Ufritt og urettferdig val i Hviterussland

Valet til nytt parlament i Hviterussland var allereie lenge før valdagen dømt til å få massiv kritikk. Fleire framståande representantar for opposisjonen fekk ikkje lov å stille til val. Framleis sit fleire regimekritikarar i fengsel etter presidentvalet i 2010. Opposisjonen fekk minimal representasjon i valkomiteane. Enkelte av dei opposisjonspolitikarane som stilte til val vart hindra eller sensurert i den tildelte sendetida i media. Uavhengige journalistar blir hindra i arbeidet sitt, det er også eksempel på arrestasjonar. Mellom anna sonar ein journalist ein dom på fem år for å ha fornærma presidenten i ein artikkel. Det er vanskeleg å forstå og akseptere at dette skjer her i Europa i vår tid.

OSSE si sterke kritikk av gjennomføringa av valet, kjem ikkje overraskande. Eg har vore valobservatør i fleire tidlegare sovjetrepublikkar, men tilhøva for dei demokratiske kreftene i Hviterussland er dei verste eg har opplevd.

OSSE kritiserar Hviterussland for ei rekke brot på god valgjennomføring. Matteo Mecacci, leiaren av OSSEs korttidsobservasjon, oppsummerte det klart: «Eit fritt val er avhengig av at folk har frihet til å snakke, til å organisere seg, og å stille til val. Dette så vi ikkje i denne kampanjen».

På tross av at det var venta at valgjennomføringa kom til å være nokså kritikkverdig, meiner eg at det er riktig at vi sender valobservatørar til landet. Eg er usamd med dei som hevdar at det kan bidra til å legitimere valet. Nøytrale auge inn i ein valprosess gjer merksemd rundt demokrati og menneskerettigheter. Det er viktig at vi bryr oss, og viser at vi er opptekne av kva som skjer i Hviterussland.

Eg håpar at den internasjonale interessa og engasjementet bidreg til demokrati og menneskerettar i Hviterussland på sikt.

Vist 151 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

http://sentertanken.wordpress.com/

Annonse

Nye bilder