Naturvernere som rir to hester

Flere av de store naturvernorganisasjonene prøver å spille rollen som klimaets redningsmenn. De er for fornybar energi. Men mot anleggene som skal produsere den. Norges viktigste bidrag til det internasjonale klimaarbeidet er å utnytte våre enorme ressurser innen fornybar energi.

Verdens befolkning er hurtig økende og verden trenger energi. Allerede i dag lever 1,5 mrd mennesker uten tilgang på elektrisitet. Dette rammer deres tilgang til ren mat og rent vann, samt utdanning. Det internasjonale energibyrået har anslått en økning i energibehovet på 50% innen 2030. Med dagens politikk, vil 80% av økningen komme fra fossilt brensel.

Det vil resultere i en dramatisk økning i de globale CO2-utslippene. Samtidig advarer FN`s klimapanel oss mot dramatiske klimaendringer dersom utslippene av CO2 ikke bremses opp i den samme tidsperioden. En av de viktigste utfordringene for Norge og resten av verden er å få til en energipolitikk som reduserer klimagassutslippene. Senterpartiets grunnholdning er at jorden skal leveres videre til neste generasjon i minst like god stand som den var da vi selv overtok den. Storstilt tap av biologisk mangfold, og kollaps i økosystemer, er en reell fare ved klimaendringer. Det er en dårlig arv til barn og barnebarn.

Svaret er en sterk satsing på forsking og produksjon innen fornybar energi. Norge er i dag Europas største og verdens sjette største vannkraftprodusent. Norge har forpliktet seg til en fornybarandel på 67,5 % i 2020. Senterpartiet har i regjering styrket Norge som energinasjon. Vi skal ha den høyeste fornybarandelen i Europa.

For å nå forpliktelsen må vi produsere mer ren kraft gjennom vannkraftutbygginger og vindmøller til lands og til vanns. Skogsbilveier er en forutsetning for å ta ut tømmer. For å føre kraften frem, trengs utbygging av nettet. Dagens infrastruktur på nett og kraftverk er mellom 20-50 år gammelt. Det er til dels utslitt, og kapasiteten er sprengt. Selv om energieffektivisering er viktig og har et stort potensiale, er det alene langt fra nok. Våre ambisjoner om elektrifisering av sokkelen og transportsektoren krever nye kilowatt. Det trengs omfattende investeringer fremover.

Det er interessant å merke seg at Kina regnes som lokomotivet i utviklingen av fremtidens energiformer. Hovedårsaken til det er enkel – grønne arbeidsplasser innenfor energiproduksjon og miljøteknologi er en vekstnæring som øker raskt.

Alle vil i prinsippet ha mer fornybar energi – men noen er svært ivrige motstandere av de konkrete utbyggingsprosjektene. Det er et håpløst paradoks, og en lite konstruktiv inngang til klimautfordringen. Noen ganger er det gode grunner til å være varsom med å gjøre naturinngrep. Men det er stor forskjell på varsomhet, og å være motstander på ren automatikk.

Satsing på fornybar energi er positivt ikke bare for biologisk mangfold, men også for norske bedrifter og kompetansemiljøer. Det vil skape aktivitet, grønne arbeidsplasser og kunnskap i hele landet. Vi har allerede betydelige internasjonale fortrinn, både fra fornybar produksjon, men også fra vår erfaring fra bygging, drift og vedlikehold av havbaserte installasjoner. Vi har et svært godt utgangspunkt til å fortsatt være en energistormakt.

Det er et klart skille mellom organisasjoner som er opptatt av vern, og organisasjoner som er opptatt av miljø og klima. Det er talende at Oddekalv i Miljøvernforbundet omtaler Zero som ”kraftalkoholikere". Vi etterlyser en debatt som tydeligere viser det mangfoldet vi har mellom de ulike organisasjonene som vi i dag finner under paraplyen ”miljøbevegelsen” og som får fram at anlegg for produksjon og fremføring av fornybar energi og offensiv satsing på rensing av CO2 er god miljø- og klimapolitikk.

