Statoil si oljesandsatsing stoppar Canada sine klimamål

Energi- og miljøkomiteen har vore på studietur til Canada, for mellom anna å sjå på oljesandproduksjon. Eg skal innrømme at eg var skeptisk til oljesandutvinninga før eg reiste, men eg har lytta og sett med opne sansar og ope sinn.

Konklusjonen min er klar: Statoil bør selge seg ut av oljesandprosjektet sitt i Canada.
Oljesand er blant dei mest klimafiendtlege måtene å utvinne fossil energi på. Co2 utsleppa frå oljesand er opp til 13 gongar høgare enn dei som kjem frå plattformene i nordsjøen. Sjølv om Statoil håpar å redusere utsleppa etter kvart, vil dei likevel halde fram med å vere skyhøgt over det vi har på norsk sokkel og som er blant dei største utfordringane her i landet. Og det er eit paradoks at medan regjeringa no diskuterer ulike tiltak for utsleppskutt her heime ned til storleikar på under 100 000 tonn, så brukar vi det norske fellesskap sine midlar til investeringar i ein bransje som i løpet av dei 10 åra auke med mange 10tals millionar tonn.

Sjølv om det nok er riktig at klima-resultata av Statoils oljesandsproduksjon er noke mindre ille enn ved bruk av metodane til andre selskap, er det langt frå det same som å heve at det er bra. Klimamessig er det fortsatt ille. Produksjon av oljesand står i vegen for ei ny internasjonal klimaavtale, uansett kven som utvinn oljen.

Ser ein på totale utslepp ein vil få frå dei forskjellige oljesandprosjekta i Canada, vil dei bidra til større utslepp enn den globale maksgrensa for togradersmålet. Det er djupt urovekkande. Og det er også grunnen til at Canada har trukke seg frå Kyoto samarbeidet og ligg milevis frå å nå sine klimamål.
Kapitalforvaltaren Ecclestical Investment har seld seg ut av Statoil i protest mot oljesandutvinninga. Dei er bekymra for oljeselskapas manglande konsekvenstenking rundt oljesand.

Vi burde være like bekymra. Statoil bør ikkje være involvert i oljesandprosjekt. Våre felles verdiar burde ikkje investerast i aktivitet som står i direkte motstrid til Norge sitt arbeid for og mål om ei ny internasjonal klimaavtale.

Vist 1241 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder