Kamp mot firkanta miljøbyråkrati

(innlegg på Senterpartiets landsmøte, Loen 5. april 2013)

Som ny i energi- og miljøkomiteen i 2007, vart eg kjapt konfrontert med kritikk mot naturforvaltninga. Ofte er det lett å tenkje at kritikk mot byråkratiet er noko som alltid førekjem og at om ein berre går inn i sakene, har avgjerdene ofte ei logisk forklaring. Men slik er det ikkje alltid.

Eg har dei seinare åra sett på ei rekkje slike saker. Eg har møtt sauebønder som ikkje blir trudd når dei melder frå om rovdyrobservasjonar, og må vente til dei finn husdyra sine opprivne sommaren etter – før dei blir trudd. Eg har møtt den gamle mannen som har levd nær naturen i heile sitt liv – men som opplever at den erfaringsbaserte kunnskapen hans nær blir latterliggjort i møte med forvaltninga. Og det er mange fleire eksempler.

Ungdomar på eit øysamfunn som nærast blir utropt til naturfiendar fordi dei har plukka avfall i naturreservat, og som etter ei tid, seier den same naturforvaltninga at fuglelivet i reservatet er trua på grunn av avfallet som hopar seg opp i fjæra.

Bønder i Telemark som har grøfta for å sikre sæterhus og sætervoll – og som må møte staten i rettsvesenet fordi dei tek vare på verdiar og kulturarv.

Eg har snakka med folk i kommunar og fylke i Oppland og Hedmark som har jobba med forvaltningsplanarbeid i to år, og inviterte fylkesmannen til å delta. Fylkesmannen tok seg ikkje tida til det – men hadde rikeleg tid til å kome med innsigelser mot planane i etterkant.

Etter mitt syn er det i ferd med å bli eit klasseskilje, der ein avgrensa krets av byråkrater og enkelte naturvernorganisasjonar sit med definisjonsmakta – og dei som lever av og med norsk natur må finne seg i å få sin erfaringsbaserte kunnskap nedvurdert, sine observasjonar stilt i tvil, og sine meiningar latterliggjorde.

Sånn kan vi ikkje ha det. Det er på tide å finne frem Magnhild Meltveit Kleppa sine udødelege ord: “Me treng ei gjønågong”.

Dette må være ei prioritert sak for Soria Moria 3. Målet må vere ei naturforvaltning som:

- er nærare og meir demokratisk
- har sterkare folkeleg forankring
- respekterar den lokale og erfaringsbaserte kunnskapen.

Vist 601 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

I september er det slutt for dette micropartiet! Hvor mange kameler har dere svelget?
Hva har du gjort for at vi skal få et godt liv her i landet?
Lykke til med valget!

c.

Alt det der høyres fint ut, men spørsmålet er kva SP er i stand til å gjere med det, og “gjønogong” er ikkje godt nok, og Kleppa trur eg de skal la vere å sitere og heller lytte til ungdommen i partiet og kva dei vil, og høyrde og såg fosilet Lundteigen i “långsynskåpet” her om dagen og det han hadde av visjonar for kva SP skulle samle sine siste møkkaspredarar om var så avlegges politikk at kunne sendast på historske skraphaugen i lag GamleBorten, eller BortePer som han og blei kalla, einatste vetige de har vore inne på er reforhandling eller utmelding av Schengen-samarbeidet som etter kvart er blitt som ein einvegskjørt bomveg til helvete, for Norge, og bomfinasierte E39, kan de berre gløyme å få stemmer på, verste idiotprosjekt eg har høyrt gjete i mi tid når det gjeld veg, og eg har levd ei stund, men kjem de med fleire slike bort i meiningsløysa kostbare forslag for oss stakkars bilistar oppatte på alt anna av avgifter og fanskap på bil for oss som enno prøver å halde eu-godkjent bil på vegen trass innkrevjingshelvete det medfører så leverer eg inn rattet og går over til å skrive klageskriv på nettet på heiltid, og mest skal det gå ut over SP om så mykje som ein meter av den vegen blir bygd som bomveg, og godt råd, sats heller dei få statlege kronene de har fått sutra dokke til i statsbudsjettet til dette E39 prosjektet i valkampbidrag, antageleg fordi de ligg så dårleg an på meiningsmålingane at heile soriamoria prosjektet kan klapse saman som det korthuset det er, til å få orden på dei vegane vi har her vest så dei er køyrande utan fare for livet og helsa, og ein tanke og på stakkars bilane som oppatt på saltsupa dei skrensar rundt i blir rista til vrak på telehiv og anna rusk og hål i vegbana, og lys i mange av tunellane skulle det og ha vore med nye kablar osb så ein ikkje blir sittande med hjertet i halsen og følesen av å køyre inn i svartaste helvet uten opning i andre enden, men nyttar vel ikkje å seie noko når hovudene til dokke politikarane som no har handa på rattet her i landet for tida og er som svarte hol som for det meste er opptekne av å suge til seg avgiftskroner utan å sleppe frå seg anna enn lysande draumekveder, og lite anna, og så var det slutt på denne utblåsninga, forts følger ved neste anledning,..

Skal Senterpartiet ha en mulighet til å overleve , så må dei få bort Kleppa , Navarsete og O.B. Moe .
Desse er utgått på dato forlengst , og er for ugress å rekne i en fin plen !

Eg har møtt sauebønder som ikkje blir trudd når dei melder frå om rovdyrobservasjonar, og må vente til dei finn husdyra sine opprivne sommaren etter

Dokumentasjon før erstatningsutbetaling må vel gjelde her som i alle andre områder i samfunnet.

Eg har møtt den gamle mannen som har levd nær naturen i heile sitt liv – men som opplever at den erfaringsbaserte kunnskapen hans nær blir latterliggjort i møte med forvaltninga.

Latterliggjort er dine ord. Romantisering av erfaringsbasert kunnskap er en dårlig ide i naturforvaltninga. Kunnskap er noe mer enn observasjoner. Det er ikke så veldig mange år siden at fiskerne trodde svala overvintret på havets bunn. De observerte fuglene på båtene langt til havs, og drog denne slutningen. Denne teorien stod på trykk i Adresseavis tidlig på 1900-tallet.

Og de andre eklsemplene dine er forhold der enkeltpersoner har gjort egene subjektive vurderinger og brutt loven. Skal det gis dispensasjon fra regelverket, bør vel det behandles først. Eller mener du at alle kan gjøre sine egne vurderinger og handle fritt ut fra det uten å risikere at regelbruddet blir vurdert av domstolen? Da blir det i så fall anarki, da har du utspilt din rolle som stortingsmann.

Rovdyrstammen i Norge har flere og større rettigheter en husdyr , syke og eldre mennesker !

Rovdyrstammen i Norge har flere og større rettigheter en husdyr , syke og eldre mennesker !

Takk for et særdeles saklig innlegg i debatten.

At Norge er ett rettighetssamfunn er det ingen tvil om,men at rovdyra våre “sitter” på noen av disse rettighetene er tvilsomt.Ulven, som ble brukt som blink av våre beste menn og kvinner,i Lunde og Drangedal,hadde nok helt sikkert ikke det inntrykket.

Annonse

Nye bilder