Vist 853 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Meir kraft på marknaden aukar forbruket. Forbruket må ned, og energieffektiviseringa må opp. Då tek vi vare på naturen og miljøet rundt oss. Vindmøller er ei miljømessig katastrofe!

Dette er et av de mest ignorante og naive innlegg i energidebatten jeg har lest. Vi skal altså bygge ned norsk natur og de siste elver for å redde natur i EU! Kraften skal vi selge dyrt pga lange overføringslinjer, høy norsk timelønn, og sponset med milliarder av våre felles midler. Mht fornybarandel ligger vi på et nivå allerede EU bare kan drømme om, der gjennomsnittet er ca. 8,5%. Energi, fornybar el. ikke bør produseres nærmest mulig forbruker; dvs ikke i Norge. Slike villedende holdninger og meninger Sande her framfører, er til skade for Norge og verden, og dessverre er det mange, særlig kraftkonsulenter, meglere og innen kraftbransjen generelt (bla. Auke Lont i statnett) som målbærer samme feilaktige påstander.

Det er ufatteleg at ansvarlege politikarar vil bygge ned norsk natur i den målestokk som Sande står for. Blåare kapitalistiske haldningar skal ein leite lenge etter. Han står for “ein evig vekst filosofi som skal redde verda” som er utrulig naiv…

Nei her er det kun reinhakka profitt som gjeld og ingen ting anna – pakka inn i glanspapir som Sande knyt sløyfe ikring!! Er det nokon som verkeleg trur på at kraftbransjen skal redde klimaet på jorda? Er det deira misjon? Dei har jo snart ete opp alt av elvar og vassdrag rundt oss, og no går dei laus på den sårbare kystnaturen vår… Og etterpå…? Hallo…!

Eg håpar Sande ein dag kan sjå sine barnebarnsbarn i auga og svare dei ærleg når dei spør kvifor han som var med på å styre landet gjorde dette…!

Gustav og Vegard. Eg har respekt for synet til naturvernarar som ikkje ynskjer inngrep i naturen i form av vindmøller og småkraftverk. Eg er uenig i at vi ikkje skal ta meir av naturen i bruk for å produsere energi, fordi eg meiner småkraftverk blir bygd på ein skånsom måte og knapt er synlege mange stader i naturen vår. Oppdemminga er særs avgrensa eller ofte ikkjeeksisterande. Skogsbilvegar for å ta ut bioenergi er også begrensa inngrep, men kan bety mykje for å drive bærekraftig utnytting av skogressursane våre. (Dei blir forøvrig også flittig brukt av folk som oppsøkjer naturen for rekreasjon.) Vindmøller og kraftledningar kan etterkomarane våre ta ned att om dei ikkje ynskjer dei Gustav, eller har funne andre og endå betre måtar å produsere energi på. Dei kan ikkje reversere dei klimaendringar vi kan kome til å fororsake om vi ikkje reduserer utsleppa av klimagassar. Då vil dei kanskje heller spørre oss kvifor ikkje vi, som har mellom dei største fornybare ressursane i heile Europa, ikkje tok desse ressursane i bruk for å bygge brua til det fornybare energisamfunnet. Men som sagt – eg har respekt for naturvernarar som er naturvernarar. Det eg har kritisert er dei i naturvernrørsla som ein dag kritiserer politikarane for å satse for lite på fornybar energi – og neste dag er ute og demonstrerer mot kraftverka, vindmøllene og linjene som skal føre fram denne krafta.

Dei særs omfattande naturinngrepa som industriområda for vindturbinar medfører, kan ikkje reverserast. Ein turbin kan ein ta ned ja, men ein kan ikkje gjenskape rasert natur… Hvis Sande les min kommentar av 25.august her, så kan han sjå at det ikkje berre er å “plukke ned igjen” turbinane.

