Ta vare på kulturlandskapet!

Nær ein tredjedel av alle raudlisteartane har heimen sin i kulturlandskapet vårt. Kulturlandskapet er forma gjennom at mange generasjonar, og det ligg mykje svette og hardt arbeid bak delar av den fantastiske variasjonen vi har i landskapstypar i landet vårt. Kulturlandskapet har ikkje vorte til gjennom passivt vern, men gjennom bærekraftig bruk. Og dette arbeidet har altså ikkje berre sikra mat og overleving – men har lagt til rette for eit fantastisk mangfald av artar i norsk flora og fauna.

No er landskapet trua og dermed dei som lever av og i det. Talet på mål jord og beite som gror att kvart år er skræmande høgt i delar av landet vårt. Kvifor er det ikkje fleire som ropar varsku? Artane som lever i kulturlandskapet er ikkje store lubne rovpelsdyr eller sympatiske kvalar som er lett å gå i demonstrasjonstog for. Dei er små og stilleteiande artar som ikkje gjer så mykje ut av seg, men er dei mindre verdt av den grunn?

No må denne artsdiskrimineringa stoppe opp. Eg heiser herved fana for alle dei små og stille artane i kulturlandskapet landet over som er lei av at alle berre er opptatt av store og lodne rovdyr. Alle som er opptekne av det biologiske mangfaldet bør også gå på barrikadane for kulturlandskapet. Kulturlandskap handlar ikkje berre om matproduksjon, open og reiselivsvenleg natur og butrivsel – sjølv om alt dette er viktig. Kulturlandskapet handlar i høgste grad om biologisk mangfald og framtida for dei som har heimane sine rundt tuene i beitet, nede ved grastustane på enga og i den opne skråninga ned mot elva.

Vist 776 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Meget bra at det er noen som har mot til å stå opp.
De siste angrepene er vindmøller som drep at som kommer i deres vei.

No er det vel slik at det stort sett er fugl som kjem i vegen for vindmøllene, kanskje ein og annan basehoppar, men i alle fall få dyre- og plantearter. Men eg trur bøndene må inn på raudlista, kvar dei så har heimen sin, for sjølv om dei er blitt fleire gonger meir effektive enn dei var før, aukar inntektsgapet til andre yrke. Eg legg merke til at statistisk sentralbyrå har endra statistikkane sine, så det er blitt vanskelegare å følgje med på utviklinga enn før, men det er ulovleg for norske arbeidsgjevarar å tilby ufaglærte 18-åringar så låg løn som den norske staten tilbyr bøndene. Så attgroinga vil nok halde fram, den, både med kratt og med asfalt og bustadområde. . .

NB! Eg er ikkje bonde lenger, så dette er ikkje eit rop om mjøl til mi eiga kake, slik i første omgang. Men den dagen det ikkje er mange nok att som produserer mat, vert mjølet fort dyrt. Rette tida å begynne å bremse ned eit tog er ikkje når perrongen på endestasjonen går forbi på utsida av vindauget. Det er mindre enn 50 tusen bønder att, 3 av 5 er utrydda siste 30 år. Vi har ikkje nok til “7 om dagen” i 20 år til!

Annonse

Nye bilder