Buplikta er ein viktig reidskap!

Ei bupliktsak i Stryn kommune har ført til ny debatt om buplikta generelt. Kvifor har vi eigentleg buplikt på gardsbruk?

Bu- og driveplikta på gardsbruk botnar i ein politisk målsetnad om å halde jord i hevd og produsere mat på gardsbruka i Norge. Sjølv om på langt nær alle gardsbruk i Norge vert drive aktivt, er bu- og driveplikta med å stimulere til at meir jord vert halde i hevd, mat produsert samt hindre gjengroing. Det synes klart at bebudde gardar i mindre grad er prega av forfall og gjengroing, enn dei gardane der det ikkje er fast busetnad. Norge har eit ansvar for å bidra til matproduksjonen i ei verd med nær ein milliard sveltande menneske.

Så vil mange påpeike at slett ikkje alle gardar vert drivne av dei som bur der, og at jorda kan haldast i hevd utan fast busetnad på garden. Men buplikta har fleire funksjonar. Den er med å sikre fast busetnad, og bidreg til å hindre at viktige ressursar ikkje forsvinn frå bygdene.

Buplikta er ein god reidskap for å sikre busetnad i bydene. Gardane er ofte mellom dei mest attraktive buplassane i lokalsamfunna. Sjølv veit eg fleire som stadig er på leit etter ein gard å kjøpe. Nokre kommunar har stor grad gjeve fritak frå buplikta, noko som resulterer i den paradoksale situasjon at gardar som folk ynskjer å flytte til – i fråflyttingsområder – vert omgjort til feriebustadar og kanskje berre nytta eit par veker i året. Nokre vert ikkje nytta i det heile. Samtidig kjempar ofte folket i dei same bygdene for å få ei positiv folketalsutvikling, noko som er viktig for at dei fastbuande kan ha det sørvis- og velferdstilbodet dei har idag; nærbutikk, skule, kollektivtilbod m.m.

Dei som angrip buplikta ved å hevde at den krenkar den private eigedomsretten gløymer det viktige prinsippet at med eigedomsrett, fylgjer også plikter. Ein eigedomsrett på gardar utan plikt vil bidra til å sentralisere mange av verdiane på bygdene. Viktige rettar som rett til jakt og fiske, mineraler, fallrettar til vasskraft og eigarskap av areal, vil då like gjerne kunne vere eigd frå Aker Brygge eller andre stadar i landet med mykje kapital. Dette er ettertrakta verdiar som buplikta idag bidreg til å sikre at er knytt til lokalsamfunna der ressursane er.

Vist 547 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Verkelegheita er litt annsleis enn kva du trur Erling Sande.. Buplikta er relativt lett å omgå. Dei som blir råka av den, og må oppfylgje den er den målgruppa som du i prinsippet støttar. Slik det fungerer i dag kan ein likegodt oppheve heile buplikta. Den er uthola, og intensjonen med den er berre ord… Buplikta gjer til at salgs/kjøpsverdien av eigedomar er relativt liten. Dei som tenar på det er dei som spekulerer i den, og kjem seg klar. Taparane er dei som har hatt eigedomen i hende tidlegare.. slik er verkelegheita..

Buplikta er det tvert motsette av ein reiskap for å hindre fråflytting frå bygdene. I dag er det vel rundt 40 000 landbrukseigedommar som står tomme, og då må ein sjå på mulighetene for å endre lovene. Det må då vere ein menneskerett å få lov å bestemme over sin eigen bustad?

Viss ikkje det blir gjort noko med buplikta er den rett å slett å kaste på hovudet ut, for slik det er no i dag blir den berre brukt på ein slu måte. Folk som er vinnarar i dette med buplikt, er dei som er slu og sleske. Slik er det berre, og ser ikkje dåkke det, så må dåkke opne opp augene og sjå på alle bruka som står ubebudde og blir brukt som “feriehus”, og ikkje det ein gong. Eg kjenne mange som er ute etter bruk, men pga at dei som har bruk, har knytt bruket opp til ei samdrift, og flytt ifrå garden sjølv, står der flotte hus som lett kunne vore bebudde utan at det blir gjort noko med. Nokon har til å med villa kjøpt berre husa, men ein kan jo ikkje drive å dele opp bruka heller. Nei, her er det noko som lyte skje snart.

JEG VIL HA ANN-KRISTIN SØRVIK UT SOM FYLKESLEDER FOR SENTERPARTIET MØRE OG ROMSDAL!!

Annonse

Nye bilder