Retten til naudverge blir styrka

I Senterpartiet meiner vi at rovdyrpolitikken ikkje skal hindre bulyst og aktivitet i heile landet, eller forringe livskvaliteten til innbyggjarane. Bruk av utmarka er ei miljøvennleg form for verdiskaping, som òg er viktig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet. Noreg treng aktive utmarksnæringar, både for å ha eit landbruk i heile landet, for å ta vare på kulturlandskapet og for å utvikle reiselivet som ei viktig næring i distrikts-Noreg.

For mange i landet vårt er rovdyrpolitikken blodig alvor. Folk opplever å finne husdyr sundrivne eller med så store skadar at dei må avlivast. Særleg etter bjørneangrep finn ein ofte sau der juret og andre kjøtfulle delar av kroppen er rivne av, samtidig som skadane ikkje er så store at dyret døyr av det. Ein treng ikkje vere veterinær for å forstå kva lidingar dyret er påført etter eit slikt angrep. Ein treng heller ikkje å vere psykolog for å forstå at dette gjer eit sterkt inntrykk på dei som eig dyra, og som sjølvsagt er glade i dyra sine. Vidare er det lett å forstå at foreldre blir utrygge når dei må sleppe barn ut på ein skuleveg der det i periodar dagleg blir observert bjørn.

Eg har stor respekt for folks ynske om å beskytte både seg sjølve og husdyra sine. Ein effektiv naudverjerett er heilt avgjerande for at rovdyrforvaltinga skal ha legitimitet blant lokalbefolkninga i område der det er både folk, beitedyr og rovvilt. Derfor har Senterpartiet vore pådrivar for at naudverjelovgjevinga skal liberaliserast i forhold til det som er dagens lovverk. Det oppnådde vi då Stortinget førre veke vedtok ein utvida naudvergerett.

Vist 414 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Flott det! Same veka lykkast det også å forhandle fram ei jordbruksavtale som aukar skilnaden i inntekt mellom bønder og andre yrkesgrupper. Det var ikkje flott! Men det blir færre bønder som sender dyr på beite.

Annonse

Nye bilder