Kristne med breitt politisk engasjement

I ei undersøking presentert av tankesmia Civita, kommentert i Vårt Land den 25.august vert det slått fast at kristne ikkje berre er opptatt av Israel-Palestina konflikt, homofili og avholdssak. Undersøkinga peikar på at kristne har eit langt breiare politisk engasjement.

Ein treng ikkje vere tankesmie for å vite dette, men det kan hende at det må ei slik undersøking til for å få ei nyansert framstilling. Eg har over lengre tid meint at denne myten om kristne, er blitt forsterka av ei tidvis forenkla framstilling i nasjonale medier. Eg kjenner kristne med partitilhøyre i alle dei politiske partia og ikkje så reint få i mitt eige parti.

Enkelte journalistar har valgt karismatiske og konservative amerikanske menigheter eller svovelpredikantar frå bedehusa på 60-talet som modell for beskrivelsen av dagens kristne.

Omgrep som mørkemenn og kristenkonservative og kristenfundamentalistar har vore brukt for å teikne eit blide av kristne som livstils-dømmande, meir opptatt av synd enn nåde. Og meir opptatt av rett livsførsel enn frelse og nestekjærleik. Og deretter ein slags sjølvsagt konklusjon om at den kristne veljargruppa fordeler seg mellom FrP og KrF.

Sjølv er mi erfaring frå kristne miljø i det området eg sjølv kjem frå, at det i desse miljøa er eit stort fokus på omtanke for lokalsamfunna, internasjonalt engasjement for delar av verda der folk lid naud og omtanke for miljøet og framtida. Det skjer eit stort arbeid for integrering og vert samla inn store midlar til naudhjelp med utgangspunkt i dei kristne menighetene.

Sjølv merkar eg i mitt verv som leiar i energi- og miljøkomiteen eit vesentleg miljøengasjement også frå kyrkja og andre menigheter. Dette er saker som der det politiske sentrum tradisjonelt har funne betre gjennomslag i samarbeid mot venstesida i norsk politikk enn med Høgre/Frp. La oss difor sleppe å få presentert konklusjonar om at vi ”høyrer heime” ein bestemt stad politisk ut frå livssynet vårt.

Vist 654 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Takk til Erling Sande.
Jeg har som kristen og engasjert lokalpolitiker (KrF) et svært bredt engasjement for lokal forsamling, idrett og bruker mye tid og krefter på mine verv for misjon i Norge og ute. Vi er pålagt et sterkt forvalteransvar som kristne, og mitt ønske er at mange flere skal bli våkne opp og engasjere seg for naboen, for ungdomsklubben – for det som opptar den enkelte. Vi trenger engasjerte menneske i alle samfunnslag og parti. Menneskeverd og venners omsorg har fått ny oppmerksomhet i Norge i år – og det fantastiske er jo at i den kristne tro, og håpet ved evangeliet – så finnes faktisk svaret for den som vil høre.
Vi trenger kristne engasjerte og reflekterte politikere i alle partier – ønsker deg alt godt.

Jarle Sørås 48 år – (veibygger, indremisjonsformann, lokal Krfer og ekte Bergenser.)

Annonse

Nye bilder