Når det gjeld småkraft, så ser diverre ikkje venstrearmen kva høgrearmen gjer. Det er jo snart ikkje meir elvar og vassdrag å tørrlegge på våre kantar, takka vere SP/AP-tenking!

Jo, jo – eg meiner som sagt at han er naiv som trur at ein reduserer klimagassane på jorda ved å produsere meir energi. (Ei rasering av kysten her hjelper lite mot veksten i m.a. Kina…) ! Det er snarare tvert i mot! Auka vekst og auka kraftmengde kan verken redusere fattigdommen eller miljøproblema på jorda…

Eg er usamd med deg i at ikkje energi er viktig for å redusere svolt og fattigdom. Tvert om. Eg trur alle innser kva til dømes ei vannpumpe betyr for vanntilgang og tidsbruk i områder med tørke, kva elektrisk lys betyr for mulighet til utdanning og kunnskap og kva tilgang på varmt vatn og ei kokeplate betyr for hygiene og helse. Vi har kanskje hatt tilgang på desse tinga så lenge at vi har gløymt kva dei betyr og at 1,5 mrd menneske ikkje har tilgang på elektrisitet. Så er ingen eg kjenner imot å bruke energien så effektivt som mulig. Det er openbart at det er mykje å spare på energieffektivisering og energisparing, men det er desverre særs lite når ein ser på det samla energibehovet. Energien vil bli etterspurt og etterspurnaden vil bli dekka. Vi kan vere med å sikre at denne energien er fornybar og klimavenleg. Eg er ikkje med på premissen om at å sette opp nokre vindparkar er “å rasere” kysten vår. Eg kunne for øvrig tenkje meg å høyre Gustav Skaar sine synspunkt på korleis vi møter dei framtidige energiutfordringane, og korleis vi møter klimautfordringa?

Første delen din er eg sjølvsagt ikkje usamd i.

Det andre svaret mitt er ei ny økonomisk verdensordning som ikkje byggjer på vekstprinsippet. Skal vi hjelpe dei fattige, gjer vi ikkje det ved å gjere dei rike rikare. I dag aukar forbruket av ressursar for fort. Kloden må ha ressursar i framtida òg. Den etablerte økonomien tenkjer kun forbruk, ikkje berekraftig utvikling og avfall…!

Frå forskning veit vi at frå kvar tusenlapp verdensøkonomien veks med, finn ca. seks kroner vegen til utviklingsland. Det seier seg sjølv at skal verda utrydde fattigdom slik, vil det forutsette ein vekst som er umogeleg å oppnå. Skal vi for eksempel løfte dei fattigaste i verda opp til eit inntektsnivå på i overkant av 20 kroner dagen på denne måten, vil vi ha behov for eit naturressursgrunnlag å ause av tilsvarande 15 jordkloder.

Land med høg økonomisk vekst – som Brasil, Kina og Japan med vekstrater rundt 7% – blir sett på som gode vekstdømer. Skulle ein slik veksttakt vere gjeldande for verdensøkonomien, ville det bety ei femdobling av volumet på økonomien i løpet av 25 år. Så lenge vårt økonomiske system med dagens volum på økonomien er basert på vekst for alle alltid, tilseier dagens kunnskap at vi er på vei mot ei økologisk katastrofe. Det er eit unekteleg faktum. Så kan Sande gå inn for så mange vindmøller og småkraftutbyggjingar han berre vil.

Vekstmanien må temmast. I første omgang må vi få til nullvekst, skatt på ressursuttak som fisk, olje, kol, straum etc etc. Det svir, men er naudsynt. Det hjelper ikkje å øydeleggje meir natur for å berge natur…! Det berre forverrar problema på kloden…

At verda treng energi som aldri før er eit faktum, og ei stor utfordring. Samtidig er det eit faktum at om vi skal klare å halde den globale temperaturauka under 2 grader, er vi nøydde til å la 3/4 av alle dei kjende petroleumsførekomstane ligge under bakken. Då seier det seg sjølv at det er fornybar energi som er svaret.

Du har rett, Erling, i at Noreg har ein særs god fornybarandel samanlikna med andre land, men på ny fornybar energi ligg Noreg langt bak. Landet vårt har ideelle føresetnader for å vere pionér innan vind- og bølgekraft, men regjeringa løyvar forsvinnande lite til forsking og utvikling på desse formåla samanlikna med den enorme støtta til forsking på petroleumsutvinning.

Det er heller ikkje teikn på at dette skal endre seg. Petroleumsmeldinga som kom ut tidleg i sommar hylla petroleumsnæringa og slo fast at petroleum er energi- og inntektskjelda Noreg skal basere seg på i tiår framover. Dette er klimapolitikken til regjeringa og ditt eige parti, og i mine auge rir denne klimapolitikken to hestar. Internasjonalt haustar Noreg ros for sine ambisiøse klimakutt (som i stor grad er kun klimakvoter), men samtidig er vi i verdstoppen på eksport av olje og gass – den største bidragsytaren til klimaproblema. Dette rimer ikkje.

Klimaendringane rammar dei fattigaste i verda hardast og oljeland som Noreg har eit historisk ansvar overfor desse landa. Korleis vil du og di regjering løyse denne utfordringa med så omfattande fokus på petroleum?

Det er på det reine at vindkraft på land ikkje er bedriftsøkonomisk bærekraftig. Næringa treng subsidiar – mykje subisdiar. Eit AS har begrensa ansvar. Bak alle selskapa som no er i gang med planar om å rasere urørd natur langs heile kysten av S&Fj står det eit fåtall personar og fleire utanlandske selskap. Desse skal setje opp vindmøller til fleire milliardar berre i S&Fj. I Bremanger er det avsett areal til vindkraftutbygging, konsesjonssøknadane gjeld ikkje dette området i det heile teke. Dersom alle planane får tilslutning vil vi får ei visuell forsøpling av heile kystlinja frå Gulen til Selje. Dei som står bak planane har heilt tydelig ikkje forstått den emosjonelle verdien av landskapet dei har tenkt å øydelegge.Kanhende ein må være kystmenneske for å forstå verdien av å stå på toppen av Hornelen og sjå den mektige naturen rundt seg på alle kantar, og for å forstå at alle desse vindmøllene vil øydelegge hele opplevinga. Det er derfor heilt uhørt at utanforståande forståsegpåarar skal komme her og sei at kysten ikkje er verdt noko. At vi må tole eit par vindmøller. Ja, vil toler eit par vindmøller. Fleire også – berre dei hadde halde seg i område avsett til industri. Men dei må på død og liv halde seg i urørte områder. Kvifor? Jo det skal eg sei deg. Areal avsett til industri er så uendelig mykje dyrare å tileigne seg. No slepp dei unna med å betale “avlat” til ein og annan naiv grunneigar. Naiv, ja. Det er ikkje første gongen grunneigarar har selt seg for knappar og glansbilder. Tenk berre på kva som skjedde på 1800-talet då vasskrafta skulle utnyttast. Det er akkurat det same som er i ferd med å skje no. Eg kjem til å foreslå (på vegne av Naturvernforbundet) at dei som vil ha konsesjon for å setje opp vindmøller må stille med bankgaranti for skade og utslepp som skjer i anleggstida det være seg uhell eller uaktsomhet – og bankgaranti for utgifter som samfunnet vert påført i samband med overtaking eller konkurs. For selskapa vil gå konkurs av den enkle grunn at det ikkje er lønsemd i å drive med vindkraft utan subsidiering. Bruk heller Statens milliardar på å forske på og utvikle anlegg for geotermisk elektrisitet i Europa – og aller helst i Afrika der dei har aller mest behov for utbygging av elektrisitet. Denne kan så nyttast til å gradvis ta tilbake areal som no er øydelagt av ørken og tørke.

Annonse

Nye bilder