Grøne sertifikat gir grøne arbeidsplassar

Den norske kraftproduksjonen er rein. Ca 60% av energien vi brukar, kjem frå utsleppsfri kraft – i hovudsak vasskraft. Det er bra, men ikkje bra nok. Vi treng ny fornybar kraft til å erstatte fossilt drivstoff på bilar, og til å kunne elektrifisere sokkelen. Det vil gje kutt i klimagass-utsleppa som verkeleg monnar.

Vi treng meir grøn kraft. Avtalen om grøne sertifikat er først og fremst godt nytt for klimaet. Målet er at avtalen skal syte for utbygging av 12-13 Twh fornybar el-kraft i Noreg i perioden 2010-2020. Det svarer til forbruket i 600 000 – 650 000 husstandar i Noreg.

Avtalen er også godt nytt for arbeidsmarknaden. Potensialet for fornybar kraftproduksjon er stort. Mange prosjekt som tidligare ikkje har vert sett i gang, blir no lønnsame å byggje ut. Det vil gi både inntekter og arbeidsplassar.

Vist 331 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

I motsetnad til Sande er det andre som ser på både vindkraft og småkraft som svært miljøfientleg. Ein del lesestoff er å finne på denne sida på Origo

Kvifor kan ikkje Senterpartiet og Sande mane til reduksjon i transport på veg og i luft og leggje til rette for auka kollektiv transport også i mindre byar som Florø og Førde. Gratis bybuss kunne vore fantastisk tiltak å prøve ut og hyppige avgangar. I tillegg må du drive haldningskapande arbeid og snu tankegangen til folk over på slike gode miljøløysingar. Privatbilen kan få stå og sentrum vert trivelegare, mindre hissig kjøring i rushtida og me får sosial møtestad på bussen. Dette vil heilt sikkert SV og AP støtte.

Flyreiser må verte mykje dyrare og politikarane må våge gjere “upopulere” tiltak for å nå klimamåla våre og ikkje berre tekkje dei griske, umettelege og utbyggingshissige folka i dette landet. Utvikling er så mangt og det er mange som vil nytenkjing og faktisk SLÅ AV LYSET og SPARE STRAUM og REDUSERE FORBRUKET. SP og Sande må vere med å gjere slike tiltak populære og givande for folk flest. Dei fleste har ein svært høg levestandard i landet vårt!
Korleis ser du føre deg fylket sitt kyst- og naturlandskap om 10 år med denne massive utbygginga ditt parti nå varslar?

Eg kan ikkje forstå at dette er ei av fanesakene til Sp, når ein veit at det er forbrukarane som må betale for dei såkalla grøne sertifikata. Og at produsentane skal tjene endå betre på utbygginga.
Senterpartiet er med på å framskaffe energipampa, som eg vil kalle dei.
Kva trur du kjem til å sje ute på bygda når forbrukaren må betale dyrt for straumen, samstundes som dei ser at kraftutbyggarane tjener store pengar

Astri har gode innspel både når det gjeld kollektivtrafikk og straumsparing som eg støttar fullt ut. Det står ikkje i motstrid til å produsere meir fornybar energi. Vi må gjere begge deler, og vi treng ikkje å bygge ned heile kysten – men vi må ta noko areal til slik produksjon for å bidra til at Norge og Europa går frå det fossile til det fornybare energisamfunnet. Når det gjeld biltrafikken trur eg det er rett at ein framleis har eit potensiale for å redusere denne i byane og tettstadane i fylket vårt. Vi må likevel sjå i auga at vi kjem til å trenge bilen i uoverskueleg framtid. Då må vi satse på å gjere den mest mulig klimavenleg.

Når det gjeld grøne sertifikat er det ikkje mykje vi som forbrukarar skal betale – kanskje litt i overkant av ein hundrelapp i året i frå starten av. Det trur eg vi har råd til. Samstundes vil det frigjere mykje fornybar energi som på sikt vil redusere klimautsleppa. Ein ekstrafordel er at mykje av utbygginga vil kunne kome i vårt fylke – og bety investeringar i produksjon av fornybar energi, samt kanskje industri og kompetanse, dersom vi er dyktige!

Dette er det berre dei som set med eigne kraftverk som vil tene på, ikkje den vanlige mann og kvinne i gata (eller skal vi sei i bygda).Det som kjem til å bli resultatet over tid er meir forurensing fra kolkraft i Europa, pga auka produksjon der og. Dette er ikkje noko som glopparen kan gjere noko med, det han burde gjort istaden var å jobba fram ei samla plan for små kraft i vassdraga våre. I Gaularvassdraget er det alt komt mange store “små” kraftverk, det i eit vassdrag som er verna mot utbygging. Men strategien for SP her er vel å svekke verne kriteriane slik att dei kansje får endra det vernevedtaket. Men dei grønne sertifikata er vel bestemt kjem, da er mitt forslag : bruk pengane til å finansiere sjøkabel på 420kv linja. For som det blir sagt, vi har berre ei klode. Og vi her i fylket har berre ein natur og den er det ikkje berre nokon få som skal forbruke. Den vanlige forbrukar har ikkje bruk for den linja, det er det storkapitalen her rep. ved Hydro som treng.

Annonse

Nye bilder