Meir lokaldemokrati og sunt folkevett!

Innlegg holdt under trontaledebatten 4/10-11:

Vi likar å framheve at dei demokratiske verdiane er trygt fundamentert i det norske samfunnet og den styringsmodellen vi har. Og det er grunn til å framheve det, og vi skal vere stolte av det.

Ikkje desto mindre er det difor grunn til å hegne om og vidareutvikle ein styringsmodell som tek folk på alvor, som sikrar medverknad og deltaking og som presenterer løysingar som treff folk der dei bur. Ein styringsmodell som må evne å justere seg dersom det må til for å sikre legitimiteten.

Vi må difor ikkje late auga att for at det er mange menneske rundt om i landet vårt som opplever at avstanden mellom dei styrande og dei som skal forholda seg til vedtak som vert gjort aukar. I energi- og miljøkomiteen får vi mange tilbakemeldingar på områder som arealforvaltning, rovdyr og vern. Mange føler seg makteslause i møte med ei forvaltning som i for liten grad gjev rom for fornuftig og berekraftig bruk, men vurderer små og store tiltak under same rigide regelverk.

Nokre kjenner seg framandgjorde i møte med språk og omgrep ein ikkje er kjende med og med juridiske formuleringar ein ikkje fullt ut klarar å vurdere fylgjene av. Regelverket vert stadig meir detaljert, utan at det nødvendigvis gjer det vert meir treffsikkert. Dei opplever at ansvar er fragmentert og ansvarspersonane vanskeleg tilgjengeleg, og at det vert utøvd skjønn som det ikkje alltid er like lett å fatte begrunnelsen for. Den som står for vedtaket sit ofte langt unna.

Mange opplever at den erfaringsbaserte kunnskapen dei har vert sett til side og nedvurdert av dei som er delegert mynde til å forvalte lov- og regelverk.

Eg trur ikkje dette er avgrensa til miljøområdet, men at det òg gjeld på mange andre felt.

Når eg tek opp dette temaet er det fordi vi Senterpartiet meiner vi har eit felles ansvar for å sikre at avstandane mellom dei styrande og dei som må forholda seg til avgjerdene ikkje vert for stor – at ikkje lov- og regelverk vert utforma på ein slik måte at det skapar forakt og at forvaltninga er oversikteleg og føreseieleg.

Den raud – grøne regjeringa har innanfor miljøområdet gjort fleire endringar som har bidrege til å flytte avgjerdene nærare folk og som i større grad tek høgde for at landet er ulikt. Lokale folkevalde peikar fleire stader på dei muligheiter som er kome som fylgje av den differensierte strandsoneforvaltninga. Landet er mangfaldig – løysingane må også vere det. Vi byrjar no sjå resultat av den differensierte forvaltninga i form av betre planer og betre prosessar. Mindre barrierar, byråkrati og tidsbruk for dei som vil gjere fornuftige tiltak i strandsona.

Eit anna område er arealforvaltninga i verneområder, der ein no etablerer områdestyrer som har lokal forankring. La meg også ta med rovdyrforliket som vart inngått i Stortinget før sommaren – og som også for fyrste gang på mange år går i retning mot meir lokal medverknad og i større grad å ta på alvor den delen av befolkninga som lever og driv næring i områder med mykje rovdyr. No er det viktig at forliket vert fylgt opp og svarar til dei forventningane folk rundt om i landet har.

Endringane eg har nemnt tener regjering og storting til ære. Det er ikkje slik at nærleik til avgjerdsprosessar, medverknad og forenkling fører til ei dårlegare forvaltning. Tvert om. Det skapar legitimitet, engasjement og gode løysingar. Eg blir meir og meir trygg på at ”vetet” er jamt fordelt utover landet vårt og at evnene til å finne gode løysingar på lokale utfordringar oftast ligg lokalt.

Vi må gå vidare langs desse vegane – Regjeringa må ha fokus på korleis ein ytterligare kan sikre lokaldemokratisk medverknad og styring i arealforvaltninga og korleis ein kan forenkle og desentralisere den statlege forvaltninga.

Vist 176 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder