Har vi plikt til å hjelpe?

Vi har alle gjennom livet opplevd å få hjelp til små eller store ting av personar som ikkje nødvendigvis hadde noko plikt eller utbytte av å hjelpe oss – men som gjorde det likevel. I nokre tilfeller har denne hjelpa vore særs viktig, i andre tilfeller har den gjort kvardagen litt enklare.

Nokon vel å vere svært aktive og vel å bruke mykje ressursar og tid i liva sine for å gjere noko godt for andre. Det er nestekjærleik i praksis, og det står respekt av det.

Men har vi òg som fellesskap og nasjon eit ansvar for å hjelpe?

Kvart einaste år brukar Norge store ressursar for å bistå folk i fattige land med mat, klede, husly og utdanning. Ofte handlar dette om å hjelpe folk å overleve til neste dag, veke eller år. Vi gjer det ikkje fordi vi må, men fordi eit politisk fleirtal har sagt at dette er riktig. Vi har eit ansvar for å hjelpe menneske rundt i verda som ikkje har det same utgangspunkt som oss sjølve. Kritikken framført av andre politikarar er at vi har så store utfordringar på heimebane at vi bør kutte bistanden.

Det er ikkje vanskeleg å vere enig i at vi framleis har utfordringar på heimebane. Likevel – vi må ikkje la dei fattigaste og svakaste i verda bli salderingspost for det.

Gjennom FN bistår Noreg får at vi skal nå tusenårsmåla. Norge er mellom anna tredje største gjevar i verda til det globale vaksineprogrammet. Gjennom dette har vi bidrege til å hindre 3,4 millionar dødsfall ved at born har fått vaksine. Nær 7 millionar foreldre, som hadde måtte gravlegge sine eigne born, får i staden vonleg sjå borna sine vekse opp.

Det er viktig at vi klarar å sjå lenger enn vår eigen dørstokk – og eg håpar vi også i framtida vil ta mål av oss til å vere ein stor bidragsytar internasjonalt. Ikkje fordi vi må – men fordi vi som medmennesker er samde om at det er riktig!

Vist 756 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Vi e heldige her i norge, vi har råd til å være solidariske innad og utad. Solidaritet er ikkje berre altruistisk, det gir livskvalitet til oss om stiller oss bak solidariteten. Via skatt, og/eller privat engasjement. Solidaritet gir og samfunnsstabilitet og minimalisering av vold og store klasseskiller. I tillegg til hovedsaken: mottakerane slepp sult, heimlause, sjukdom, angst, skam og død.
Her heime, då? Jaudå, her har vi et (sosio)økonomisk sikkerhetsnett som gjer at ingen treng å være uten mat, medisinar og hus. Lov om sosiale tjenester sikrar vel dette? Sammen med menneskerettane vi skreiv under i -99, som gjeldande norsk lov, og som evt. skal overstyre norsk lov?

Menneskerettane seier bl.a: ”I henhold til artikkel 9 skal konvensjonsstatene anerkjenne retten for enhver til sosial trygghet, herunder sosialtrygd.” Og: ”Menneskerettighetskonvensjonene fastslår at hvert enkelt menneske har krav på vern om og respekt for sin frihet og integritet, uavhengig av rase, farge, språk, religion, politisk syn eller annen mening, nasjonalt eller sosialt opphav, eiendom, fødsel eller andre forhold. Hver enkelt skal ha rett til liv, frihet og personlig trygghet. Videre er det fastsatt at alle har rett til den høyest oppnåelige helsestandard, både fysisk og psykisk, og rett til en tilfredsstillende levestandard og sosial trygghet."

Vel, vi hadde et økonomisk sikkerhetsnett uten betydelige hol fram til 2005, då bondevik2-regjeringa med støtte frå alle, til og med s.v, skar et stort hol i det, et hol dei aller verst stilte no kan falle gjennom. Paragraf 5.2 (som bryt direkte med menneskerettane på fleire punkt)i lov om sosiale tjenester gir adgang til å nekte (bl.a. sjuke) økonomisk stønad:
” Det kan settes vilkår for tildeling av økonomisk stønad, se også § 5-4 tredje ledd og § 5-8. Vilkårene må ha nær sammenheng med vedtaket, og ikke urimelig begrense stønadsmottakerens handle- eller valgfrihet. Vilkårene må heller ikke være i strid med andre bestemmelser i denne loven eller i andre lover.
Det kan stilles vilkår om at mottakeren skal utføre passende arbeidsoppgaver i bostedskommunen så lenge stønaden oppebæres"

Men denne paragrafen er vel fornuftig som “insentiv”, og blir fornuftig og forsiktig brukt av nav sosial i alle tilfelle?
NEI! Her er et eksempel på korleis paragrafen blir misbrukt: http://www.demsol.no/forum/index.php?topic=13.0

Bl.a.udiagnostisert sjuke vert ut frå ukvalifisert skjønn hos nav sosial utsatt for §5.2. Sjukdom, ofte psykisk og usynlig/Lite synlig kan forverrast av aktivitet eller behandling nav krev av klienten. For eksempel avrusing på institusjon i 3 til 12 månader, kommunal arbeidsgruppe eller terapi, som grunna ressursmangel i psykiatrien må gjennomførast raskt og dermed set (urimelige) høge krav til pasienten. Fleire/mange psykiske, psykosomatiske og somatiske(fysiske) sjukdomma og lidelsa gjer slike krav urimelige, destruktive eller umulige for klienten.

Holet i norges sikkerhetsnett blei skore hol i (under fraråding frå bl.a legeforeningen) i 2005, uten offentlig eksponering og debatt.
Hadde/har vi ikkje råd til å la være? Skal vi kaste sjuke på gata uten pengar til mat, lege og medisin? Treng vi å true med det?

Forøvrig er 75 til 80% av langtids-sosialklientar i gjennomsnitt SJUKARE enn uføretrygda. Altså udiagnostisert sjuke. Det e stort sett denne gruppa som blir utsatt for §5.2. Så ja, vi har “utfordringar her heime”, som du skriv.

Problemstillinga eg kjem med her har et grunnlag som blei påbegynt på 80-tallet. “Arbeidslinja” blei forberedt, på grunnlag av moralisering ovanfor sjuke/arbeidsledige/trygda. Folk i desse situasjonane begynte å bli sett på som late snyltarar som må få dårlige kår, lave ytingar o.s.b for å bli motiverte til å begynne å jobbe. Men vi ser no ka effekt denne tenkninga har…….
Alt dette kan løysast, men menneskesynet som no rår sperrar for bedringar. Og dette menneskesynet har blitt bygd opp sidan 80-tallet, eg håpa det ikkje tar like lang tid å bli kvitt faenskapen. Innspill?

Annonse

Nye bilder