Tapte klimaet valet?

”Klimaet havna i skuggen”, var Naturvernforbundets kommentar til valresultatet. ”Veljarane forstod ikkje alvoret i klimakrisa”, hevdar Haltbrekken. Det er ei alt for enkel analyse.

I ei undersøking gjort av Synovate, svarte 24% av veljarane at miljø var viktigast når dei skulle velje parti. Berre skule og utdanning var viktigare. Ikkje sidan 1989, tre år etter Tjernobyl-ulukka, har miljø vore like viktig.

Eg trur at veljarane forstår alvoret i klimakrisa godt – og at det var ein av grunnane til at fleirtalsregjeringa vart gjenvald. Det er 40 år sidan sist det har skjedd. Veljarane forstod at den største faren for klimaet, var ei blå regjering som i større grad hadde opna for innflytelse frå det partiet som ikkje trur på klimakrisa – Frp.

Jørgen Randers og Marit Sjøvåg Marino har analysert partias klimapolitikk i perioden 2005-2009, og konklusjonen er klar: regjeringssamarbeidet med SP og SV har gjort Aps program for 2009-2013 langt vektigare på klimapolitikk enn førre program. SP vert rangert som eit like godt klimaval som V og KrF. Hadde viljen til å satse på fornybar energi – som er høgt prioritert i Sp sitt program – blitt betre vektlagt, ja då hadde Sp vore eit fyrsteval for dei som er opptatt av klima.

Senterpartiet har varsla ei storstilt satsing på fornybar energi, grøne arbeidsplassar og grøn samferdsel. Klima blir eit viktig tema inn i den nye regjeringsplattforma. Klimaet tapte ikkje valet.

Vist 605 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Dette er sjølvsagt feil av Sande – igjen! Klart klimaet tapte valet…

Lokalt er AP og SP garantisten for den største miljøsynda i nyare tid – den 420 kv store kraftlinja som dei ynskjer i luftspenn. Ei linje som skjer som ein 40 meter brei autostrada gjennom praktfull vestlandsnatur frå sør til nord!

AP og SP er òg garantistane for satsing på svært miljøfientlege og svære industriområde i urørt kystlandskap. Som fører med seg nye krafledningar, vegar og svære drapsmaskiner for fugl. Nedbygging av myrområde som bind CO2 og rasering av kystlynghei og annan verdfull natur. Utbygging av det meste av elvar og fossar med tap av biologisk mangfald i ein fart som ingen skjønar. Grøne sertifikat som puttar statlege midlar i lomma på el-selskap og der vi finansierer energiforbruket i Europa. Alt saman for å produsere meir energi og auke energiforbruket. Som er fullstendig miljøfientleg. Og kjem kun få aktørar til gode! Grøne arbeidsplassar og grøn samferdsle er klisjèar som slett ikkje er grøne, men som Sande likar å kaste rundt seg!

I dag ser vi elles at Europa fløymer over av energi. Noko som gjer at danskane må stenge vindmøllene sine frå 1.oktober fordi el-selskapa tapar penger på den låge spotprisen.

Her går Gustav Skaar i fella der ein miksar debatten om kva som er riktig klimapolitikk og kva som er klassisk naturvern. Miljøbegrepet kan sjølvsagt nyttast i begge tilfeller, men det er eit faktum at det å ofte nytte naturen til for eksempel produksjon av fornybar energi kan vere god miljø- og klimapolitikk. Utan ny nettkapasitet kan Sogn og Fjordane gje opp planane med å bli ein storprodusent av ny fornybar energi. Det vil vere synd for klimaet, for arbeidsplassar, kompetanse og industri – men vil i mindre grad gje synlege teikn i naturen – det har Skaar rett i. Det er ikkje noko mål å auke energiforbruket, men å erstatte utslepp frå fossil energibruk, samt å bruke den energien vi produserer betre. Hadde vore spennande å høyre Skaar sine eigne løysingar på korleis vi og Europa skal klare den oppgåva det er å redusere utsleppa så mykje som vi har forplikta oss til gjennom internasjonale avtaler, dersom vi ikkje skal gjere det gjennom produksjon av fornybar energi.

