ein ikkje fullt ut klarar å vurdere fylgjene av. Regelverket vert stadig meir detaljert, utan at det nødvendigvis gjer det vert meir treffsikkert. Dei opplever at ansvar er fragmentert og ansvarspersonane vanskeleg tilgjengeleg, og at det vert utøvd skjønn som det ikkje alltid er like lett å fatte begrunnelsen for. Den som står for vedtaket sit ofte langt unna.

Mange opplever at den erfaringsbaserte kunnskapen dei har vert sett til side og nedvurdert av dei som er delegert mynde til å forvalte lov- og regelverk.

Eg trur ikkje dette er avgrensa til miljøområdet, men at det òg gjeld på mange andre felt.

Når eg tek opp dette temaet er det fordi vi Senterpartiet meiner vi har eit felles ansvar for å sikre at avstandane mellom dei styrande og dei som må forholda seg til avgjerdene ikkje vert for stor – at ikkje lov- og regelverk vert utforma på ein slik måte at det skapar forakt og at forvaltninga er oversikteleg og føreseieleg.

Den raud – grøne regjeringa har innanfor miljøområdet gjort fleire endringar som har bidrege til å flytte avgjerdene nærare folk og som i større grad tek høgde for at landet er ulikt. Lokale folkevalde peikar fleire stader på dei muligheiter som er kome som fylgje av den differensierte strandsoneforvaltninga. Landet er mangfaldig – løysingane må også vere det. Vi byrjar no sjå resultat av den differensierte forvaltninga i form av betre planer og betre prosessar. Mindre barrierar, byråkrati og tidsbruk for dei som vil gjere fornuftige tiltak i strandsona.

Eit anna område er arealforvaltninga i verneområder, der ein no etablerer områdestyrer som har lokal forankring. La meg også ta med rovdyrforliket som vart inngått i Stortinget før sommaren – og som også for fyrste gang på mange år går i retning mot meir lokal medverknad og i større grad å ta på alvor den delen av befolkninga som lever og driv næring i områder med mykje rovdyr. No er det viktig at forliket vert fylgt opp og svarar til dei forventningane folk rundt om i landet har.

Endringane eg har nemnt tener regjering og storting til ære. Det er ikkje slik at nærleik til avgjerdsprosessar, medverknad og forenkling fører til ei dårlegare forvaltning. Tvert om. Det skapar legitimitet, engasjement og gode løysingar. Eg blir meir og meir trygg på at ”vetet” er jamt fordelt utover landet vårt og at evnene til å finne gode løysingar på lokale utfordringar oftast ligg lokalt.

Vi må gå vidare langs desse vegane – Regjeringa må ha fokus på korleis ein ytterligare kan sikre lokaldemokratisk medverknad og styring i arealforvaltninga og korleis ein kan forenkle og desentralisere den statlege forvaltninga.

Annonse