Vil dei lukkast?

Tysdag samlast meir enn 100 av verdas statsleiarar i New York for å drøfte global oppvarming og klimaendringane verda står ovanfor. Blant dei som møter er den amerikanske presidenten Barack Obama, Kina sin statsleiar Hu Jintao, Japan sin nyvalde statsministerYukio Hatayama og vår eigen Jens Stoltenberg.

Etter ei heftig loddtrekning blant oss som er i den norske FN-delegasjonen, var det mellom anna FrP sitt medlem i delegasjonen som gjekk av med ein plass i møtet. Kanskje like greit. For det er eit paradoks at Norges nest største parti framleis vel å halde seg kritisk til FN sitt forskarpanel sine advarslar.

Medan statsleiarane for dei mektigaste nasjonane i verda samlast for å drøfte korleis ein kan avgrense auka i temperaturen til 2 grader, vel altså FrP framleis å bruke energien på å så tvil om konklusjonane.

Dei om det. For Senterpartiet handlar klimatrusselen om 2 av dei viktigaste prinsippa i vår politikk. Forvaltartanken og føre vàr-prinsippet. “Vi har ikkje arva kloden av forfedra våre, vi lånar den av etterkomerane våre” er ei god setning som minner oss om den viktige forvaltar-tanken.

Gjennom alle tider og generasjonar har folk vore opptatt av å sikre den neste generasjonen minst like gode livstilhøve som ein sjølv hadde. For vår generasjon handlar dette i høgste grad om miljø. Kombinert med prinsippet om å vere føre vàr, må dette resultere i at vi handlar på bakgrunn av dei alvorlege forskingsrapportane som no er framlagt, og går frå det fossile til det fornybare energisamfunnet.

Møtet på tirsdag kan bidra til at verdsleiarane kjem med nye ambisiøse posisjonar for å avgrense oppvarminga. Lukkast dei i det er vi kanskje endå nærare ei ny klimaavtale i København.

Det handlar om livsvilkåra til dei som skal etterfylgje oss på kloden. Verken meir eller mindre.

Vist 463 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Nei. Har utvikla seg til ein konkuranse i å love mest og holde minst muleg – og DUMME NORGE dummast i klassen av REDD VERDA ENTUSIASTANE kjem til å sitte igjen med BERRE RESTANE av industrien om RGJERINGA DEN RØDGRØNNE held BERRE HALVPARTEN av det dei har lova til no – av miljøavgifts-kvoter og anna miljøavgifts-elendigheit…til ein allereie konkurstruga indusri.
Berre den avtala med Sverige om miljøavgifts-tillegg i kraftprisen for utbygging av denne ulønnsomme og miljø-øydeleggande vindkrafta – kjem til å koste DUMME NORGE nye milliardar av kroner i minus i statskassa og mins 100 tusen tapte arbeidsplassar i pluss i arbeidsledigheit-statestikken – men klarer vel å skjule/underslå dei tala og…i uføretrygda og på attføringstiltak?
Kan begynne å lure på om de rødgrøne har tenkt å ofre heile Norge på miljø-fanatismens eller dei miljø-truande sitt alter – og om heile den vestlege eller som han kalla det Bush-en: Den siviliserte verda – skal avindustriserast og omdannast til ein stor flyktningeleir der ein i famtida skal leve av å…frisere selge dop og rane kvarandre?
Jaffal komne bra godt i gang med det…etter mi meining.

Om ein legg til grunn at verda ikkje staar ovanfor klimaendringar som fylgje av global menneskeskapt oppvarming er kritikken av Norge og Sp riktig. Men om ein vel aa legge til grunn det 2000 av verda sine fremste forskarar paa klima har sagt, nemlig at klimaet er i endring og det skuldast utslepp av CO2, ja daa er det rett aa gjere som Norge – vere i front for ei utvikling for aa redusere utsleppa. Saa er eg samd i at det er avgjerande aa faa med seg resten av verda. Om ikkje saa flyttar berre utsleppa til andre land og vi misser viktige arbeidsplassar. Dersom verda derimot gaar i miljovennleg retning, saa vil norsk industri vere i front og vi vil tvert om kunne sikre norske arbeidsplassar. Grone sertifikat kan gje mange nye arbeidsplassar i Norge. Helge Lund sa paa ein konferanse i Sandefjord i vinter at Statoil hadde brukt mykje energi paa aa kjempe mot Co2 avgifta, men at han no innsaag at den hadde tvinga dei til aa tenkje miljo paa eit tidleg tidspunkt, noko som no gjorde at dei hadde eit stort konkurransefortrinn. Det aa vere i front paa miljo treng med andre ord aa foere mindre arbeidsplassar. Tvert om kan det bety eit konkurransefortrinn for norsk naeringsliv.

Har fått med meg – litt av dette klima-preiket frå det topp-møtet der over – i det land i verde som er mest bygt opp…på olje og biltransport. Dersom ein kan stole like mykje på det politikarane seier der som her – at dei vil/er i stand til å gjere noko med frå talarstolane sine – trur eg ikkje det blir så store forandringa i noko av betydning for verda eller landet…anna enn stadig fleire meiningslause klimaavgifter. Kva verdas fremste klima-forskarar som du kallar det har kome fram til – når poltikarane tolkar det slik dei likar å tolke det for å få mest muleg i kassa si – er ikkje så mykje av…vitenskapeleg verdi å bry seg med. Kan no bere ta med at – når dei ikkje har rekna variasjonane i solaktivitetane og kosmisk stråling si påverkning av areosolane med i dommedagsprofetiane sine så seier det mykje om kva dei står for – for i alle fal dei som les litt meir enn berre det dei venstrevridde avisene og redaksjonistane her i landet…forar det det stadig meir uvitande folk med. For dei som les litt anna eks ILLUSTRERT VITENSKAP o.l. om slikt – om det seier lite for deg og resten av det uvitande politiske rødgrøne systemet du og SP tilhøyrer kan eg berre seie – de veit lite kva de snakkar om og kjem sikkert ikkje nokon gong…til å bli i stand til å vite? Det utfrå dei debattane – de til no – for det meste har dreve med…vitenskapeleg fusk og fanteri i.
Blir som når eg inkl. mine svirrebrør i ånda tek oss nokre pils nede ved sjøen og pissar det minst avgifts-påplussa av fludiumet i havet – og blir skulda for at havet (eller landet) har ELLER VIL KUNNE stige med fleire meter – og så påstå at det i følge verdas FREMSTE KLIMAFORSKARAR…må sjåast på som vitenskapeleg bevist? DET OG KANSKJE utfrå FØRE VAR prinsippet – og liknande VITENSKAPELEGE TRU OG MEINE TEORIAR som er like lite av VITENSKAPELEG VERDI som bibelen si eventyrforteljing – om korleis verda inkl. planter og dyr…pluss mennskelivet blei til?

Verken Jarle Steinhovden eller eg sjølv har asolutte fakta om bakgrunnen for at klimaet på jorda endrar seg. Det er riktig at nokre forskarar hevdar at kosmisk stråling er grunnen og at klimagassutsleppa si virkning ikkje er årsaka. Andre igjen hevdar at utsleppa har kome for langt og at prosessen er umulig å endre uansett kva vi gjer. Som folkevalde på eit program som bygge på føre var prinsippet meiner eg at vi har eit ansvar for å legge til grunn det som FN og dei alle fleste land i verda forheld seg til, nemlig konklusjonane til det internasjonale forskarpanelet som verda sine land har bedt om å arbeide med dette spørsmålet. Alt anna vil etter mitt syn vere feil – men det er lov å vere usamd i.

Annonse

Nye bilder