Vaksine mot overbefolkning?

Den store folkeveksten verda står ovanfor er eit av vår tids store utfordringar. Vi må rekne med ei auke i tal menneske på jorda med nær 50% dei komande tiåra. Alle desse skal i likskap med resten av oss ha mat og energi. Dei skal forbruke og dei skal forsøple, akkurat som vi andre og dette skal skje parallelt med at verda arbeider seg ut av finanskrisa – og med to langt meir alvorlege overliggande krisene – klimakrisa og matkrisa – som realitet. Ingen tvil om at utfordringane er formidable.

Metodar for å møte raskt aukane folketal varierer. Kinas 1-barnspolitikk har vore drastisk, og har hatt enorme kostnader for enkeltpersonar. På berre 22 år, fall fødselsraten i Iran frå 7 i 1984, til 1.9 i 2006. Utdanning av kvinner er ei stor del av forklaringa. I Mexico og Etiopia har uskuldige tiltak som påverknad gjennom såpeseriar vore effektive.

Dei store barnekulla særskilt på den sørlege halvkula stiller landa der ovanfor store utfordringar. I fleire av Afrikas fattigaste land, til dømes Mali og Malawi, er det spådd ei trippling av befolkninga innan seinast 2050. Mangel på kunnskap om prevensjon og lite fokus på familieplanlegging er sjølvsagt ein del av forklaringa på store barnekull. Men vi skal også hugse at stor barnedødelighet og manglande sosialt sikkerhetsnett er ein annan.

Vi skal ikkje langt tilbake i tid før det også i Norge var vesentleg større barnekull enn i dag. To av mine eigne besteforeldre hadde 10 syskjen. Ser vi attende gjennom historia var talet på fødslar i ein familie langt meir vanleg enn dagens syskenflokkar på to eller tre. Som i mange land utan ein utbygd velferdsstat var familien den fremste økonomiske tryggleiken for alderdomen også i vårt land tidlegare. At fleire born lever opp gjer til at ”alderdomen er sikra”, sjølv med færre born i kvar familie. I til dømes Norge reknar ein med at kvar kvinne i snitt må føde 2.1 barn for at folketalet skal halde seg stabilt. Det lave talet skuldast at barnedødeligheten er lav her. På verdsbasis er talet 2.33 barn pr kvinne – og i fattige land kan det vere over 3.

Det er ikkje anna enn forståeleg at folk i fattige land for mange born, for å skaffe seg eit sikkerhetsnett. Slik sett er kanskje den viktigaste bistanden Norge kan gje ovanfor u-land med stor folkevekst, bistand til vaksine og fokus på å hindre barnedød og mødrehelse. På sikt kan det å redde fleire born og mødre frå sjukdom og død, ikkje berre vere eit spørsmål om rett etikk, men eit avgjerande viktig bidrag til å dempe talet på barnefødslar – og dermed folkeveksten på kloden.

Vist 808 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Interessant. Burde kanskje konsentrere seg meir om overbefolkningsproblematikken regjeringa enn dette klimahysteritullet som no tek all tid og dreg fokus bort frå langt viktigare ting. Men men går vel til helvete verda som landet uansett kva som blir fokusert på når berre får tida på seg – det “velmeinande idiotiet” som har erstatta demokratiet – og tuska til seg “regjeringsretten” etter å ha fått minst stemmer men flest mandat på tinget?
Ja ja ikkje noko problem med overbefolkning i afrika så lenge det er støttegrupper og “hus med tårn” på i norge til å ta mot dei?

Dette er helt klart en av de største utfordringer vi står ovenfor. Det er innlysende at den eksponentielle befolkningsveksten ikke kan fortsette, en gang må det flate ut. Professor Albert Bartlett fra Universitetet i Boulder, Colorado har laget et fortreffelig foredrag om dette problemet som er kalt «Arithmetic, Population and Energy». Anbefales kraftig. Et av de beste og viktigste foredragene jeg har sett noensinne.

The greatest shortcoming of the human race is our inability to understand the exponential function.
- Albert Bartlett

Hei Erling, spennande tematikk du tar opp. Men eg meiner (dessverre) at strategien for å møte utfordringa med befolkningvekst som du skisserer, både er gammalt nytt og ikkje effektivt nok. At ein i land der strategien har vore å setje mange born til verda for å sikre eigen alderdom, kanskje kan få ei utflating gjennom å få ned spedbarndødelegheita, stemmer nok. Men eg fryktar det vil ta fleire generasjonar for at dette skal få verknad som verkeleg monar.
Tar ein utgangspunkt i det Øyvind peikar på, nemleg den skremmande eksponensielle veksten, vil ein ikkje ha tid til å vente på effekten. Økosystem og viktige landbruksområde vil kollapse innan den tid. Eg fryktar det fleire pessimistar har spådd, nemleg at det som verkeleg vil få ned folketalet på kloden, er den dagen vi står tomme for fossil energi. Eg har sett berekningar på at jorda vil vere i stand til å brødfø to, kanskje tre milliardar menneske den dagen vi står utan olje og gass. Og at levestandard og levesett vil kunne bli fundamentalt forskjellig frå i dag.

Skremmande og pessimistiske perspektiv, kanskje. Og uansett ikkje eit syn ein politikar kan tillate seg å ha :-)

Ja, tykte dette var litt pessimistisk, men så er det òg stort alvor over denne saka. Ser vi på barnekulla i denne demografiske overgangen i Norge, tok det ikkje mange generasjonar.

Vaksinering, fokus på mødrehelse informasjon om familieplanlegging og prevensjon er viktige tiltak – men kanskje ikkje nok til å løyse den demografiske utviklinga vi står ovenfor. Å sikre auka matproduksjon, ei meir rettvis fordeling av ressursane og meir miljøvenleg energi er sjølvsagt også avgjerande viktig. For vi blir fleire menneske på jorda.

Spørsmålet er hvor mange mennesker er det plass til på planeten vår? Etter fler vi blir, etter mer mat må vi ha.Og faren er at når vi stadig blir flere som skal bli mette, så vil det bli stadig flere fattige.

Dette et problem som vanligvis løser seg selv. Blir det for mange mennesker på et område vil det ikke være nok ressurser der for å opprettholde populasjonen, og folk vil dø av underernæring, sykdom osv. Dessuten er det en kjent sak at folketallet ikke vil fortsette å stige i det uendelige. Mange u-land er i en fase i dag hvor folketallet øker kraftig, akkurat som i i-landene for en 100 år tilbake. Etterhvert som de går igjennom den demografiske overgangen vil folketallet stabilisere seg, eller starte å synke. Dette ser man i land som Spania og Russland i dag, hvor folketallet faktisk synker ganske raskt.

Annonse

Nye bilder