Djerve mål og utfordrande tiltak

I dag inviterte Bellona, i samarbeid med Senterpartiet, til høyring på Stortinget. Temaet var Bellonas klimaplan for Noreg, og kva posisjonar Noreg skal ha i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Sidan FNs klimapanel la fram si rapport, har det knapt kome ei einaste positiv klimanyhende. Snarare tvert om. Isen smeltar fortare enn dei mest alvorlege anslaga. Havet kjem til å stige endå meir enn vi trudde for kort tid sidan. Jorda tek ikkje opp like mykje CO2 lengre som vi hadde rekna med. Det einaste positive i eit temmelig dystert bilete, er at det er mogleg å gjere noko med det.

Det er lettare å sette seg djerve mål, enn å finne dei gode tiltaka. Bellona utfordrar oss med rette, og rapporten deira inneheld mange gode tiltaksforslag. Vi kan ikkje rekne med at løysinga kjem heilt kostnadsfritt. Vi er nøydd til å akseptere nokre naturinngrep for å få produsert ny fornybar energi. Vi kjem ikkje utanom kostnader til fangst og lagring av CO2, utbygging av ny fornybar energi, og liknande.

Sjølv er eg langt meir bekymra for kostnadene ved å ikkje gjere noko for å stoppe klimaendringane. Å reparere skadane – i den grad det overhovudet let seg gjere – er mykje dyrare.

Når Senterpartiet til dømes vil bruke 6-8 milliardar årleg på å få til ny fornybar energi, er ikkje dette å kaste pengar ut vindauget. Vi må skilje mellom kostnad og investering. Vi er overbevist om at Noreg fortsatt skal vere ei energistormakt. Det er ei investering for framtida å snu fokus frå sort til grønt gull.

Starten på oljeeventyret kosta nok og nokre kroner før det ga gevinst.

Vist 161 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder