Kald vinter på varm klode

Klimamøtet i København resulterte ikkje i ei bindande avtale, og skuffelsen var stor hos mange forskarar, politikarar og aktivistar som var til stades. Dei same personane hadde knapt nådd å reise heim før Noreg fraus til – og sidan har det vore kaldt. Tok dei feil?

Enkelte bloggarar og klimaskeptikarar hevdar det. Det er særs lite gjennomtenkt. Fyst og fremst må vi skilje mellom vær og klima. Ein kan ikkje spå lange trendar berre ut frå ein vinter. Og sjølv om den lokale oppvarminga ser ut til å ha tatt ei pause, fortsett den globale.

Denne vinteren var det varmare på Svalbard enn i Oslo. I Longyearbyen var middeltemperaturen over 8 grader høgare enn normalt. Det har vore temperaturar godt over normalen i Nord-Afrika og austlege delar av Middelhavsområdet. På verdsbasis var januar den varmaste sidan dei instrumentelle målingane starta på 1800-talet.

Vintre som den vi har hatt i Noreg i år, er utrydningstrua. Den globale oppvarminga er diverre ikkje avlyst. Arbeidet for å få ned CO2-utsleppa må fortsette.

Vist 408 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Ja berre fortsette du. Trur vi må fyre med ved her til langt uti Mai – i år som neste år med – før telen går ut av meg her eg sete å skjelve i stolen med vottane på og…bjønnarev nedover øyrene. Hadde det ikkje vore berre kulda ute å stri med men kraftprisane til himmels attpå – men no synst eg sant skal seiast – det er på tide å ta rev i seglene…i SP og. Trudde debatten – om CO2-ens skadeleg virkningar på miljø eller klima rundt oss var stein dau no – eller gått seg langt utpå jorde om det uttrykket…er enklare å forståsegpå. Om CO2 profitørar – som andre – prøver aldri så mykje å…puste liv i han igjen. At du kan skrive slikt no – midt oppi all elendigheita – denne kaldare vinteren…har førdt med seg.
Er som du er – nedi syden ein stad – og ikkje her…i beinfrosne verkelegheita?

Annonse

Nye bilder