Vel felle eller ei… All utbygging av ny energi fører til store naturinngrep. Og desse påstår Sande skal redde klimaet, så eg forstår ikkje heilt fella han snakkar om…

Eitt av problema til Sande er at han trur at ved å sleppe meir energi ut på marknaden så skal det minke forbruket og redde klimaet. Det er akkurat motsett. Meir energi fører til auka forbruk. Og for å gjenta – det øydelegg naturen i tillegg! Det er ganske blåøygd å tru at energiselskapa som produserer billig kolkraft stenger omnane når landet vårt skal pøse meir energi inn i marknaden. Som vi ser stenger Danmark vindmøller 1.oktober rett og slett for at det er for dyrt å produsere vindkraft…Spotprisen er for låg. Og no ser eg at kolforbrenninga er lettare å reinse for CO2 enn gasskraft, så då er nok dette på plass om relativt kort tid…

Eg har inga tru på at ein kjem fram til noko semje på klimamøtet i København i desember. Uansett blir måla alt for små. Mål som vi allereie ikkje greier å nå.

Den vestlege verda må redusere forbruket og energibruken. Vi kan starte med å skru igjen oljekranar og sjølvsagt stanse utbyggjing av nye felt. CO2 reinsing av gasskraft må sjølvsagt òg på plass. Likeeins elektrifisering av oljeplattformene frå land.

Eit par oppslag berre frå i dag som eg synest er viktige i klimadebatten og som ikkje øydelegg livsarven vår

og

jaja RødSP. Når skal dere stå frem som det grønne partiet dere skal være og stanse galskapen til sosialismen dere er del av?

Dere kan debattere, drepe ulver og bore i lofoten. Blant annet. Naturen gir sin beskjed. Sjokknyheter er hverdags, for vår destruktive utvikling ingen ende har.

Hva har Norsk atomavfall i Italia å gjøre?

Det er på tide å våkne!

Der dere inbiller dere i årevis at det er diskusjon om miljøvennlig energi. Løsningen ligger langs hele kysten vår og opp over berget. El biler og bølgekraft. Spinnende effektiv og fullstendig miljøriktig resurs.

Vi, har andre planer.

Det var på tide å våkne…

TIDE

Jeah burde heller forsøke gjere noko med UTSLIPPENE FRÅ LANDBRUKET og ikkje minst HAVBRUKET – som SP er slik for at DEI KAN KALLAST MEDSKULDIGE i det som skjer i havet langs kysten – og ikkje minst INNE I FJORDANE og dei meir eller mindre forurensa og øydelagte ELVANE HER I FYLKET…som andre stadar i landet.
Sikker kjekkare – å holde seg langt ute i sværene som teoriane enn her nede på land-jord der forurensinga er målbar og kjeldene sporbare – og lettare å gjere noko med…om ein berre vil? Sikkert kjekkare og å reise rundt i verda – som representantar for eit av verdas rikaste land ENNLENGE og sitte ved dei STORE/dei som TRUR DEI ER NOKO sitt bord – og leike REDD VERDA I TEORIEN mens alt GÅR BERRE NEDOVER…og i adun-dassen på heimebane?
Det/dei som tapte valget var industrien og næringslivet – som ikkje vart snakka eit ord om det eg meinar å hugse av valgkampen – som berre vart eit STORTGJESP…og…og???

Det var på tide å våkne…

TIDE

På tide DU våkner litt

Propagandabildene dine er smakløse og fremstår som lite troverdige

Du lever i en fantasiverden, der de svake i samfunnet er de sterke,

Dette er helt feil:

VAKE UP!

hehe ja. Sydney er nok som en fantasiverden for øyeblikket.

Gi opp Ove.

Gustav Skaar sine loysingar med aa redusere tempoet paa utvinning av petroleum, elektrifisere sokkelen og redusere energifornruket er eg heilt enig i. Men det staar ikkje i motstrid til aa produsere meir fornybar energi. Maalet maa vere aa gjere begge deler. Ei avtale om reduksjon av utsleppa er avgjerande viktig for aa lukkast, om ein ikkje trur paa det forstaar eg innvendingane. I Senterpartiet trur vi og arbeider for ei internasjonal avtale for aa redusere utsleppa av Co2.

Annonse

Nye bilder